Viser innlegg med etiketten pasjtunarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pasjtunarar. Vis alle innlegg

tirsdag 6. desember 2022

Sør-pasjtunane i England

 

Foto og informasjon: www.joshuaproject.net

Det er 48000 av denne folkegruppa i England. Opphavslandet deira er Afghanistan. Trass i planmessig og ganske intenst misjonsarbeid retta mot pasjtunane i England, har det ikkje blitt noko resultat. 0,00% av dei kristne. Alle er muslimar. Her trengst det mykje bøn for å riva ned dei åndelege festningsverka dei gøymer seg bak. 

Gode Herre Jesus! Det ber me om i dag, at di kyrkje skal gå til stormåtak på desse festningsverka i bøn, du ved din Ande og ditt ord skal riva murane som dei gøymer seg bak ned. Dei trur dei blir beskytta av islam, men skjønar ikkje at borga dei søkjer tilflukt i er eit fangehol. Du kom, Herre, for å setja fangar fri, og me ber i ditt namn om at pasjtunane i England skal få erfara fridomen i deg, og bli Guds barn av nåde. Bygg di kyrkje mellom dei, og må di høgre hand gjera storverk mellom dei. Send ditt tøvær over dei, og smelt hjarto deira. Det ber me om i ditt namn, amen! 





torsdag 10. februar 2022

Uzbekarar i Afghanistan

 


Informasjonskjelde: joshuaproject.org

Det er  4 460 000 uzbekarar nord i Afghanistan. 99,99% av dei er muslimar. 0,01% er kristne. Uzbekarane er eit tyrkisk folkeslag, og dei snakkar eit tyrkisk språk. Dei befolkar høgslettene nord i Afghanistan,  dyrkar jorda og driv med husdyrhald. Dei er muslimar, men praktiserer ikkje religionen så strengt som t.d pasjtunane gjer. Uzbekarane står difor i opposisjon til pasjtunane, noko som er ei stor ulempe etter at Taliban tok over kontrollen i landet. Uzbekarane lever i fattigslege kår. Jordsmonnet er skrint, og kulde og tørke trugar avlingane. 

Herre!
Sjå i nåde til uzbekarane i Afghanistan. Må den nye tida, nådens tid, også koma til dei. Må ditt ord bli forkynt for dei på deira eige språk. Opna dørar for di kyrkje inn til dei. Må Jesus stå fram for dei som verdas frelsar og alles Gud. Hjelp dei å forstå at islams lære er løgnaktig og kraftlaus. Lær dei å kalla på ditt namn, og oppleva at du på ein mektig måte svarar på bønene deira. Velsign uzbekarane i Afghanistan på alle livsområder. Gje nok reint vatn til planter, menneske og dyr, og gje området dei lever i høvelege mengder med sol og vind. Må alle barn få gå på skule og læra seg å lesa og skriva slik at dei kan skaffa seg kunnskap, bli sjølvstendige og klara seg i ei stadig meir kompleks verd. Amen! 




onsdag 9. februar 2022

Afghanistan

 


Afghanistan har i underkant av 40 millionar innbyggjarar. Det er mange folkegrupper i landet. Pasjtunarane er dominerande. Elles er det iranarar, turkmenarar, tadsjikarar, uzbekarar, hazarar, baluchar og fleire titals andre. Desse snakkar gjerne kvar sine språk. Totalt blir det snakka 41 språk. Offisielle språk er pasjtun og dari (persisk). 

Hovudstad: Kabul

Andre store byar: Kandahar og Mazar-e-Sharif

68% av befolkninga er analfabetar. 

99,9% av befolkninga er muslimar. 

Då Taliban overtok makta sommaren 2021, kom dette som eit sjokk på mange. 300000 afghanske soldatar flykta hals over hovudet for 40000 talibankrigarar, og dei som vart nedkjempa av internasjonale styrkar i 2001, kom tilbake til makta og gjeninnførte eit strengt islamistisk styre der dei demokratiske institusjonane vart oppløyste, kvinnene nekta å gå ut utan mannleg følgje. Dei vart også nekta å gå på jobb, å gå ut utan burka. Jenter kunne ikkje lenger gå på skule og for kristne vart det forbode å samlast til gudstenester og møter. Ja, det vart sett i gong reine klappjakta på dei få kristne som er i dette landet, og det blir meldt om at kristne menn er blitt avretta og kristne kvinner valdtekne og selde saman med barna sine som slavar.  Denne forfølginga pågår i skrivande stund. 

Vestlege land har frose mange milliardar dollar som tilhøyrer Afghanistan. Desse pengane brukar dei som ei brekkstong for å få Taliban å etterleva Menneskerettsfråsegna . Det har ført til fattigdom og svolt i landet. 

Afghanistan er frå kristen synsvinkel ein av dei nasjonane som i minst grad er nådd med evangeliet. Det er 48000 moskèar i landet, ikkje èi einaste kyrkje. Denne verdas fyrste eig dette landet. 

Herre Jesus! Sjå i nåde til Afghanistan. Må naudhjelp nå fram til vanlege folk slik at dei kan overleva vinteren. 

Me ber om at dei skal leva og få høyra om Jesus og koma til tru på han. 

Me ber om at det marerittet som Talibanstyret representerer må ta slutt. 

Me ber om at du skal verna dei kristne mot alle typar overgrep. 

Me ber om at befolkninga skal få tilgang til adekvat medisinsk hjelp (diare, kolera, dysenteri og lungebetennelse florerer i befolkninga og tek mange, mange liv) og til reint vatn. 

Me ber også om at mannlege legar må få ta hand om sjuke kvinner. 

Me ber også for dei ein million funksjonshemma i landet, at dei skal få omsorg og rehabilitering. 

Me ber om at opiumsproduksjonen skal måtta vika for dyrking av mat. 

Me ber om at alle barn skal få gå på skule og læra seg å lesa og skriva. 

Me ber om kyrkja di på ein eller annan måte må nå fram til dei unådde folkeslaga og enkeltmenneska i landet. 

Herre, opna du dører for evangeliet til denne for deg så kjære befollkninga. 

Me ber også om at afghanarar på flukt til andre land skal bli møtte med evangeliet og eventuelt bera det attende til heimlandet og til dei fortapte der. 

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...