Viser innlegg med etiketten diaspora. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten diaspora. Vis alle innlegg

onsdag 21. juli 2021

Israel

 

Israel er, saman med Egypt, den nasjonen på jorda med djupaste historiske røter. Men medan Egypt i dag er ein arabisk nasjon med ein gamalegyptisk kristen minoritet, var Israel ein jødisk nasjon heilt frå starten av, og er det framleis. Etter nesten 2000 år i  diaspora, vart det moderne Israel etablert 14.mai 1948. Det var eit historisk mirakel, ikkje minst sett i lys av at Hitler og nazi-Tyskland hadde gjort sitt ytste frå 1942 til 1945 å utsletta dei. Israel er sanneleg Guds eigen nasjon på jorda. Dei er elska av Gud for fedrane si skuld, står det i Bibelen, medan me som er Jesustruande ikkje-jødar, med er elska av Gud for Kristi skuld. 

Israel har nesten 9 millionar innbyggjarar, og folketalet aukar jamt og trutt, ikkje minst pga innvandring. Over 2 millionar av statsborgarane er forresten arabarar. 

Sidan flatemålet er beskjedent, vel 21000 km2, bur folk tett. Nesten 400 per km2. Til samanlikning er det ikkje meir enn 14 per km2 i Noreg. 

Israel har mange fiendar. Heilt frå staten vart etablert, har arabiske naboar freista å utsletta han frå kartet, men utan å lukkast. Antisemittismen i verda i dag rettar seg i stor grad mot Israel. Men også jødefolket i andre land merkar at hatet mot dei aukar både frå muslimar, høgreekstreme og faktisk heilt vanlege folk, ikkje minst i Noreg der stadig fleire parti, kommunar og interesseorganisasjonar går inn for å boikotta israelske produkt frå Judea og Samaria (Vestbreidda), eit området som heilt utan grunn blir sett på som okkupert. Stadig fleire, også Den norske kyrkja, snakkar forresten som om heile Israel er okkupert område, og dei skuldar Israel for å vera ein apartheidstat som driv med krigsbrotsverk og endå til folkemord på palestinarar, noko som er heilt på jorde i og med at 2 millionar av dei er israelske statsborgarar, og 12 av dei har plass i Knesset, Israels folkevalde parlament.  

Israel er i dag ein moderne høgteknologisk stat som utnyttar arealet sitt svært effektivt til matproduksjon, og dei eksporterer både jordbruksprodukt og teknologi til andre land. Utan israelske produkt hadde korkje datamaskinane eller mobiltelefonane våre fungert, ei heller mange av dei avanserte apparata som finst på dagens sjukehus som kvar dag er med å bergar mange liv. 

Mange jødar er sekulære, og trur ikkje på noko som helst, men dei fleste har likevel ein eller annan tilknytning til jødedomen. Alle overheld sabbaten, og dei store jødiske høgtidene er arbeidd inn i kalenderen.  

17,9% av befolkninga er muslimar. 1,9% er kristne (0,2% evangeliske), og 1,6% er drusarar (kjelde: CIA World Factbook)

Mange av dei kristne er arabarar som tilhøyrer ortodokske og katolske kyrkjer. Men no veks det fram stadig fleire messianske jødiske kyrkjelydar som eit resultat av evangelisk misjon, og organisasjonen One for Israel, som i stor grad vert driven av Jesustruande jødar, opplever stor suksess med internettsatsinga si både mellom jødar og arabarar. Det synest klårt: Jesus Kristus er den einaste som kan skapa fred og forsoning mellom jødar og arabarar. 

Nesten ingen jødar i Israel veit kven Jesus er. Han er eit forbode samtaleemne, og i skuleverket blir han ikkje nemnt. Kvifor er det slik? Fordi det er den kristne delen av verda, ofte med kyrkja i spissen, som gjennom historia har påført dette folket den største sorg og smerte. 

Gud valde i si tid ut Israel gjennom Abraham forat dette folket skulle bringa openberringa av Gud til heile verda. Det har også skjedd i og med at Bibelen er ei jødisk bok, og Jesus og apostlane alle var jødar. Men Gud er ikkje ferdig med folket enno. Når den nasjonale kristen vekkinga råkar nasjonen, vil heile folket bli involvert i ein svært suksessrik verdsmisjon. Dette les me om i Romarbrevet 11. 

Israel er ein moderne vestleg stat også på den måten at dei ikkje berre aksepterer kjønnsmangfaldsrørsla, men promoterer denne, og Israel er på verdstoppen i talet på abortar per tusen kvinner per år. 

Be om at Gud skal verna Israel og verdas jødar mot overgrep og åtak. 

Be om at forsoning og fred mellom jødar og arabarar i og utanfor Israel

Be om at evangeliet må spreia seg som ein surdeig i nasjonen til alle i Israel veit kven Jesus er. 

Be om at israelarane og alle verdas jødar må falla ned for Jesus og anerkjenna han som Herren Israels Gud. 

Be om at dei skal forstå at Jesus vart såra for deira brot og knust for deira misgjerningar, at straffa låg på han for at dei skulle ha fred, og at dei ved hans sår har fått lækjedom. 

Be om at Gud skal reinsa nasjonen for ulydnad, urett og ureinskap.

Be om at landet skal ta eit kraftig oppgjer med abortlov og abortpraksis.

Be om at Israels land og folk må bli gjeninnsett i Guds plan med tanke på frelse for alle nasjonar. 





tirsdag 14. juli 2020

Iran



Folketal: 84 923 314 (juli 2020) fordelt på 100 folkegrupper. Hovudstad er Teheran, og elles ser du på kartet over namnet på mange andre store byar i landet. Mange av dei er millionbyar. 

Det er naturlegvis flest persarar i Iran (62%). Men det er også andre store grupper som aserbadsjanarar (22%), tyrkarar, balutsjar, arabarar og sigøynarar.





Offisielt språk er farsi. Totalt blir det snakka 79 språk. Heile Bibelen er omsett til 4, 6 språk har NT medan 7 har deler av Bibelen. Dette er tal frå 2010.

Iran er eit religiøst diktatur styrt av ayatollah Ali Khamenei og eit presteråd.
Dei vert verna av den berykta Revolusjonsgarden som har 350 000 topptrente soldatar under våpen og tilgang til uavgrensa ressursar.

Landet har ein president og eit parlament som ikkje har noko reell makt.

Før 1979 var landet styrt av ein konge, og samfunnet var ganske liberalt. Men den islamske revolusjon i 1979 endra dette radikalt. Då kom ayatollah Khomeini til makta, og etter den tid har Iran vore eit terrorvelde som undertrykkjer si eiga befolkning med alle kjende midlar, og som spreier og finansierer terror over heile Midt-Austen. Dei står bak Hizbollah i Libanon, Hamas i Gaza, Hutumilitsen i Jemen, Islamsk jihad, PKK (det kurdiske kommunistiske parti), det iraksike Da`wah-partiet, den islamske frigjeringshæren i Bahrain, den japanske raude arme og mange andre grupper. Enorme summar går med til iransk terror i utlandet.

Iran hatar Israel, og har sett seg som mål å utsletta den jødiske staten. For å få dette til jobbar dei febrilsk for å skaffa seg atomvåpen, og har i dag utstyr som skulle gjera dei i stand til å klara det.
Iran er pga atomprogrammet sitt underlagt strenge økonomiske restriksjonar frå verdssamfunnet si side. Det hemma den økonomiske utviklinga i landet.

Iran er i hovudsak shiamuslimsk (89%), men arabarane, tyrkarane, nokre aserbadsjanarar og balutsjarane er sunnimuslimar. Det finst små grupper armenske og assyriske kristne i landet. Dei har lov å driva på med sitt, berre dei ikkje evangeliserer. Det er forbode å forretta gudsteneste på farsi.

I det offentlege rom må alle iranarar følgja strenge religiøse reglar. Men på heimebane er dei liberale, og stort sett er dei lut lei islam. Dei føler seg rundlurt av presteskapet som lova gull og grøne skogar før revolusjonen i 1979. Ingenting har dei halde, og fattigdomen spreier seg. Det har ført til massive protestar som er blitt slått ned med våpen av styresmaktene. I sist runde (etter nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly) vart 1500 protestantar skotne og drepne av Revolusjonsgarden sine folk.

Dei siste 30 åra har det vakse fram ei protestantisk undergrunnskyrkje i Iran, og evangeliet om Jesus spreier seg frå kvinne til kvinne og mann til mann med ei stadig aukande kraft. I dag kan det vera så mange som 3 millionar protestantiske kristne i landet. Presteskapet er kjempebekymra, og forfølgjer dei kristne med aukande intensitet. Det er forbode for ein muslim i Iran å konvertera til ei anna tru. Det er apostasi, og skal i prinsippet straffast med døden, men det skjer sjeldan. Aktive konvertittar blir det som regel idømt lange fengselsstraffer.

Etter 1979 har millionvis av iranarar flykta til andre land. Mange av desse er blitt kristne.
Likevel er dødsstraff flittig brukt i Iran mot politiske fangar under påskot av at dei har drive med narkotika. Men bruk av narkotika er vanleg også blant presteskapet. Knapt noko land i verda har større rusproblem enn Iran.

Iran er ille plaga av koronaviruset, og styresmaktene har mista all kontroll. 12829  iranarar har døydd av denne sjukdomen dei siste vekene. Men me må rekna med at mørketala er store her. Truleg er det langt fleire. 

Iran er eit uvanleg vakkert land med eit høgreist folk og ein rik historie som går mange tusen år attende i tid. Mange ting kunne vore skrive om kulturskattar, mattradisjonar og folket sin enorme interesse for poesi osv. Men det er ikkje plass til det her.

  • ·       Det er grunn til å takka Gud for den kristne vekkinga som i dag spreier seg i Iran som eld i tørt gras.
  • ·       Be om at det som skjer berre skal auka i kraft
  • ·       Be om at dei kristne skal ha tilgang til nok biblar og annan kristen litteratur.
  • ·       Be om at dei kristne skal bli verna mot vrang lære. Det er mange unitare kyrkjer i Iran som fornektar Jesu guddom.
  • ·       Be om at Bibelen skal bli ei populær bok i Iran som alle får lyst til å lesa.
  • ·       Be om at Bibelen skal finna sin veg inn i dette landet.
  • ·       Be om at Gud skal verna dei kristne mot  overgrep, og gje dei visdom i møte med styresmakter som berre vil dei vondt.
  • ·       Be om at Gud skal styrkja alle kristne som i dag sit i fengsel, og særleg dei som blir utsette for tortur.
  • ·       Be om at evangeliet må få så stor makt i landet at det blir totalt forvandla frå innsida, og at det muslimske presteskapet også skal bli rivne med av Jesusvekkinga.
  • ·       Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga i landet som gilaki i nord og balutsjarane i sør-aust.
  • ·       Be om at Jesus skal løysa alle med rusproblem som ber han om hjelp.
  • ·       Be om at prestestyret skal falla, og at Revolusjonsgarden skal løysast opp
  • ·       Be om at iranarane skal forstå at jødane er Guds utvalde folk, og at dei blir velsigna om dei velsignar Israel.
  • ·       Be om at iranarane i diaspora (landflyktighet) skal få møte Jesus, ta imot hans som Herre og frelsar i sine liv og få hjarto sine forvandla av evangeliet og Den Heilage Andens kraft.


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...