Viser innlegg med etiketten Bali. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bali. Vis alle innlegg

fredag 9. juli 2021

Indonesia dag 5. Bali, Kalimantan og dei små Sundaøyane

 


Bali ligg aust for Sumatra, og øya er prega av turisme, og mange unge menneske frå Vesten reiser dit for å studera. 
Folketal: 4,3 millionar.  
Dei aller fleste er hinduar, og det er faktisk 41000 tempel på øya. 
Innbyggjarane er, som dei fleste andre indonesarar, prega av eit liv i okkultisme og spiritisme. 
Det er få kristne der, og mange av dei som kjem til tru på Jesus blir forfølgde.

Be om at hinduismen skal tapa makta si over dei som bur på Bali, at dei demoniske kreftene må sleppa taket i folk og at Anden skal austast ut over dei og gjera dei lengtande etter Gud og opne for evangeliet. 

Kalimantan er den indonesiske delen av Borneo. Folketalet er 4,5 millionar. Det er ein god del kristne der, men altfor mange av dei namnekristne, og få lever misjonale liv. Storparten av innbyggjarane i Kalimantan er heilt utan kunnskap om Kristus, og det er mange animistiske grupper som lever svært isolert og av den grunn vanskelege å nå.

Be Jesus om å senda arbeidsfolk ut til sin haust i Kalimantan, og be om at kyrkjene i dette området må bli fylte og forvandla av Den Heilage Ande, sett i brann for Jesus og utrusta til teneste for han. 



Dei små sundaøyane er øyrekkja aust for Java. Her er det ikkje mange kristne, men både Vest-Timor og Sumba har vore råka av massive vekkingar. Timor frå 1965-68, og Sumba på 80-talet. Elles er det rå avgudsdyrking blant dei fleste her, inkludert slangetilbeding.

Be om at den elden som ein gong brant så sterkt må blussa opp att, og spreia seg til heile dette området og bli verande som ein permanent vekking som driv bort alt djevelsk og dreg eit frigjort folk inn i Guds rike. Amen! 





mandag 5. juli 2021

Dagens nasjon: Indonesia

 


Indonesia er med sine 276 361 788 innbyggjarar  verdas mest folkerike muslimske nasjon. 80,7% er muslimar. 5,6% er evangeliske kristne. Men islam er ofte eit ytre ferniss hos indonesarane. På djupet er dei animistar, og okkulte fenomen er vanlege, noko som er godt skildra i Kurt Koch si bok "Vekkelsen i Indonesia" der han skriv om dei veldige tinga Gud gjorde på desse øyane på 1960-talet. Ganske jamnleg har Gud gjesta Indonesia med vekkingar  med ein kvalitet som me elles berre finn parallellar til i Apostelgjerningane. 


Takk Gud for alt det Gud har gjort i Indonesia, det han faktisk gjer i dag og alt han kjem til å gjera, og be om at dette landet må finna seg totalt bada i Guds mektige lys, og at evangeliet om Jesus må trenga gjennom til alle områder i landet som no ligg i islams djupe skugge. 

Den siste tida har styresmaktene starta tvangsevakuering av 8 millionar menneske frå Java og Bali til Kalimantan, Sumatra, Sulawesi og Vest-Papua, der det skal vera betre plass til folk. Dette har ført til sterke spenningar mellom folkegrupper. Ein risikabel operasjon, og ut frå eit menneskerettsperspektiv ganske tvilsam. Resultatet er at urfolk etterkvart vert minoritetar i sine eigne områder, og nokre kallar det som skjer som ein langsam etnisk reinsing (genocide). 

Be om at denne galskapen må føra til ny spreiing av evangeliet. 

I samband med det som no skjer har 500 000 kristne mista landområder og eigedomar til muslimske innflyttarar. Det har skapt bitre kjensler som har hindra dei i å dela evangeliet med innflyttarane. 

Be om lækjedom for hjarto, og be om at dei kristne må sjå på innflyttarane som ei misjonsmark, og at dei skal få nåde til å elska fiendane sine. Be om at Gud skal demonstrera sin omsorg og truskap mot barna sine og erstatta tapet dei har lidd. 

Indonesia består av 17500 øyar, og det vert snakka totalt 755 ulike språk i dette landet.

Be om at det skal setjast i gong bibeloversettingsprosjekt i alle dei språka som enno ikkje er dekka inn. 

Mektige okkulte krefter opponerer mot evangeliet samstundes som muslimane vil eliminera kristendomen sin innflytelse på folk og samfunn.

Be om at Andens kraft skal vera over kyrkja på ein slik måte at motkreftene må gje tapt.

Ein snikande islamisering av Indonesia er i ferd med å erodera relgionsfridomen og med det demokratiet. 

Be om at dette ikkje må stoppa spreiinga av evangeliet

Heilt sidan 1996 har det vokse fram ein sterk visjon om å evangelisera dei unådde folkeslaga (dvs 100 millionar menneske), og det har vore, og er,  ein sterk vekst i kyrkjelydane sitt misjonsprogram. 

Be om at misjonsvisjonen skal vera levande i kyrkjelydane og retningsgjevande for korleis dei legg opp arbeidet sitt. 

1/3 av befolkninga er under 18 år.

Be om at det skal veksa fram gode og kreative disippelgjeringsprogram for unge menneske. 

kjelde: operationworld.org





fredag 12. juli 2019

Indonesia 2. Bali

Bali er ei øy aust for Java. Den er på 5633 km2, og befolkninga er på 3,55+  millionar. Det blir 630 per km2. (Noreg har 14). Bali er ei vulkansk øy, og jordsmonnet er rikt. Elles er øya mest kjent for turisme og utdanning. Mange unge reiser dit som utvekslingssudentar.

90% av innbyggjarane på Bali er hinduistar, 7% er muslimar og 1,5% er kristne. Bakgrunnen for denne fordelinga er historisk og går attende heilt til det første hundreåret etter Kristus. Då kom indiske sjøfolk og handelsmenn til Bali og etablerte seg der, altså 500 år før islam såg dagens lys.

I Bali kombinerer dei gjerne hinduisme med okkultisme, magi og spiritisme. Det er mange som treng å bli fri frå vonde ånder som har okkupert liva deira. Pga av demoniske makter møter kristne stor motstand og dei blir regelrett forfølgde. Det er vanleg at folk misser jobben og blir gjort arvelause når dei kjem til tru på Jesus.


  • Be om at dei kristne skal sjå og forstå kor viktig det er å stå tett saman.
  • Be om at det skal vera eit rikt åndeleg liv i kyrkjelydane.
  • Be om at dei kristne må følgja Jesus i alle ting, stort som smått.
  • Be om at dei må ha god tilgang til Bibelen, og at dei flittig skal lesa han.
  • Be om at dei skal leva åndsfylte kristenliv, og at under og teikn må skje når dei ber.
  • Be om at dei skal ha Andens kraft til å befri folk for vonde ånder. 
  • Be om velsignelse over dei som forfølger dei kristne.
  • Be om at forfølgarane skal møte Jesus som Herre og frelsar og bli frelste frå sine synder og innlemma i Guds familie.
  • Be om at dei kristne frimodig skal vitna om Jesus for folk, og leva misjonale liv
  • Be om at hinduismen skal missa makta si på Bali, og at alle skal krona Jesus som Herre for liva sine. 

tirsdag 26. september 2017

Balinesarar, Indonesia

Det bur over 4 millionar menneske på Bali.
Øya ligg sentralt til i Indonesia, og sjølv om Indonesia er verdas største muslimske nasjon, er balinesarane hinduar. Hinduismen er forresten ein svært fleksibel religion, og balinesarane har utvikla sin eigen versjon.
Desse menneske lever med tette familierelasjonar, og dersom dei endrar tru, blir livet svært usikkert sosialt. Det kan vera ei hindring for dei til å bli frelst.

  • Be om at evangeliet blir gjort kjent for dei.
  • Be om at Gud skal overvinna dei med sin Ande
  • Be om at Guds kyrkje skal etablerast som eit sterkt alternativt fellesskap for dei som blir utstøtte frå familiane sine.  

Balinese in Indonesia

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...