Viser innlegg med etiketten Hugo Chavez. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hugo Chavez. Vis alle innlegg

fredag 16. desember 2022

Venezuela


Kjelde: operationworld.org

Folketal: 28 800 000 fordelt på 66 folkegrupper som snakkar 47 ulike språk. Hovudspråk er spansk. Hovudstad: Caracas. Størst religion: Kristendommen (84,5%) Over 10% er evangelisk kristne. 

Venezuela er etter eit vanvittig sosialistisk eksperiment av inkompetente leiarar blitt det fattigaste landet i Latin Amerika. Økonomien har rett og slett smelta ned, og det er mangel på alt. Politisk er Venezuela i dag eit brutalt diktatur. All opposisjon vert knebla av president Maduro. 

Venezuela er eit av dei mestproduserande oljelanda i verda. Det skulle ha lege til rette for velstand i befolkninga. Men prisnivået på olje er for lågt i dag til at landet klarer å betale ned dei enorme låna tidlegare president Hugo Chaves i si tid tok opp for å finansiera valløftene sine. Dessutan er det berre Haiti i denne regionen som har høgare korrupsjon. Alt dette fører til hyperinflasjon, og millionvis av innbyggjarane har reist frå landet, og mange prøver å koma seg bort frå elendet. 

Presidentvalet i 2018 var prega av massiv valfusk, noko som gjorde at Maduro kunne bli sitjande med makta. Men verdas rike land har etter dette innført sanksjonar mot landet. 

Men Guds rike går fram. Ikkje så fort som me har sett i andre latinamerikanske land, men jamnt og trutt, og særleg blant urbefolkninga.

Takk Gud for hans rikes framvekst i Venezuela.
Be om at denne veksten må halda fram, og smått om senn prega heile samfunnet positivt.
Be om gode leiarar for kyrkjelydane
Be om at president Maduro må bli avsett, og at det må blåsast nytt liv i dei demokratiske institusjonane.
Be om at vanlege folk må få det dei treng av mat, klede og medisinar.
Be om at nye gode leiarar må dukka opp på alle nivå i Venezuela




søndag 17. desember 2017

Venezuela

Kjelder: CIA World Factbook.
Pray for the world (Patrick Johnstone)
Folketal: 31 304 016 (juli 2016)
912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1% dyrkbar jord.
Språk: Spansk. Totalt: 47 språk
Religion:  25 millonar kristne. 3,1 millionar av dei er evangeliske.
Det evangeliske gjennombrotet kom til landet først på 1980-talet.
Det føregår i dag ein omfattande kyrkjeplanting, og den årlege veksten på nye kristne blant nokre av urinnvånarane er så stor som 10% .

Venezuela er eitt av dei mest vanstyrte landa i verda. Trass i store olje og gassreservar (verdas 4. største oljeprodusent), lever folket i den djupaste fattigdom og manglar tilgang til heilt vanlege daglegvarer. Inflasjonen i landet er galopperande, Mange reiser til Colombia for å handla mat og medisiner, og banale men viktige ting som bleier. 60% av venezuelanarane lever i slum. Men akkurat DET er ikkje av ny dato. Den siste tids nedgang starta med at sosialisten Hugo Chaves kom til makta i 1999, og vart erstatta med Nicolas Maduro i 2013. Sosialistregimet til desse to karane har bygd ned alle demokratiske instituasjonar, fjerna ytringsfridomen og fengsla opposisjonelle. Regjeringa fører ein streng priskontroll som effektivt hindrar alle investeringar frå folk som driv forretning. Styresmaktene kveler næringslivet, slik som tilfelle var i Sovjetunionen i "hine hårde dager". Det høyrer også med til bilete av sidan år 2000 har over ein million frå øvre-middelklasse emigrert, vel utdanna og flinke folk.  Denne "hjerneflukten" har hatt uoverskuelege negative følgjer for landet. No flyktar også folk som står lågare på rangstigen og søkjer asyl i nabolanda. Det er stor uro i landet, og titt og ofte er det fare for ein djupare og meir omfattande valdeleg konflikt.

  • Be om at Gud skal intervenera og berga landet frå blodig konflikt, djup splitting og store ulukker.
  • Be om at han må fjerna dei inkompetente leiarane som  no sit ved spakane.  Me ser no at det veks fram leiarar med politisk talent mellom dei evangeliske. Be om at desse må få innflytelse, og at dei skal vera med å byggja opp solide demokratiske institusjonar. 
  • Takk for den store kyrkjeveksten mellom dei evangelisk kristne dei siste åra, og be om at Gud skal halda fram med å fremja sitt verk.
  • Be om at nye kristne skal innlemmast i levande kyrkjelydar, bli utrusta med Andens gåver og få forsvarleg disippelopplæring. 
  • Be om at den katolske kyrkja skal venda seg bort frå alt avguderi og at katolikkane skal kasta helgenane på båten og halda seg til Kristus åleine. 
  • Be om at Anden skal ausast ut over alle venezuelanarar, og landet skal bli bada i Guds lys, og at folks hjarto skal vendast mot Gud i lovprisning og forløyst glede. 
  • Be om at folket skal bli transformert av Den Heilage Ande, at kriminelle skal endra levemåte og bli rettsindige, ærlege og rause menneske som vernar sin neste og ikkje trugar han. 
  • Be om at dei mange som rusar seg skal bli edruelege.
  • Enorme mengder kokain passerer gjennom Venezuela på veg mot Europa. Be om at denne trafikken skal stoppast i Jesu namn. 
  • Okkultismen er omfattande i Venezuela (85% av befolkninga er involvert) som elles i Latin Amerika. Be om at Gud skal løysa dei okkulte frå djevelens makt og reinsa landet for slikt som berre nedkallar destruksjon i folks liv. 
  • Seksuelt misbruk av barn er omfattande, likeeins alle typar seksualisert vald. Be i Jesu namn at dette skal ta slutt, og landet skal bli reinsa frå ureine ånder som inspirerer folk til å gjera forferdelege ting med kvarandre, og at Han skal lækja alle skadelidande med sin barmhjertinghet. 
  • Mange barn lever på gata. Dei rusar seg og er enormt sårbare. Be om at Gud skal passa på dei og vekkja dei vaksne til dåd for dei små verjelause. 
  • Be om at unådde stammer skal bli nådd med evangeliet. Regjeringa sette i 2005 ein stoppar for dette heilt grunnleggjande misjonsarbeidet. 

lørdag 17. desember 2016

Dagens nasjon: Venezuela

Areal 912050 km2 (nesten 3 gongar så stort som Noreg). Folketal: 31 416 000. Styresett: Republikk.
Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana.
Venezuela har verdas største oljereservar. Økonomien i landet er heilt og fullt knytta opp til oljeprisen. Men rikdomen har ikkje kome folk flest til gode, og i 1999 kom  president Hugo Chavez til makta under løftet om å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon med betre fordeling av goder og gleder.
Hugo Chavez var ein brautande politikar som talte store ord mot USA og vesten, og som gjorde seg til vens med alle slags diktatorar verda over. Gjerne dei verste.
Sosialime høyrdest bra ut for folk, men resultatet etter 17 år med denne politikken er at produksjonen har gått ned og fattigdomen er berre blitt mykje større, og i dag er det mangel på alle varer i Venezuela, inkludert matvarer, og folket lid både av under og feilernæring.
Hugo Chavez døydde i 2013. Han vart etterfølgd av visepresident Nicolas Maduro som vant presidentvalet etter (alle solemerker) omfattande valfusk, og sidan har landet vore i ei konstant politisk krise. No er høyrer portforbod og millitære maktmiddel mot befolkninga til dagens orden.
84% av befolkninga er tilhøyrer den kristne kyrkja, dei fleste er naturlegvis katolikkar, men det er også over 3,1 millionar protestantar/evangelikale, og denne gruppa er, som elles i Latin-Amerika, i sterk vekst, dvs ein årleg på over 3%.
Men det er også 3,5 millionar menneske i Venezuela som er ikkje-religiøse, og denne gruppa veks snøggast, ja, i følgje Operation World med heile  9,2% kvart år.
Spiritismen har stor utbreiing i Venezuela, og er eit stort åndeleg problem langt inn i kyrkjelydane. Ja, dei fleste "kristne" er involverte i denne ugreia. New Age-rørsla er i framgang og infiltrerer befolkninga. Dyrkinga av fruktbarhetsgudinna Maria Lionza (ei moderne Astarte) er omfattande. Johovas vitner og Mormonarane er også på frammarsj. All denne mørke åndsrøyndomen kanaliserer destruktivitet inn i folkelivet, kulturen, politikken og økonomien.
  • Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, rettferdige og kloke leiarar med stor evne til å sjå løysingar på dei store problema som landet står andsynes. 
  • Be om at landet skal få ei lovgjeving som tek vare på alle menneske sine elementære menneskerettar, sivilt, politisk, religiøst og økonomisk.
  • Be om at dei kristne kyrkjene tek eit klårt oppgjer med den omfattande avgudsdyrkinga i landet, at leiarane torer å henga bjelle på katten og at djevelens makt over land og folk vert broten i Jesu namn. 
  • Be om at Guds ord skal få makt over menneska
  • Be om at kyrkja skal vera full av Guds kjærleik og kraft, og bli velsigna med leiarar som høyrer frå Gud og som talar Guds ord med truskap og autoritet.
  • Be om at Guds fred skal bli rådande i landet
  • Be om gode skular og gode lærarar for barn og unge
  • Be om at det skal veksa fram eit sunt og variert næringsliv i Venezuela, og at det skal vera meiningsfullt arbeid for alle arbeidsføre.
  • Be om at det skal bli sett inn tiltak for å gje alle dei 30 unådde indianarstammene i Venezuelas indre evangeliet om Jesus
  • Be om at det vert sett i gong bibeloversetting til dei 14 indianske språka som enno ikkje har Guds ord tilgjengeleg. 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...