Viser innlegg med etiketten Uganda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uganda. Vis alle innlegg

tirsdag 29. november 2022

Dagens unådde. Aringa i Uganda

 

Foto og tekst: joshuaproject.net


Denne stamma tel 658000 menneske. 88% av dei er muslimar. 1,8% kristne. Dei lever nordvest i Uganda, og livnærer seg av husdyrhald og jakt. Aringafolket var utsett for slavehandel og grov undertrykking frå 1822 til 1919. Men heilt opp til vår tid har liva deira vore prega av herjande røvarbandar som har påført dei uendeleg med sorg, smerte, fattigdom og naud. Så seint som i 2001 og 2004 vart misjonærar som arbeidde i Yumbe, som er namnet på heimeområdet deira, brutalt drepne av slike bandar.  I dag er det fred og samarbeid som pregar liva deira, og fleire av dei har begynt å handla varer med kundar i Sør-Sudan.
Det nye testamentet er oversett til aringa, og Det gamle testamentet er i ferd med å bli oversett.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt hjarta for dette medherja folket. Dei har lidd stoer tap, og minna deira er mørke. Må ditt lys no fløyma over dei så dei får smaka din kjærleik, di frelse og din lækjedom. Reis opp kyrkja di i dette folket slik at ditt rike vinn terreng og folket kan bli disippelgjort. Me ber i ditt namn. Amen! 



Uganda, del 1

 

Bilde og tekst: operationworld.org


Folketal: Vel 47 millionar fordelt på 67 stammer som snakkar 45 språk. Offisielt språk er engelsk og swahili. Hovudstad: Kampala. 84,7% er kristne. Dei fleste anglikanarar, mange er katolikkar (Uganda var lenge engelsk koloni). 37% er evangelisk kristne. Berre 1% av befolkninga er unådd. 

Mellom 10 ig 15% av befolkninga er muslimar, og desse har ein sterk vekst. Animismen er i tilbakegang reint statistisk. Men folk har mykje animisme med seg inn i kyrkja, og magi, trolldom, fetisjisme og hekseri påverkar måten kristne tenkjer om Gud og verda på, og gjev opning for at vonde ånder dominerer i liva deira. 

Be om at evangeliet om Jesus må vekka gjenklang hos muslimane, at islams framvekst må stoppa opp og at folk vert løyste frå åndsmakter som held dei bundne til falske "gudar", løgntankar og eit syndig livsmønster.  

Vekking og kyrkjevekst har pågått kontinuerleg sidan 1986. Uganda har ei sterk bønerørsle, og det er eit sterkt evangelikalt nærvær i den offisielle ugandiske kyrkja (angelikansk), og det går ei åndeleg fornyingsrørsle over Den romersk katolske kyrkja i landet. Mange reknar landet for å vera den mest kristne nasjon i verda. Offentleg bøn er vanleg både i regjeringa og i rettspleien, og dei fleste er aktive i kyrkjelyd. Den største veksten er å finna mellom pinsevener og karismatikarar. 

Be om at Jesu karakter skal avspeglast i kyrkja og i nasjonen som heilskap. Ein skulle forventa at eit land med så mange aktive kristne skulle reflektera verdiane i Guds rike på ein sterkare måte enn det Uganda gjer. Ofte trengst det vekking i vekkinga. 

HIV/AIDS har vore eit gigantisk problem i Uganda, og mange barn er blitt foreldrelause pga denne epedemien. Styresmaktene har teke tak, og fått redusert talet på nye smitta personar kraftig, aller mest fordi folk har endra seksuallivet og har lært seg å halda det innafor ekteskapet mellom mann og kvinne.  Men no er det på veg opp igjen.

Be om at folk må endra åtferd fordi hjarto deira er endra, at dei rette vala kjem som eit resultat av at folk har fått det rett med Gud. 

Trass i at Uganda har ei så stor og levande kyrkje, er misjon utover landegrensene svært avgrensa. 

Be om at nauda for dei fortapte også i andre land må gripa hjarto til dei truande slik at Uganda blir eitt av dei leiande misjonslanda i Afrika. 







onsdag 14. januar 2015

Afrika 2. Hot Spots



SÅ mykje godt skjer i Afrika.
Men det er også nokre alvorlege problem som me skal fokusera på idag. Dei kallar på våre bøner.

1) Be Gud om å stoppa etniske konfliktar som det er mange av i Afrika. Dei flammar opp med  visse  mellomrom. Då er raseriet demonisk og mange. mange døyr på ein brutal måte. 

2) Be Gud om å stoppa "Herrens motstandshær" i Uganda som spreier død i mange land. Dei brukar barnesoldatar, praktiserer lemlesting og driv med bortføring og slaveri.

3) Be Gud om å stoppa Boko Haram som terroriserer heile Nord-Nigeria. Eit menneskeliv er lite verd i deira augo.  Be om at dei som forar dei med våpen også skal avslørast.

4) Be om rettferdige leiarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, menn og kvinner som vil handla rettferdig og som besluttsamt og klokt jobbar for å stoppa og hindra krigar og konfliktar.

5) Be også for dei mange som har fått liva sine knuste i dei mange konfliktane at Gud bøyer seg ned til dei, løftar dei opp slik at dei kan byggja opp att det som no ligg i grus.

6) Be om at Somalia vert attreist som ein nasjon der det også er rom for Guds evangelium. I dag er landet eit uoversiktleg klansamfunn, og klanane ligg i krig med kvarandre for å kunna ta makta i landet. Det er ein knusande strategi. Hatet er djupt mellom folk, og i særleg grad til kristne som det kanskje berre finst nokre titals att av.

7) Be om at Gud ser i nåde til dei mange AIDS-sjuke. Det døyr 8000 menneske av denne forferdelege sjukdomen kvar dag.

8) Be om at folk lærer seg å ta avstand frå seksuell promiskuitet (som spreier AIDS-epedemien effektivt) og lærer seg å kun leva saman med ektefellen sin. Det vil raskt kunna stansa denne epedemien.

9) Be også om at det skal vera tilstrekkeleg hjelp å få for dei mange foreldrelause barna som har kome i forlenginga av AIDS-epedemien. 

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...