Viser innlegg med etiketten Menneskerettsfråsegna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Menneskerettsfråsegna. Vis alle innlegg

fredag 23. januar 2026

Rektorar i Bømlo nektar kristent lagsarbeid på skulane sine

Bømlo (Moster) er kristendomen si vogge i Noreg. No nektar rektorar på ungdomsskulane i kommunen (sist på Mostar skule) elevar å driva kristent lagsarbeid på skulane.

Dette har ingen pålagt desse rektorane å gjera. Dei har lagt det på seg sjølv. Sjansen for at deira eigen trusposisjon då spelar inn i avgjerda, er stor. Og det er uheldig.

Å nekta elevar å samlast til andakt i eitt friminutt i veka, er sjølvsagt å avgrensa den retten som Menneskerettsfråsegna gjev dei til å praktisera trua si, også i det offentlege rom. Artikkel 18 i Menneskerettsfråsegna er krystallklår:

«Einkvar har rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Denne rett omfattar fridom til å skifte religion eller tru, og fridom til anten ålene, eller sammen med andre, og offentleg eller privat, å gje uttrykk for sin religionen eller trua si gjennom undervisning, praksis, tilbeding og ritualer.»

Denne fråsegna er, i følgje Grunnlove § 2,  ein del av verdigrunnlaget for den norske stat, og dermed for den norske skulen.

I tillegg markerer §2 i Grunnlova betydninga av den kristne og humanistiske arv. Kristent skulelagsarbeid må jo seiast å fremja desse verdiane, og slik hjelpa lovgjevar med å nå sine mål, og ved å nekta elevane å samlast for å be og dela trua si med kvarandre, motarbeider desse rektorane sin eigen arbeidsgjevar. 

I grunnskulen skal det undervisast om verdien av menneskerettane. Då er det underleg at rektorane i praktisk liv tek desse rettane frå elevar som ønskjer å ha kristent fellesskap ein halvtime i veka. 

Gode Gud! Me går i Jesu namn mot alle som forbyr kristne unge menneske å samla seg for å tilbe deg og styrka kvarandre i trua. Me ber om at det skal koma eit forbod  frå sentralt hald mot slike forbod i skuleverket. Amen! 

mandag 28. november 2022

 

Kart: Wikipedia


14 av 28 delstatar i India har no innført  strenge antikonverteringslover som råkar kristne, muslimar og andre religiøse minoritetar. Desse lovene vert støtta av det hinduradikale regjeringspartiet BJP som ønskjer at hinduismen skal vera einerådande i landet. Kristne som driv skular og sjukehus vert no mistenkte for å bruka desse institusjonane som lokkemiddel inn i kristendomen. No har 21 menneskerettsorganisasjonar, inkludert Amnesty International, sendt ei fråsegn til indiske styresmakter som fordømmer auka vald mot religiøse minoritetar, hat-snakk og desse antikonverteringslovene som er eit grovt brot på Menneskerettsfråsegna artikkel 18. 

Gode Gud og Far! Me takkar deg for kyrkja i India, og den framgang som ditt rike har hatt i dette landet dei siste åra. No ber me, i Jesu namn, om at all den motstand dei truande møter ikkje skal skremma dei til togn. Fyll dei med Ande og kraft slik at dei forkynner med frimot midt i alle dei vanskane som styresmaktene legg i deira veg. Så ber me om at denne fråsegna som no er sendt til styresmaktene skal gjera så pass inntrykk av dei endrar kurs, og forstår at dei som demokratisk stat må vaka over menneskerettane om dei skal bli rekna med i det gode selskap. 

tirsdag 24. januar 2017

Indisk evangelist råka av alvorleg hjerneblødning etter langvarige politiavhøyr

K A Swamy (47) jobbar som ingeiør i den indiske byen Hyderabad i delstaten Telangana (kart). Han er ein djupt overtydd kristen, og brukar fritida si på å spreia biblar og annan kristen litteratur for Gideon bibelselskap. Mange gongar har han vore arrestert og teke inn til avhøyr. Slik også den 21 januar då han evangeliserte i nærleiken av eit hindutempel i byen. Ein gjeng med sinte hinduar greip tak i han og førte han til politistasjonen. Dei meinte at han hadde brote "anti-konverteringslova" som gjeld i delstaten.
Swamy vart avhøyrt i seks timar, og denne gongen vart påkjenninga for stor for han. På vegen heim frå politistasjonen fekk ein kraftig hjerneblødning. Swamy ligg framleis i koma og blir behandla på eit lokalt sjukehus. Kona hans Sujatha ber oss alle om å be for mannen hennar, og med dette er oppfordringa gjeven. Be om at Herren Jesus skal koma til han, berøra han og lat si lækjande kraft strøyma inn i kroppen hans

TelanganaMange statar i India har lover som forbyr kristne å forsøka å omvenda hinduar, og fleire diskuterer å innføra slike lover som undergrev §18 i Menneskerettsfråsegna.

Dei siste åra har det vore aukande forfølging av kristne i India, truleg som eit resultat av at mange, særleg kastelause, no vender seg til Kristus med liva sine. Dei radikale hinduistiske gruppene ser i aukande grad kristendomen som eit trugsmål mot indisk religion og kultur, og vil gjerne stoppa den kristne vekkinga med makt, og India har dette siste året klatra til 15.plass på Opne Dører si World Watch List som rangerer dei 50 nasjonane i verda der forfølging av kristne er verst.

Be om at vekkjinga i Inda skal gå fram med uforminska styrke i tida som kjem, ja, med større kraft enn verda nokon gong har sett i dette landet.
Kjelde: World Watch Monitor

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...