I Sichuanprovinsen i Kina finn me Early Rain Church som har vore kraftig forfølgd av styresmaktene dei to siste åra. Kyrkja deira er blitt stengt, og pastor Wang er dømt til mange års fengsel. Kyrkjelyden er blitt tvinga til å gå «under jorda» og samlast heime hos kvarandre. Den 4.juni vart av den grunn pastor Wu Wuqing, kona hans Xiong Meifang og barna deira innestengde i sitt eige husvære. Alle utgangar er sperra, og politifolk held vakt for å sikra at dei ikkje kan koma seg ut. Mat blir ført inn til dei via ein naudutgang.
Kjære Jesus! Du ser alle overgrep og all tvang som kyrkja
di i Kina er utsett for. No ber me om at beleiringa av denne familien skal ta
slutt, og at dei skal få koma seg ut i frisk luft. Takk for at ingen kan stenga
deg ute frå leiligheten deira, og me ber om at du skal styrka og trøysta dei
med ditt nærvær og ditt gode ord. Amen!
Kjelde: Voice of the Martyrs.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar