søndag 11. juli 2021

Indonesia dag 6. Sulawesi

 

Sulawesi har omlag 20 millionar innbyggjarar fordelt på 110 folkegrupper som snakkar 117 ulike språk. Religiøst fordeler innbyggjarane seg slik at muslimane lever i kystområda medan dei kristne bur i nordaust, samt i dei sentrale fjellstroka. Språkrikdomen gjer at det er eit stort behov for nye bibeloversettingar, og dermed også for nye bibeloversetjarar. 

Be om at Gud skal kalla og utrusta bibeloversetjarar som kan ta tak i den utfordringa dette representerer. 

I åra frå 1990 til 2000 var det kraftige konfliktar mellom kristne og muslimar på øya. Meir enn 1000 menneske mista livet. Det er framleis spenningar.

Be om at dei kristne må møta fiendane sine med Kristi sinnelag, og be om at det skal råda fred mellom dei to gruppene. 

Det er mange, mange heilt unådde folkegrupper på Sulawesi. 

Be om at evangeliet skal finna vegen sin inn til desse menneska som er så dyrebare og viktige for Jesus.  

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Noreg

  Det er urolige tider, med krig og uro mange stader, og det åndelege og moralske forfallet er tydeleg å sjå både i samfunnet og i verdas ma...