Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 18. november 2025
Thailand
mandag 19. desember 2022
Vietnam
fredag 18. november 2022
Thailand del 1
Thailand betyr "det frie landet". Dei har aldri vore underlagt framande makter. Men trass i at thailendarane går for å vera smilets folk, er dei underlagt mørkets makter, bundne som dei er av buddhisme, fedredyrking, okkultisme og mange synder.
Be om at thailendarane må få oppleva og erfara Guds barns fridom i Jesus Kristus, og at ei bølge av vekkjing skal koma over landet.
Kyrkja i Thailand har aldri fått eit genuint thai-uttrykk. Difor opplevest evangeliet og kristendomen framand for vanlege thailendarar.
Be om at evangeliet skal bli presentert for thailendarane på ein måte som kommuniserer med dei, og som ikkje er hefta med vestleg kultur.
Be også om at det må fostrast fram sterke leiarar frå thaifolket i kyrkjelydane, at thai-sauene får thai-gjetarar.
Sexindustrien i Bangkok, Pittaya, Pukhet og Hat Yai er formidabel. Rundt rekna 10% av turistinntektene kjem frå denne skitne verksemda som førerer titusenvis av fattige jenter inn det mest nedverdigande livet me kan tenkja oss, eit liv som ofte endar i ein altfor tidleg død.
Be om at Herren effektivt må setja ein stoppar for denne businessen, og be om fridom, framtid og håp for alle sexslavar i landet. Be også om at dei som kjøper desse tenestene må kjenna på ei djup skam, venda om frå sine synder og søka nåde og frelse hos Jesus. Styresmaktene er i prinsippet imot sexhandelen, men i praksis støttar dei svineriet. Be om at dette skal endra seg slik at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte for å beskytta sin eigen befolkning mot kidnappingar, misbruk og grovt slaveri.
Det er over ein million barnearbeidarar i Thailand. Barnas rettar vert dagleg krenka på det grovaste.
Be om at det må bli sett ein stoppar for barnearbeidet i landet slik at dei unge kan gå på skule og få seg skikkeleg utdanning.
Med 700 000 smitta er HIV eit stort problem i Thailand.
Be om nåde og lækjedom for dei smitta, og be om at thailendarane må sjå samanhengen mellom denne sjukdomen og måten dei lever på, og læra seg å leva i trufaste ekteskap.
Be om at kyrkja på finna ein god strategi med tanke på å nå dei 300 000 buddhistmunkane i landet.
Det er 1,2 millionar flyktningar frå Myanmar i landet. Mange av barnearbeidarane og sexslavane vert rekruttert frå desse ulukkelege menneska som elles må leva heile liva sine i lukka flyktningeleirar. Mange kjem frå kristne folkegrupper som Karen, Chin og Shan.
Be om styresmaktene må ta FN som flyktningekonvensjon på alvor og gje flyktningane menneskeverdig behandling. Be om at Herren skal gje desse stakkars menneska framtid og håp, og at han skal beskytta dei mot menneske som berre vil dei vondt. Be om at det må opna seg vegar for dei ut av leirane og til ei betre framtid i andre land.
Det er 5,3 millionar muslimar i Thailand, 600 000 berre i Bangkok.
Be for muslimane, at kyrkja skal utvikla ein effektiv misjonsstrategi med tanke på å nå dei med evangeliet, og be om at Guds ord må råka dei i hjarta, og at Anden skal stadfesta Ordet med under og teikn som utvetydig stadfestar for dei at Jesus Kristus er Herre, og at det er Han dei må tru på for å bli frelst.
Kjelde: operationworld.org
onsdag 28. juli 2021
Japan
onsdag 24. april 2019
Dagens unådde; Japanarar i Japan

Kjelde: www.joshuaproject.net.
Det er 121 855 000 japanarar i Japan. Av desse er 1,2% kristne, kun 0,3% evangeliske. Dei snakkar naturlegvis japansk, og religiøst kombinerer dei buddhisme og shintoisme. Sistnemnde har sine røter i animismen, og japanarar trur på mange ånder, vesen som dei kallar "kami". Konfusianismen og taoismen har også bidrege til å forma japanarane si tru og sin levemåte.
Japanarane lever i stor velstand, noko som har alltid ein tendens til å tåkeleggja dei åndelege behova folk har.
Bibelen har i lang, lang tid vore tilgjengeleg for japanarane i alle format.
Herre Jesus! Du har forma japanarane til eit folk heilt utamom det vanlege, og utrusta dei med høge åndsevner med den hensikt at dei skulle tena alle verdas menneske med sin genialitet. Men dei kjenner ikkje deg, og har gjennom åra kome langt bort frå dine gode planar, tilbedd gudar som ikkje er gudar, dyrka stoltheiten og gjeve rom for verdiar som kjem frå djevelen, og bygd opp høge forsvarsmurar i tankane og kulturen sin mot kunnskapen om Kristus. Herre, bryt alt dette ned, og slå sundt alt religiøst menneskeverk som dei støttar seg til, slik at dei ikkje finn noko anna å gripa til enn evangeliet om din død og di oppstode. Gje dei ein stor tørst og hunger etter dine sanningar og etter Sanninga, som er du. Må japanarane i Japan bli eit atterfødd folk som elskar deg, ærar deg og tener deg med alt dei er og har. Amern!
søndag 24. mars 2019
Kambodsja
Folketal: 16 millionar. Folkegrupper: 42 folkegrupper. Språk: 25. Religion: Buddhisme. Prosent kristne: 3,5. Prosent evangelsike: 1,6. Hovudstad: Phnom Phen
Folket i Kambodsja lever under trykket frå eit mektig åndeleg og moralsk mørker som kjem frå dei mange avgudstempla som pregar nasjonen. Buddhismen, som alltid går mot sanninga i Kristus, har eit mektig grep på menneska der. Berre bøn kan løysa dei. Narkotika og sex-handel er svært utbreidd, og alt dette er kraftige saker som lenkar mange kambodsjararar til demoniske krefter. Kriminelle utnyttar stor grad sårbare og vergelause barn og unge i denne djevelske industrien.
Kyrkja i Kambodsja vart nesten utrydda under folkemordet frå 1976 til 1979. Denne redselstida dreiv millonvis på flukt, og i flyktningeleirane var det mange som søkte Jesus, og vekkinga i flyktningeleirane danna grunnlaget for den sterke kyrkjeveksten me kan sjå i Kambodsja i dag. Kyrkja er i dag å finna i alle dei 19 provinsane.
Kyrkja nyt i dag godt av stor religionsfridom.
- Be om at lyset frå evangeliet skal opplysa kvart menneske i dette landet, og avsløra vondskapen og løgnene i strukturar og tankebygningar som blir oppfatta som sanne og gode.
- Be om fortsatt religionsfridom.
- Be om at såra frå folkemordet på 70-talet skal gro, at nasjonen skal bli gjennomsyra av Guds kjærleik og nåde. Mange av dei som var med på massakrane på dødsmarkene er i dag trufaste disiplar av Jesus Kristus.
- Be om at barn og unge skal bli forsvarleg disippelgjort
- Be om at visjonen om ei levande kyrkje i alle landsbyar innan 2021 må lukkast
- Be om godt politisk leiarskap
- Be om velsigning over alt godt og rettferdig næringsliv
- Be om at det skal vera liv laga for alle dei gode bibelskulane i landet, og at mange unge må søkja seg dit.
- Be om einskap mellom dei kristne
Lao Phuan i Laos
Folketal 141000. Språk: Phuan. Bibeloversetting påkrevd. Religion: Buddhisme.
Lao Phuan er eit venleg og gjestfritt folk som elskar å skipa store familiar. Dei har anene sine i Kina, men kom til Laos så tidleg som for 1000 år sidan. Buddhismen står langt frå kristendomen i verdssyn, og Lao Phuan vil ha vanskar med å forholda seg til Guds sanningar i Bibelen.
Kjære Herre Jesus! Me ber i dag om at lyset frå evangeliet skal lysa også for Lao Phuan, og at Anden som du har gjeve oss skal hjelpa dei å forstå at dei er syndarar som treng frelse, og at denne frelsa er i deg åleine. Me ber om at det skal bli starta opp bibeloversetting i Phuanspråket slik at dei kan får høyra at du snakkar til dei på deira eige språk. Gjer under og teikn mellom dei som beviser evangeliet for dei. Må deira sans for familie hjelpa dei å forstå at det viktigaste i livet er å vera ein del av DIN store familie. Herre, miskunna deg over Lao Phuan-folket, i ditt eige namn. Amen.
mandag 11. mars 2019
Butan
Det er "dragens land", eit buddhistisk kongedøme
Areal: 47000 km2. Folketal: 766 397.
Religion: Buddhisme (lamaisme) og hinduisme. 2,11 % kristne (2010). Over 3% årleg vekst.
Butan var stengt for all kristen misjon fram til 1965. Så vart det opna, i alle fall til ein viss grad. Sidan 1990 har restriksjonane auka på att. Då styresmaktene såg krafta i kristendomen, vart dei engstelege, og det er i dag heftige forsøk på å stoppa den kristne veksten, men det ser ut som om kyrkja er komen for å bli.
Kristne er forfølgde på ulike måtar. Det er forbode å byggja kyrkjehus, kristne vert fråtekne statsborgarskap, gratis utdanning og helsehjelp, dei vert sparka frå jobbane sine og nekta tilgang til elektrisitet og vassforsyning. I tillegg vert dei tidvis hersa med og slått. Men dei truande let seg ikkje stoppa.
- Takk for at kyrkja i Butan som står fast midt i alle vanskane som vert påført henne, og for den truskapen dei kristne syner mot evangeliet og mot Jesus.
- Be om at dei truande må halda saman i tette fellesskap, og at dei må få den styrke og utrustning som dei treng for å stå faste i stormen, og for å disippelgjera folket sitt.
søndag 5. november 2017
Sri Lanka, "Perla i Det indiske hav".
21 mill innbyggjarar
Hovudstad: Colombo (683000)
75,9% singalesarar
14,3% tamilar
Språk: Singalesis og tamil.
Totalt 7 språk.
Heile Bibelen: 3. NT: 1 Bibeldeler: 1
Religion: 70% buddhisme, 13% hinduisme, 8,5 % islam, 8,3% kristne (6,1% romersk katolske , 2,2% er protestantiske. Desse opplever betydeleg vekst)
Sri Lanka har ein lang historie som går attende til 600-talet før Kristus då dei første singalesarane kom til øyriket. Buddhismen kom til øya rundt 250 f.Kr. På 1400-talet vart det første tamildynastiet etablert i nord. Landet har vore portugisisk, nederlandsk og engelsk koloni (1796), og vart styrt direkte frå London frå 1815 fram til 1948 då landet fekk sjølvstende og vart eit paralmentarisk demokrati.
Frå 1983 til 2009 rasa det ein bitter borgarkrig mellom singalesarar og tamilar, ein kamp der dei tamilske tigrane måtte gje tapt.
Grøderikt land der 43,5% av arealet er dyrkbart.
Næring: Tekstilindustri. Turisme. Te-produksjon. Mange jobbar i andre land.
Takk Gud for
- fred mellom singalesarar og tamilar
- framgang for evangeliet
- framveksten av kyrkjelydar drivne og leia av nasjonale og innfødde kristne
- at såra etter borgarkrigen vert lækte
- at freden mellom folkegruppene vert utdjupa og varig
- at kloke politiske leiarar som veit kva som skal til for dette skal skje
- at styresmaktene skal jobba for openheit, rettferd og for rettferdig representasjon for dei ulike gruppene i parlamentet.
- at dei skal verna folks økonomiske, politiske og religiøse rettar
- at tidlegare LTTE-krigarar skal reintegrert i samfunnet
- vern for kvinner som jobbar "oversaes".
- at "mainline"-kyrkjene skal oppleva Andens fornying slik at at tilbakegang vert snudd til framgang
- fortsatt vekking og vekst mellom dei evangeliske
- at evangeliet skal gjennomsyra heile samfunnet
- at kyrkjene skal bli velsigna med godt leiarskap, og at dei truande skal bli forsvarleg disippelgjort
- at kyrkjene skal stå tett saman i å oppfylla misjonsbefalinga i heimlandet, at dei legg opp ein felles sterk strategi for å nå høge misjonsmål
- kvalitet i utdanninga av kristne leiarar
- barnearbeid i tekstilindustrien
- forfølging og diskriminering av kristne
- buddhismens dominans
- korrupsjon og nepotisme
- rasisme og etnisk diskriminering
onsdag 16. august 2017
Gromafolket i Kina
I sikkimfolket som lever nær gromafolket er det levande kristne kyrkjer.
Det har vore gjort fleire forsøk på å misjonera dei, men alle forsøk har enda i forfølging og martyrium. Her trengst det uthaldande bøn frå Guds barn.
Gode Gud! Takk at også gromafolket skal haustast inn i ditt rike, og me ber om at kallar kyrkja di til å be for dei, og trufaste, varme og åndsfylte kristne til å vigsla liva sine til å vinna dei for deg. Gjer deg kjent for dei som Skapar og Far, og kast ditt mektige lys innover liva deira slik at dei forstår at dei er fortapte syndarar som treng den frelse du har fullført gjennom Jesus Kristus.
tirsdag 10. mai 2016
Nepalesarar i Burma
Nepalesarar er hardt arbeidande risbønder, terrassebyggjarar av stort format.
Religion: Hinduisme. Verdssynet deira er radikalt annleis enn det me finn i Bibelen.
Det er i underkant av 300 000 nepalesarar i Burma.
Dei snakkar nepalesisk, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Det er ei kraftfull vekkjing på gang i Nepal. Men denne har desse ingen del i.
Kjelde: joshuaproject.net
Gode Gud! Me ber om at du i din nåde skal ta deg av nepalesarane i Burma. Dra hjarto deira mot deg. Fri dei frå mektige religiøse åndsmakter som bind dei til hinduismen, og som held dei bort frå di frelse i Jesus Kristus. Vekk i dei interesse for Bibelen, og send arbeidarar ut til din haust i dette folket. Må truande nepalesarar frå Nepal strekka seg ut etter frendane sine i Burma for å gje dei del i Kristi rikdom. Amen!
onsdag 9. september 2015
Myanmar
Folketal: 50,5 millionar
Hovudreligion: Buddhisme. Det er vanleg å blanda buddhismen med okkultisme.
Kristne: 4,5 millionar, og kristendomen er den raskast veksande religion.
Mange buddhistmunkar er dei siste åra vortne kristne i all stillheit. Dei studerer no evangeliet og lyttar til kristne radiosendingar.
Myanmar var i si tid ein del av det britiske samveldet. Okkupert av Japan under andre verdskrigen.
Sjølvstendig nasjon i 1948.
Inntil nyleg (2011) styrt av brutal og omsynslaus militærjunta.
Rikt på naturressursar, men vanstyreog har ført til stor fattigdom blant folk flest.
Demokratiseringsprosess i gong, men det går seint.
Kristendomen står sterkt blant ikkje-burmesiske minoritetsfolkeslag som t.d. karenfolket.
Sentralstyresmaktene har i mange år ført regulær krig mot karenfolket.
Mange av dei har flykta til Thailand der dei lever i djup vonløyse i store leirar.
Trass i krass forfølging av kristne, spreier evangeliet seg raskt i landet.
AIDS-epedemien er omfattande, likeeins narkotikamisbruket.
750 000 barn lever i stor fare for å få eit liv i slaveri, prostitusjon og rus.
Ei bønerørsle mellom dei truande har ført til forsoning og kristen einskap.
* Be om at kyrkja blir utrusta med kraft frå himmelen til å fri ut alle som er bundne og undertrykte av djevelen.
* Be om at kyrkja skal få leiarar med god karakter og som er dimensjonerte etter dei store utfordringane som ligg framfor dei
* Be om at vekkinga mellom dei buddhistiske munkane berre skal breia om seg og bli ei uimotståeleg kraft i samfunnet, ei bølgje som skyller folk inn til Gud
* Be om at landet skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet, at høg og låg skal venda om til Jesus og leva rettferdige liv.
* Be om at dei politiske leiarane skal underleggja seg Guds leiarskap, bli ærlege og usjølviske og ta eit oppgjer med korrupsjon, lureri, grådigheit, brutalitet og eigennytte som har prega dei i mange år.
* Be om stabile familiar som tek godt vare på barna sine.
* Be om at all kyniske forretningsverksemd som forbruker folk skal smuldra bort.
* Be om at Guds rike skal koma til det tungt prøvde rohingyafolket, og mellom dei ni hinduistiske folkeslaga i landet.
* Be om rettferd for dei to millionar burmesiske flyktningane i Thailand.
onsdag 5. august 2015
Sør-Korea
Historisk har landet ofte vore okkupert av nabonasjonar, sist av Japan frå 1910 til 1948.
Frå 1987 har Sør Korea hatt eit demokratisk styresett.
Religiøst har konfucianismen og buddhismen stått sterkast. Dette er ein arv frå Kina. Men i dag er kristendomen den største religionen, men mange har ingen religion i det heile tatt.
Landet har vore velsigna med åndeleg vekking i mange tiår (vekkinga starta i 1907 i Pyongyang, hovudstaden i dagens Nord-Korea), og i dag er det 15 millionar kristne i landet, av desse tilhøyrer 8,2 millionar evangeliske kyrkjesamfunn. Mange av kyrkjelydane er veldig ivrige, og i dag kan du finna koreanske misjonærar over heile verda. Seks av dei ti største kyrkjelydane i verda finn med i Sør Korea.
Kyrkja i Sør Korea har vore bygd opp som eit resultat av bøn. Dei truande i landet er kjente for å stå opp tidleg om morgonen for å samla seg til bøn kl 05.00. Denne praksisen har løyst ut mektige himmelkrefter over nasjonen. I dette har dei vore eit førebilete for alle kristne i heile verda.
Likevel er det sekularismen som breier seg snøggast i landet i dag. Den kristne vekkinga har stansa opp, og økonomisk velstand ser ut til å sløva folks åndelege lengsel og gjera dei mindre årvakne.
Det er gjennom dei siste åra vorten eit stadig større gap mellom rike og fattige i landet. Den moderne konkurranseprega tida med aukande krav og forventningar om å vera vellukka, har ført til aukande sjølvmordsrate, raskt veksande sex-industri, gulltid for dei som held på med plastiske operasjonar og aukande mengde underhaldningsvald i media. Mange, mange er internettavhengige.
Be om at Gud reinsar kyrkja si i Sør Korea for materialsime, karrierejag og juks, og frå folk som utøver makt til eigen fordel.
Be om kyrkja i staden blir fylt av Kristi kjærleik og Andens kraft, slik at vekkinga kan ta ny fart.
Be om visdom til leiarane i landet, og om rettferd for dei mest sårbare gruppene i folket.
Be om at kristne verdiar som ærlegdom, måtehald, rettferdig fordeling, likeverd og miskunn skal gjennomsyra heile samfunnet.
Be om at landet skal vera i stand til å gjennomføra ein god gjenforeningsprosess med Nord-Korea når tida er inne for det.
onsdag 15. oktober 2014
Tu-folket i Kina
Tufolket er buddhistar. Sjølve gruppa tel 247000 menneske. Dei bur i nordvest-Kina, opp mot fjellheimen i Himalaya, og kjenner djupt slektskap med tibetanarane, både religiøst og etnisk. Dei snakkar sitt eige språk, og ingen deler av Bibelen er omsett til tu-språket. Jesus Kristus er totalt ukjent for desse menneska. Dei lever i det djupaste åndelege mørkret. Sjamanisme er sentralt i liva deira, og under den årlege Nadunfestivalen spiddar eit tu-medium seg med 12 jernspikrar, og blir innteken av åndene til guden Erlang, djup okkultisme.
Kjelde: joshuaproject.net
Kjære Herre Jesus! Du er Gud for alle menneske, også for tu-folket i dei kinesiske fjella. Me ber i ditt namn: løys dei frå alle djevelens lenker, og frå den buddhistiske forståinga av livet Må ditt ord nå dei, og din Ande koma over dei og frelsa dei inn i ditt gode rike. Send dine trufaste vitner til dei, vitner med utrustninga til å formidla frelse og lækjedom til dette folket, og samla dei i levande og sterke kristne kyrkjelydar. Velsign tufolket på alle livsens områder i ditt namn. Amen!
lørdag 9. august 2014
Laos
Laos ligg mellom Thailand og Vietnam, har 7,6 millonar innbyggjarar fordelt på 143 folkegrupper som snakkar 89 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 5, NT til 5 og i tillegg er deler av Bibelen tilgjengeleg på 13 språk. Største folkegruppe er lao-thai. Andre store er mon-khmer og hmong-mien.
Laos har eit kommunistisk regime som kom til makta i forlenging av Vietnamkrigen i 1975. Forfølging av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det har letna litt, men framleis kjem det bølger av arrestasjonar. Men tøffast er det lokalt der kristne vert utsette for sterkt sosialt press. Utbreidd okkultisme generer sterk demonisk motstand. Dei fleste menneska i Laos er buddhistar/animistar, og religionen ser ut til å koma sterkt attende etter mange år med kommunistisk undertrykking og antireligiøs propaganda. 3,4% er kristne, men veksten i kyrkjelydane er på heile 5,7% årleg. Særleg har responsen vore god i hmong-folket. Det er eit mirakuløst verk av Den heilage ande utløyst av dedikert bøn frå truande som er heilt avhengige av Gud. Likevel er dei aller fleste laotarar totalt ukjende med Jesus og vegen til frelse. Dette botnar i stor grad i språklege barriererar. Det er eit absolutt behov for bibelomsetting i 31 språk, i tillegg kan det vera naudsynt med omsetting til 26 andre.
Det er forbode for utlendingar å driva misjon i Laos, men det vert gjort eit stort arbeid med å nå befolkninga gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel, Jesusfilmen, smugling og spreiing av biblar og annan kristen litteratur.
Gode Gud! Takk for at di frelse når fram til så mange menneske i Laos, og for alle truande i dette landet som tener deg med stor iver trass i alle faremoment. Må lyset ditt nå fram til alle folkegrupper og avkrokar i dette landet, og kyrkja di slå rot i alle byar og landsbyar. Må Bibelen bli tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Utruast kyrkja di med sterke nådegåver slik at under og teikn skjer mellom og gjennom dei kristne, at folk bli fridd ut frå sjukdomane sine og frå demonar som bind og plagar dei, og me ber om at ordet ditt skal trenga gjennom til folk, løfta dei opp og endra deira mentalitet og livsfilosofi. Må alt godt strev med å nå befolkninga i Laos gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel og litteraturspreiing lukkast. Så ber me om at det komministiske regimet skal smuldra opp, og om fridom for laotarane på alle livsens områder.
| Det er 5000 buddhistiske tempel i Laos og ei røys med buddhafigurar. Her er den vidgjetne sovande Buddha. Karmatrua har gjeve laotarane eit passivt preg. |
Keep the faith alive in me
Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Kong Harald 1937-2026 Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast,...







