fredag 23. desember 2022

Dagens nasjon: Zambia

 

Kjelde: operationworld.org

Folketal: 19 mill fordelt på 74 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Religion: 87% kristne. 26% evangelisk kristne. I 1960 var 3,8% av befolkninga evangeliske. Evangeliet har slått stadig djupare røter i heile samfunnet, og i 1990 vart det bestemt at Zambia skulle vera eit kristent land med full trusfridom for alle andre religionar. Landet er blitt ei fredeleg øy mellom nasjonar der det er mykje uro. Men trass i framgang for Guds rike, er det mange overfladiske kristne som syslar med okkulte ting som opnar for at fienden kan koma inn og øydeleggja i liva deira. Og det skjer. 

Be om at Zambia skal bli ein nasjon som i sanning ærar Gud, ikkje berre med munnen, men med hjarta. 

86% av befokninga lever under fattigdomsgrensa. Nesten 50% av barna er underernærte. 40% har tilgang til reint vatn. I byane er 90% analfabetar. HIV/AIDS er eit megaproblem. 

Be om at styresmaktene tek alvorleg tak i fattigdomsproblemet, at dei startar ein prosess med å utdanna folket og byggja landet. Be om at korrupte leiarar som fyller sine eigne "magasin", vert avslørte, straffa og fjerna frå makta og erstatta med rettsindige folk som fryktar Gud og hatar urett vinning. 

Be om at zambiarane tek eit oppgjer med seksuell umoral, og lærer seg å leva avhaldande eller trufast halda seg til ektefellen sin. 

Dei lærde ser liten framtid i å bli i Zambia. 

Be Gud om å stoppa "hjerneflukten" frå landet. 

Det er ein enorm mangel på kristne leiarar og lærarar

Be Gud om å reisa opp og utrusta ein hær av nye unge til å ta leiaransvar i kyrkja, fordjupa seg i Bibelen og forkynna Guds ord til tru og liv for folk. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...