fredag 16. desember 2022

Venezuela


Kjelde: operationworld.org

Folketal: 28 800 000 fordelt på 66 folkegrupper som snakkar 47 ulike språk. Hovudspråk er spansk. Hovudstad: Caracas. Størst religion: Kristendommen (84,5%) Over 10% er evangelisk kristne. 

Venezuela er etter eit vanvittig sosialistisk eksperiment av inkompetente leiarar blitt det fattigaste landet i Latin Amerika. Økonomien har rett og slett smelta ned, og det er mangel på alt. Politisk er Venezuela i dag eit brutalt diktatur. All opposisjon vert knebla av president Maduro. 

Venezuela er eit av dei mestproduserande oljelanda i verda. Det skulle ha lege til rette for velstand i befolkninga. Men prisnivået på olje er for lågt i dag til at landet klarer å betale ned dei enorme låna tidlegare president Hugo Chaves i si tid tok opp for å finansiera valløftene sine. Dessutan er det berre Haiti i denne regionen som har høgare korrupsjon. Alt dette fører til hyperinflasjon, og millionvis av innbyggjarane har reist frå landet, og mange prøver å koma seg bort frå elendet. 

Presidentvalet i 2018 var prega av massiv valfusk, noko som gjorde at Maduro kunne bli sitjande med makta. Men verdas rike land har etter dette innført sanksjonar mot landet. 

Men Guds rike går fram. Ikkje så fort som me har sett i andre latinamerikanske land, men jamnt og trutt, og særleg blant urbefolkninga.

Takk Gud for hans rikes framvekst i Venezuela.
Be om at denne veksten må halda fram, og smått om senn prega heile samfunnet positivt.
Be om gode leiarar for kyrkjelydane
Be om at president Maduro må bli avsett, og at det må blåsast nytt liv i dei demokratiske institusjonane.
Be om at vanlege folk må få det dei treng av mat, klede og medisinar.
Be om at nye gode leiarar må dukka opp på alle nivå i Venezuela




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...