Viser innlegg med etiketten Myanmar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Myanmar. Vis alle innlegg

fredag 16. desember 2022

Dr.Samson i Myanmar arrestert og nekta naudsynt medisinsk hjelp.

 

Kjelde: Voice of the Martyrs, Canada

Den 5 desember vart den høgtståande leiaren innan baptistsamfunnet i Myanmar arrestert på flyplassen i Mandalay. Han var på veg til Bangkok for å få naudsynt medisinsk hjelp. Dr. Samson er heimehøyrande i delstaten Kachin der det er ein stor prosent kristne. Denne delstaten har også gjort væpna opprør mot styresmaktene, utan av det føreligg noko prov for at Dr.Samson er med i dette. Det som ligg til grunn for arrestasjonen er at styresmaktene har høyrt på videoopptak av talane hans, og funne ut at hans forkynning av Guds ord i seg sjølv er ein påtalegrunn. 

Himmelske Far! Sjå i nåde til dr. Samson, og gje han styrke til å stå i forfølginga som no er komen over han, og me ber om at du også skal gje han naudsynt helsehjelp. Me takkar deg for ditt rikes store framgang i Myanmar, og ber om at tusen på tusen av innbyggjarane i dette borgarkrigsherja landet skal koma til tru på Jesus som Herre og frelsar. 

fredag 11. november 2022

Martyrkyrkja i Myanmar

Under den pågåande borgarkrigen har 92 kristne kyrkjer og utdanningssenter blitt øydelagde av regjeringsstyrkar. Siste åtaket skjedde 3.november på Kachin teologiske seminar. Fire kristne menn vart såra. Det var ingen andre krigshandlingar i området, noko som tyder på at åtaket var planlagt.

Kutkai township, Shan State.

Photo: Wikipedia / Saisanmyint (cc)

Herre! Me ropar til deg om lækjedom for dei fire som vart skada av dette åtaket, og for våre lidande søsken i Myanmar, at du skal styrka dei til å bera krossen sin i denne vanskelege tida, og gje dei det vernet dei treng mot menn som vil dei vondt. Hald motet opp hos dei slik at dei ikkje sluttar å vitna om deg trass i lidingane som blir påførte dei. Amen!

søndag 3. desember 2017

Dagens unådde: Suodi, Kina

Suodi er ei stamme på 240 000 menneske.
Dei er å finna sørvest i Kina, mot grensa til Myanmar.
Nokre ytterst få av dei er romersk katolske.
Dei snakkar sitt eige språk, og ingen deler av Bibelen føreligg på suodi.

Suodifolket har ein lang historie med vald, slaveri og krig.
Hovudsyssel i dag er handel, jordbruk og husdyrsdrift.
Dei er animistar og har eit komplekst og litt innvikla gudegalleri.

  • Be om at suodifolket skal bli "oppdaga" av dei mange offensive kinesiske "nykristne", og at desse skal ta ansvar for å disippelgjera dei.
  • Be om at Anden skal ta tak i tankane deira og hjelpa dei å forstå at dei er skapt av Gud, at Gud er èin og at dei er elska av den eine sanne Gud.
  • Be om at dei skal forstå at dei må bli frelst for sine synder, og at Gud gjer dei mottakelege for den frelsa han har gjeve oss mennesker i Jesus Kristus. 
  • Be om at Gud skal gjera under for dei når dei ber til han i Jesu namn. 
  • Be om at Gud skal samla dei nye truande i ei vital og sterk suodikyrkje.
  • og at denne kyrkja skal vera eit sterkt Jesuslys for heile folket
 



onsdag 9. september 2015

Myanmar



Folketal: 50,5 millionar
Hovudreligion: Buddhisme. Det er vanleg å blanda buddhismen med okkultisme.
Kristne: 4,5 millionar, og kristendomen er den raskast veksande religion.
Mange buddhistmunkar er dei siste åra vortne kristne i all stillheit. Dei studerer no evangeliet og lyttar til kristne radiosendingar.
Myanmar var i si tid ein del av det britiske samveldet. Okkupert av Japan under andre verdskrigen.
Sjølvstendig nasjon i 1948.
Inntil nyleg (2011) styrt av brutal og omsynslaus militærjunta.
Rikt på naturressursar, men vanstyreog  har ført til stor fattigdom blant folk flest.
Demokratiseringsprosess i gong, men det går seint.
Kristendomen står sterkt blant ikkje-burmesiske minoritetsfolkeslag som t.d. karenfolket.
Sentralstyresmaktene har i mange år ført regulær krig mot karenfolket.
Mange av dei har flykta til Thailand der dei lever i djup vonløyse i store leirar.
Trass i krass forfølging av kristne, spreier evangeliet seg raskt i landet.
AIDS-epedemien er omfattande, likeeins narkotikamisbruket.
750 000 barn lever i stor fare for å få eit liv i slaveri, prostitusjon og rus.
Ei bønerørsle mellom dei truande har ført til forsoning og kristen einskap.

* Be om at kyrkja blir utrusta med kraft frå himmelen til å fri ut alle som er bundne og undertrykte av djevelen. 
* Be om at kyrkja skal få leiarar med god karakter og som er dimensjonerte etter dei store utfordringane som ligg framfor dei
* Be om at vekkinga mellom dei buddhistiske munkane berre skal breia om seg og bli ei uimotståeleg kraft i samfunnet, ei bølgje som skyller folk inn til Gud
* Be om at landet skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet, at høg og låg skal venda om til Jesus og leva rettferdige liv.
* Be om at dei politiske leiarane skal underleggja seg Guds leiarskap, bli ærlege og usjølviske og ta eit oppgjer med korrupsjon, lureri, grådigheit, brutalitet og eigennytte som har prega dei i mange år.
* Be om stabile familiar som tek godt vare på barna sine.
* Be om at all kyniske forretningsverksemd som forbruker folk skal smuldra bort.
* Be om at Guds rike skal koma til det tungt prøvde rohingyafolket, og mellom dei ni hinduistiske folkeslaga i landet. 
* Be om rettferd for dei to millionar burmesiske flyktningane i Thailand. 





mandag 25. mai 2015

Rohingyafolket utsette for fælslege overgrep.


Rohingyafolket er i dag utsett for tung forfølging, og det som ser ut til å bli eit folkemord. Dei er muslimar og budd i det som tidlegare var eit sjølvstendig kongerike, Arakan, i meir enn tusen år. På 1700-talet vart dei erobra av Burma (Myanmar). Men dei har alltid vore nekta burmesisk statsborgarskap, og no driv militærjuntane dei på flukt. Den einaste vegen dei kan flykta er til havs. Der blir dei ofte drivande i vekevis for vind og vær. Mange druknar. Andre døyr av dehydrering og utmatting. Mange stader blir dei avviste. Nokre kjem til Thailand og Malysia der det no altså syner seg at dei vert drepne av menneskesmuglarar og kasta i massegraver. 139 slike er dei siste dagane funne nord i Malaysia. Den største av massegravene kan innhalda levningar etter så mange som 300 menneske.

Kongen over kongane, Herren over herrane! Me ropar til deg for Rohingyafolket i Myanmar, og for alle av dei som er drivne på flukt frå heimlandet sitt: Forbarm deg over dei. Må verda ynkast over dette folket slik at dei kan få liv og rom. Må du gripa mektig inn i denne flyktningekatastrofen, vera til stades i rohingyane sine liv, ta vare på dei, verna dei, leida dei og føra dei til trygg hamn. Du er ein Gud som er kjent for å gje framtid og von. Gje framtid og von til Rohingyafolket, og må nokon av dine trufaste påta seg og gje dei evangeliet, du som lid med dei lidanede, og som gret med dei som gråtande, og som har lidd for oss alle. Må det fælslege som no skjer med dette folket motivera kristne over heile verda til å yta hjelp langt utover det me meiner me har råd til, slik at me kan demonstrera din godleik og sympati i praktisk handling. Og så ber me om at du skal stoppa og straffa dei som påfører dette folket død, liding, sorg og smerte.

mandag 30. mars 2015

Mrufolket i Bangladesh


Me finn dette folket i grenseområdet der India, Bangladesh og Myanmar møtest. Dette er eit buddhistisk folk som i Bangladesh tel 32000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk, som også er kalla mru. Det nye testamentet er tilgjengeleg påp mru i tekst og lyd, samt Jesusfilmen. Mru er eit isolert folk. Det er mange restriksjonar på ferdsel i det ekstremt kjenslevare området dei bur i. Dei er svært fattige og har eit lågt utdanningsnivå, noko som hindrar dei i å utnytta dei rike naturressursane i området sitt. Analfabetismen er høg, og evangeliet treng å koma til dei i munnleg form. Trass i at dei er buddhistar, dyrkar dei mange gudar, inkludert høgguden Torai som etter deira oppfatning har bestemt at dei skal leva i fattidom og små kår. Dei er fanga i ei destruktiv lagnadstru.

Herre Jesus! Me ber om frelse for mrufolket i India. Send dine tenarar for å leita dei opp, lære språket deira og dela evangeliet med dei på ein spennande og fengande måte. Løft dei ut av synda, fattigdomen og passiviteten, og løys dei frå alle vrangførestellingar som religionen har lenka dei fast til, og gje dei ein sterk interesse for å læra seg lesekunsten, og gje dei leiarar som oppmuntrar til dette, og som går inn for å etablerer skular på alle nivå.   Grunnlegg så ei sterk og ekspanderande mrukyrkje som kan utprega seg med godleik, reinleik, og himmelsk kraft. Amen! 


Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...