Viser innlegg med etiketten Sulawesi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sulawesi. Vis alle innlegg

lørdag 11. juli 2026

Indonesia. Sulawesi

 


Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høglanda. Valdelege konfliktar mellom muslimar og kristne på 1990- og 2000-talet førte til at over 1 000 menneske miste livet.
Kristne opplever å bli urettferdig behandla og strengt straffa. 

Be om at dei må svare på ein Kristus-liknande måte. 

Bibelomsetjing er ei enorm og uferdig oppgåve. 

Be om at innsatsen på dette området skal aukast slik at  det blir sett i gong prosjekt i alle språk der det trengst omsetting.  

Be om at dei mindre nådde muslimske Bugis-, Makassar- og Gorontalo-folka slaø bli tilgodesett med evangeliet. 

Makassar-folket er ei av få sterkt muslimske grupper som har vist noko respons på evangeliet.

Be om at heile folket skal bli gripne av Kristus. 

Kjelde: operationworld.org

søndag 11. juli 2021

Indonesia dag 6. Sulawesi

 

Sulawesi har omlag 20 millionar innbyggjarar fordelt på 110 folkegrupper som snakkar 117 ulike språk. Religiøst fordeler innbyggjarane seg slik at muslimane lever i kystområda medan dei kristne bur i nordaust, samt i dei sentrale fjellstroka. Språkrikdomen gjer at det er eit stort behov for nye bibeloversettingar, og dermed også for nye bibeloversetjarar. 

Be om at Gud skal kalla og utrusta bibeloversetjarar som kan ta tak i den utfordringa dette representerer. 

I åra frå 1990 til 2000 var det kraftige konfliktar mellom kristne og muslimar på øya. Meir enn 1000 menneske mista livet. Det er framleis spenningar.

Be om at dei kristne må møta fiendane sine med Kristi sinnelag, og be om at det skal råda fred mellom dei to gruppene. 

Det er mange, mange heilt unådde folkegrupper på Sulawesi. 

Be om at evangeliet skal finna vegen sin inn til desse menneska som er så dyrebare og viktige for Jesus.  

mandag 5. juli 2021

Dagens nasjon: Indonesia

 


Indonesia er med sine 276 361 788 innbyggjarar  verdas mest folkerike muslimske nasjon. 80,7% er muslimar. 5,6% er evangeliske kristne. Men islam er ofte eit ytre ferniss hos indonesarane. På djupet er dei animistar, og okkulte fenomen er vanlege, noko som er godt skildra i Kurt Koch si bok "Vekkelsen i Indonesia" der han skriv om dei veldige tinga Gud gjorde på desse øyane på 1960-talet. Ganske jamnleg har Gud gjesta Indonesia med vekkingar  med ein kvalitet som me elles berre finn parallellar til i Apostelgjerningane. 


Takk Gud for alt det Gud har gjort i Indonesia, det han faktisk gjer i dag og alt han kjem til å gjera, og be om at dette landet må finna seg totalt bada i Guds mektige lys, og at evangeliet om Jesus må trenga gjennom til alle områder i landet som no ligg i islams djupe skugge. 

Den siste tida har styresmaktene starta tvangsevakuering av 8 millionar menneske frå Java og Bali til Kalimantan, Sumatra, Sulawesi og Vest-Papua, der det skal vera betre plass til folk. Dette har ført til sterke spenningar mellom folkegrupper. Ein risikabel operasjon, og ut frå eit menneskerettsperspektiv ganske tvilsam. Resultatet er at urfolk etterkvart vert minoritetar i sine eigne områder, og nokre kallar det som skjer som ein langsam etnisk reinsing (genocide). 

Be om at denne galskapen må føra til ny spreiing av evangeliet. 

I samband med det som no skjer har 500 000 kristne mista landområder og eigedomar til muslimske innflyttarar. Det har skapt bitre kjensler som har hindra dei i å dela evangeliet med innflyttarane. 

Be om lækjedom for hjarto, og be om at dei kristne må sjå på innflyttarane som ei misjonsmark, og at dei skal få nåde til å elska fiendane sine. Be om at Gud skal demonstrera sin omsorg og truskap mot barna sine og erstatta tapet dei har lidd. 

Indonesia består av 17500 øyar, og det vert snakka totalt 755 ulike språk i dette landet.

Be om at det skal setjast i gong bibeloversettingsprosjekt i alle dei språka som enno ikkje er dekka inn. 

Mektige okkulte krefter opponerer mot evangeliet samstundes som muslimane vil eliminera kristendomen sin innflytelse på folk og samfunn.

Be om at Andens kraft skal vera over kyrkja på ein slik måte at motkreftene må gje tapt.

Ein snikande islamisering av Indonesia er i ferd med å erodera relgionsfridomen og med det demokratiet. 

Be om at dette ikkje må stoppa spreiinga av evangeliet

Heilt sidan 1996 har det vokse fram ein sterk visjon om å evangelisera dei unådde folkeslaga (dvs 100 millionar menneske), og det har vore, og er,  ein sterk vekst i kyrkjelydane sitt misjonsprogram. 

Be om at misjonsvisjonen skal vera levande i kyrkjelydane og retningsgjevande for korleis dei legg opp arbeidet sitt. 

1/3 av befolkninga er under 18 år.

Be om at det skal veksa fram gode og kreative disippelgjeringsprogram for unge menneske. 

kjelde: operationworld.org





søndag 5. juli 2020

Indonesia I

Indonesia er med sine nesten 274 millionar menneske verdas mest folkerike muslimske nasjon. Hovudstaden er Jakarta. 83% av befolkninga er muslimsk. 15% er kristne. Vel 5% evangelisk kristne. Landet består av 17500 øyar. Dei største er Borneo, Sumatra, Java, Sulawesi, Ambon, Papua og Timor.  Det er 779 ulike folkegrupper i Indonesia som snakkar 722 svært ulike språk.  Språkrikdomen representerer ei stor misjonsutfordring. Dei fleste folkeslaga i landet må reknast som unådde.

Likevel er Indonesia det landet i verda som dei siste 60-70 åra har sett dei største kristne vekkingane i moderne tid. Gud har berørt nasjonen med uvanleg kraft med det resultat at folk på radikalt vis har vendt om til Gud. Det blir også fortalt om spektakulære mirakel knytt opp til vekkingane.

Men det har også vore døme på skarp forfølging av kristne i landet, noko som toppa seg i tida frå 1999 til 2002 då 3000 kristne vart drepne av jihadistar på Ambon. Liknade åtak har me også vore vitne til på Sulawesi.

Det indonesiske folket er sukke djupt med i okkulte handlingar, og dei enorme åndelege bindingane fører til kraftige konfrontasjonar når evangeliet blir forkynt.


  • Be om at dei truande skal bli utrusta med kraft og autoritet til å setja folk fri frå desse demoniske kreftene. 
Muslimane gjer alt dei kan for å bringa dei kristne til taushet. Dei prøver å skremma dei, gjera livet vanskeleg for dei økonomisk, føra rettssaker mot dei, finna spissfindige juridiske grunnar til å få kyrkjene stengde osv.

  • Be om at dei kristne ikkje skal la seg skremma men frimodig halda fram med å vitna om Jesus, be for folk og gjera gode gjerningar.  
  • Be om at Far skal sørga for barna sine også økonomisk.
I 1996 kom evangeliske kristne frå mange ulike kyrkjer sama og utarbeidde ein sams strategi for å bringa evangeliet ut til dei unådde folkegruppene. Denne einskapen står fast, og dei er i gong med eit imponerande arbeid. Måla deira er i denne generasjonen : 1) Å etablera ei levande og misjonale kyrkje i kvar einaste folkegruppe i landet. 2) Å planta ein levande kyrkjelyd i kvar einaste landsby (45000). 3) Å etablera bønegrupper i kvart einaste nabolag, bønegrupper som er lenka saman i eit nettverk. 

  • Be om at dei nasjonale evangelisk kristne i Indonesia skal lukkast med å evangelisera og disippelgjera alle dei unådde folkegruppene i landet sitt. 
Indonesia har 3 millionar barnearbeidarar som ikkje får høve til å gå på skule slik at dei kan få lagt eit fundament for ei betre framtid. Mange barn og unge må sjåast på som moderne slavar. 

  • Be om at barn og unge må få ivaretatt dei sentrale menneskerettane sine, at dei må få høve til å ta seg utdanning som kan føra dei fram til løna arbeid og ei trygg framtid. Be om at kyrkja skal nå fram til dei der dei er med evangeliet om Jesus. 
I 2019 bestemte regjeringa å tvangsflytta 8 millionar menneske frå Java til Sumatra, Sulawesi og Papua. Grunnen er at Java er overbefolka, og dei ønskjer å avhjelpa dette. Dette har naturlegvis ført til mange protestar, og lokalbefolkninga på Papua har gjort opprør. 

  • Be om at den uretten som folk blir utsette for fører til at evangeliet om Jesus blir gjort kjent der det før har vore ukjent. 

søndag 20. mai 2018

Dagens unådde: Bugis i Indonesia

Bugisfolket tel 5,5 millionar menneske og bur sør på Sulawesi.
Dei lever av shipping, fiske, fiskeindustri og gruvedrift. Men alle sektorar treng modernisering og ny finansiering.
Religion: Islam med sterke innslag av animisme.
Språk: Bugis
Heile Bibelen er tilgjengeleg på språket deira.

Kjære Herre Jesus Kristus! Må frelsens gåve bli rekt ut til Bugisfolket i Indonesia, og må dei gripa deg med heile seg og ta deg inn i hjarto sine og erfara fridom og håp i liva sine. Løys dei frå islams lenker og animismens barnelærdom. Amen! 



søndag 4. juni 2017

Makassar i Indonesia

Makassar er eit stort folk på 2 326 000 menneske som lever sør på Sulawesi. Dei er muslimar, men dei blandar gjerne gamle animistiske førestellingar og praksisar inn i trua si. Makassar snakkar sitt eige språk. 1 % av dei er kristne. Heile Bibelen er tilgjengeleg på Makassar. Når det gjeld næring, er dei risbønder og handelsfolk. Polygami er akseptert, men kun praktisert av dei rike. Makassar er ein ekstrem æreskultur. Den som fornærmar ein makassar risikerer å bli drepen. Her er det ingen nåde. 

Me ber i dag, på sjølve pinsedagen, at du skal ausa din Ande over makassarfolket, etter ditt ord i Joel 3. Må dei truande i dette folket erfara pinsens kraft i liva sine, og frimodig gå ut og forkynna evangeliet for frendane sine medan du rettar ut di hand og let under og teikn skje som stadfester ordet ditt og bevisar for dei at du Jesus er Guds Son, den einaste Sanninga og den einaste vegen til Far. Du er ein Gud som bøyer stolte sinn. Bøy makassarfolket til deg og gje dei å venda om frå stoltheit og løgn, ta ut steinhjarto deira og gjer dei til elskande, tilgjevande og levande menneske. Amen!

onsdag 14. januar 2015

Dagens unådde: Luwufolket i Indonesia

Luwu
Luwufolket bur langs kysten på Sulawesi. Dei har ei lang kulturhistorie. I holer kan ein finna 5000 år gamle veggmaleri som truleg laga av luwuar. Luwufolket gjekk over til islam alt i 1605. Dei er kunstneriske og dekorerer hus og låvar med rike utskjæringar og ornamenteringar. Luwufolket er bønder og dyrkar mange ulike vekstar. Trass i at dei er muslimar, praktiserer dei mykje trolldom og magi. I dette folket er gravferder ein utruleg viktig sak. Dei trur at dersom alt skjer som det skal, vil den døde lettare kunna forlata denne verda og gå trygt over i den neste. Språket dei snakkar er tàe. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. Det er 301 000 luwuar i Indonesia. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Må ditt dyrebare ord bli gjort tilgjengeleg for luwufolket i Indonesia. Må lyset i evangeliet nå fram til dei og fjerna det djupe åndelege mørkret dei lever i. Send din Ande til dei slik at dei kan få openberra for hjarto sine kven du er, og slik at det vert påtvingande viktig for dei å bli kvitt syndene sine. Forson dei med deg, og sett dei inn i forsoninga si teneste. Me ber om etablering av ei luwukyrkje som blir som ein by plassert på eit fjell, ein by du bur i og som folk kan søka tilflukt i og erfara frelse. Herre miskunna deg. Amen! 

 Luwu in Indonesia

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...