Viser innlegg med etiketten Sumatra. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sumatra. Vis alle innlegg

mandag 5. juli 2021

Dagens nasjon: Indonesia

 


Indonesia er med sine 276 361 788 innbyggjarar  verdas mest folkerike muslimske nasjon. 80,7% er muslimar. 5,6% er evangeliske kristne. Men islam er ofte eit ytre ferniss hos indonesarane. På djupet er dei animistar, og okkulte fenomen er vanlege, noko som er godt skildra i Kurt Koch si bok "Vekkelsen i Indonesia" der han skriv om dei veldige tinga Gud gjorde på desse øyane på 1960-talet. Ganske jamnleg har Gud gjesta Indonesia med vekkingar  med ein kvalitet som me elles berre finn parallellar til i Apostelgjerningane. 


Takk Gud for alt det Gud har gjort i Indonesia, det han faktisk gjer i dag og alt han kjem til å gjera, og be om at dette landet må finna seg totalt bada i Guds mektige lys, og at evangeliet om Jesus må trenga gjennom til alle områder i landet som no ligg i islams djupe skugge. 

Den siste tida har styresmaktene starta tvangsevakuering av 8 millionar menneske frå Java og Bali til Kalimantan, Sumatra, Sulawesi og Vest-Papua, der det skal vera betre plass til folk. Dette har ført til sterke spenningar mellom folkegrupper. Ein risikabel operasjon, og ut frå eit menneskerettsperspektiv ganske tvilsam. Resultatet er at urfolk etterkvart vert minoritetar i sine eigne områder, og nokre kallar det som skjer som ein langsam etnisk reinsing (genocide). 

Be om at denne galskapen må føra til ny spreiing av evangeliet. 

I samband med det som no skjer har 500 000 kristne mista landområder og eigedomar til muslimske innflyttarar. Det har skapt bitre kjensler som har hindra dei i å dela evangeliet med innflyttarane. 

Be om lækjedom for hjarto, og be om at dei kristne må sjå på innflyttarane som ei misjonsmark, og at dei skal få nåde til å elska fiendane sine. Be om at Gud skal demonstrera sin omsorg og truskap mot barna sine og erstatta tapet dei har lidd. 

Indonesia består av 17500 øyar, og det vert snakka totalt 755 ulike språk i dette landet.

Be om at det skal setjast i gong bibeloversettingsprosjekt i alle dei språka som enno ikkje er dekka inn. 

Mektige okkulte krefter opponerer mot evangeliet samstundes som muslimane vil eliminera kristendomen sin innflytelse på folk og samfunn.

Be om at Andens kraft skal vera over kyrkja på ein slik måte at motkreftene må gje tapt.

Ein snikande islamisering av Indonesia er i ferd med å erodera relgionsfridomen og med det demokratiet. 

Be om at dette ikkje må stoppa spreiinga av evangeliet

Heilt sidan 1996 har det vokse fram ein sterk visjon om å evangelisera dei unådde folkeslaga (dvs 100 millionar menneske), og det har vore, og er,  ein sterk vekst i kyrkjelydane sitt misjonsprogram. 

Be om at misjonsvisjonen skal vera levande i kyrkjelydane og retningsgjevande for korleis dei legg opp arbeidet sitt. 

1/3 av befolkninga er under 18 år.

Be om at det skal veksa fram gode og kreative disippelgjeringsprogram for unge menneske. 

kjelde: operationworld.org





mandag 6. juli 2020

Indonesia II. Sumatra

Sumatra er den nest største øya i Indonesia. Ho er 473 000 km2, betydeleg større enn Noreg i flatemål. Folketalet er rundt 50 millionar. Religion: 87% muslimar, 10% kristne. 2% buddhistar, 1% hinduar.
Indonesia ligg i eit geologisk uroleg område med stadige jordskjelv og vulkanutbrot. Me hugsar vel alle jordskjelvet og tsunamien jula 2004 då 200 000 menneske mista. Særleg vart Acheprovinsen tungt råka.
Sumatra er den største ikkje-evangeliserte øya på jorda. Av dei 49 ulike folkeslaga er 29 heilt unådde, Dei kristne er i hovudsak å finna i tradisjonelt animistiske stammer. Der er hos dei evangeliet har vore forkynt. Muslimane har vore forsømte. Og så er dei ein hake: Dei folkeslaga som har teke imot Jesus, har lett for å falla attende til gamle inngrodde okkulte praksisar, og så prøver dei å kombinera dette med eit kristent liv. Det seier seg sjølv at det ikkje går så bra. 

  • Det er grunn til å takka Gud for dei kristne på Sumatra, og det er grunn til å be om at dei vert bevarte i ei sann tru, og at dei konsekvent seier nei til magi, hekseri og shamanisme. 
  • Be om at kyrkjelydane skal reisa seg, bli utrusta med åndelege gåver og fylte med kraft frå det høge slik at dei ivrige, brennande og uredde vitnar om Jesus for høg og låg. 
  • Be om at achefolket i nord skal bli nådde med evangeliet. Det er 3,5 millionar av dei, og dei er svært stolte og bevisste i si islamske tru, og svært avvisande overfor misjonærar og andre kristne. 
  • Be om at det skal bli starta bibeloversettingsprosjekt i alle språk der det er naudsynt. 
  • Be spesielt også for dei 8 millionane i minangkabau rejang-folket som heldt til vest på øya. NT vart utgjeve på språket deira i 1996. Be om at dei skal oppdaga kva skatt dei har fått seg tildelt, og at dei skal bli ivrige lesarar av Guds ord. 


mandag 10. juni 2019

Dagens unådde: Jambi i Indonesia

Kjelde: joshuaproject.net.
Jambifolket lever på Sumatra, i eit område prega av regnskog og store elvesystem. Dei tel omlag 1 million menneske og er av royalt malayisk opphav, noko dei er svært medvitne om og stolte over. Språk: Malayisk og jambi. Religion: Islam, godt blanda med shamanisme og andre ting som tilhøyrer naturreligionane.

Kjære Herre Jesus! Me ber om frelse for jambifolket i Indonesia. Du sona syndene deira for å kunna tilgje dei og setja dei i fridom til å æra og tena deg i all æva. Gode frelsar! Du som betalte så dyrt for deira frelsa, må dei bli nådde med evangeliet. Gje dei Den Heilage Ande slik at dei kan tru på deg og få fred med Gud og evig liv. Fri dei frå islams mange løgner og frå demonane som alltid er så aktive i shamanismen, og gjer dei så audmjuke at dei kan ta imot din nåde. Velsign og beskytt dette folket i ditt eige namn, du som er deira rette konge. 

lørdag 7. juli 2018

Indonesia

Indonesia er eit veldig øyrike med eit samla flatemål på 1,9 millionar km2, og eit folketal på 257,5 millionar menneske. Det er verdas største islamske stat. Hovudstad er Djakarta med sine 10 millionar innbyggjarar. Dei største øyane er Borneo, Sumatra, Irian Jaia (Ny-Guinea vest), Java, Sulawesi, Ambon og Timor. Det blir snakka 722 språk i landet, av desse 257 på Irian Jaia. Berre 29 språk har heile Bibelen, 64 NT, 125 deler av Bibelen og 150 omsettingsprosjekt er påbegynt (2010).
Over 80% er muslimar, over 16% kristne (5,6% evangeliske).

I 1973 las eg "Vekkelsen i Indonesia" av den tyske teologen Kurt Koch. Den greip meg sterkt. Senteret for vekkinga var, slik eg forstod dette, vest-Timor.  Vekkinga braut ut på 1960-talet, og var eit særprega verk av Gud som sprengde grensene for fantasien. Det er mykje okkultisme i Indonesia, og dei mørke kreftene veldige. Under vekkinga vart desse kreftene utfordra og overvunne, og okkulte gjenstandar som trollmenn gjekk med i kroppane sine svall ut gjennom huden på dei, og djevelens tenarar vart trufaste etterfølgjarar av Jesus Kristus. Her las eg elles om folk som gjekk på vatnet, vatn som vart til vin, døde som stod opp, store og omfattande helbredelsar, synd som vart avslørt, språkgrenser som ikkje lenger eksisterte, evangelistar som vart forflytta av Gud i Anden frå den eine plassen til den andre og heile folkgrupper som vart frelst og løyst frå synd og elende.

Framleis flammar dette vekkingsbålet opp her og der, og det gjer også forfølginga av dei kristne. Det går hand i hand. På 1990-talet kom det islamistar frå land i Midt-Austen og drap 3000 kristne på Ambon, og liknande hendingar har også skjedd på Sulawesi.


  • Takk Gud for hans nærvær i Indonesia, og for alt godt han har gjort og framleis gjer i landet.
  • Be om at Jesus skal kronast til konge i alle folkegrupper over heile landet
  • Be om at dei enno mange unådde folkegruppene i Indonesia skal bli nådde med evangeliet om Jesus, og at Anden skal hjelpa dei å forstå og tru at Jesus Kristus er Guds Son og heile verdas frelsar. 
  • Be om fortgang i bibeloversettingsarbeidet, og om at alle språk skal bli bibelspråk innan år 2025. 
  • Be om at Gud skal fri menneska frå alle dei vonde åndene som styrer liva deira inn i synd og undergang. 
  • Be om at Gud skal avsløra islam for indonesarane som ein tom, kraftlaus og løgnaktig religion 
  • Be om gode leiarar for kyrkjelydane
  • Be om at alle nye kristne skal bli godt disippelgjort
  • Be om at dei truande må vera fulle av Andens kraft, og vera modige vitner om Jesus i kvardagen. 



mandag 16. april 2018

Dagens unådde: Lampung Abung, Indonesia

Dette er eit folk med om lag 200 000 individ. Dei er muslimar/animistar (typisk for Indonesia), og bur på Sumatra, den delen av landet som tradisjonelt har ytt mest motstand mot evangeliet og den kristne kyrkja. Dei sitt eige språk: Lampung Nyo. Yrke: Dyrking av ris og pepper, samt fiske. Det er ingen registrerte kristne i dette folket.

Gode Gud! Må evangeliet om riket også bli forkynt for Lampung Abung, og dei du har utvalt til å bli ein del av din familie, bli hausta inn. Me ber om at alt stort og stolt i dette folket som reiser seg mot kunnskapen om Kristus, skal falla i grus, og at folket skal få sjå syndene sine heilt krystallklårt, sørga over liva sine og gå til Jesu Kristi kross med all sin vondskap, og audmjukt be deg om nåde for Jesu skuld. Må du, når den tid kjem, samla dei truande i folket til ei åndsfylt kyrkje med eit kraftfullt vitnemål som skaper tru hos dei alle. Amen!




lørdag 24. juni 2017

Lematang, Indonesia

Lematang lever på Sumatra. Befolkninga er på 305000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar eit språk som heiter musi. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. 0,3% av dei er kristne. 
Lematang vert beskrive som eit gjestfritt og venleg folk. Dei er sterke på fellesskap, og svært hjelpsame overfor nabofolk. Sjølv om dei er muslimar, held dei fast på mange av dei mystiske og magiske tinga dei trudde på før islam kom til Indonesia. 

Herre, du som dreg omsorg for dei trengande og fattige, og frelser alle som ropar til deg. Kom med ditt ord og di frelse i Jesus Kristus til Lematangfolket i Indonesia. Opplys dei og hjelp dei å forstå at dei ikkje kan frelsa seg sjølv med gode gjerningar, men at dei må tru på Jesus og hans fullførte frelsesverk.  Så ber me om at Bibelen snart også må bli omsett til musi. Styrk og fyll dei kristne i folket, lat dei stå tett saman slik at dei vera eit fellesskap som du kan utrusta og bruka til frelse for alle. Hjelp dei å forstå at du er ein gjestfri Gud som inviterer dei til ditt hus, og at Jesus er døra dei må gå inn gjennom. Amen!
































tirsdag 30. mai 2017

Acehfolket i Indonesia

Acehfolket i Indonesia tel 3 445 000 menneske, og lever nordaust på Sumatra. Ingen vart så tungt råka under tsunamikatastrofen i 2004 som dette folket. I mange år er acehfolket blitt blanda med mange andre folkeslag, og dei er difor lysare og høgare enn andre indonesiarar. Dei er svært seriøse muslimar, yt evangeliet om Jesus kraftig motstand og er blitt pådrivarar i islamiseringa av Indonesia og andre deler av Søraust-Asia.

Gode Gud! Desse menneska er viktige for deg, og ein dag skal dei falla på kne og sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud ,vår Fars ære. Må denne dagen koma snart. Bryt ned all motstand mot evangeliet som reiser seg i denne kulturen. Fri dei frå djevelens bedrag og lenker. Syn dei at dei er syndarar som ikkje kan gjera opp for seg, slik at dei må sjå hen til Jesus, han som betalte skulda deira på krossen. Send arbeidarar ut til din haust i acehfolket, lat ditt ord få makt over dei, må dine under skje mellom dei og reis dei opp til å bli dine representantar i Indonesia, ein folk som fremjar DITT rike og ikkje djevelen sitt. Amen! 

torsdag 29. september 2016

Dagens unådde: Daya, Indonesia

Dayafolket er heimehøyande på Sumatra. Dei tel 88 000 menneske. Religion: Islam med ispedd animisme. Språk: Lampung Api. Bibelen: Det nye testamentet. Lyd: Ja. Jesusfilmen: Ja. 

Mindre enn 2% kristne.
Dayafolket er fattige. 1/3 under absolutt fattigdomsgrense. Dei treng særleg hjelp når det gjeld tilgang på helsetenester og på reint vatn.

Far i himmelen! Sjå i nåde til Dayafolket i Indonesia. Hjelp dei få truande  å halda saman og vera gode disiplar som frimodig vitnar om deg.Velsign dei med alt som dei treng for sine timelege liv. Send ordet ditt til dei så dei kan koma til tru på Jesus og bli frelst. Aus Anden din over dei og tal til dei gjennom draumar og syner og fri dei frå islams undertrykkande makt og frå alle vonde ånder som plagar og forfører dei. Lat barna deira få den skulegang og utdanning som er naudsynt å ha i ei moderne verd. Amen!

fredag 30. oktober 2015

Kyrkjer brenn i Acehprovinsen i Indonesia




Acehprovinsen på Sumatra i Indonesia er kjent for å vera strengt muslimsk. Men Guds rike går fram der likevel. Dette vekker motstand i mange konservative muslimar, og militante ungdomar har no teke saka i eigne hender og går rundt og herjar og brenn ned kyrkjer i den sørlege delen av området. Den 13 oktober vart ein mann skoten i hovudet og drepen under eitt av desse åtaka. Han og nokre vener freista å stoppa mobben. Utfallet vart fatalt. Presidenten i Indonesia Joko Widodo har no gått ut og mana til fred og det han kallar "religiøs harmoni."
Dette melder www persecution.net og Christian Solidarity Worldwide

Dei truande i Aceh treng Guds vern no. Be for dei.


lørdag 27. september 2014

Komeringfolket i Indonesia


Komeringfolket held til langs Komeringelva djupt inne i Sumatra. Dei tel i følgje josuhaproject.net 593 000 menneske. Komeringfolket er i hovudsak risbønder. 99,9% av dei er muslimar, men dei blandar mykje animisme inn i trua si. 0,06% er kristne, og berre 0.02% evangeliske, dvs 120 personar. Komeringfolket snakkar ein språk som er i slekt med malayisk. Dei har ulike dialektar, men alle meistrar også indonesisk. Det føreligg ikkje noko bibeloversetting til komeringspråket, men Jesusfilmen er dubba, og elles er det nokre bibeltekstar som er innleste på lydspor.

Kjære Jesus! Din kjærleik til komeringfolket går langt utover det som me kan forstå, og din død var også til soning for deira synder. Driv arbeidarar ut til din haust mellom dei. Gje dei få disiplane dine i dette folket mot og kraft til å dela ditt evangelium med stammefrendane sine. Send vekking inn mellom dei, må lyset ditt fløyma over dei, må Anden strøyme inn i liva deira som regnvatnet på rismarkene og skapa liv, vekst og ein rik haust. Så ber me om at den dagen skal koma då dette folket stolt opnar sine eigne biblar for å lesa ditt ord på sitt eige hjartespråk. Velsign dette folket på alle vis, må din godleik møta dei i stort og smått og driva dei til omvending. Amen!



onsdag 27. august 2014

Dagens unådde: Bengkulufolket i Indonesia


Dei rundt 80 000 bengkuluane bur og lever i eit lite område sørvest på Sumatra, som vart tungt råka av tsunamien i 2004. Dei kjem opprinneleg frå Malaysia. Sjølv om dei er muslimar, tek dei vare på mange av dei gamle religiøse førestellingane, og dei gjennomfører seremoniar som skal verna dei mot vonde åndsmakter. Det er mykje redsle for at fæle ting skal skje mellom bengkuluane. Bengkuluane snakkar malaysisk, og har tilgang på Det nye testamentet. Me kjenner ikkje til at det skal vera nokon innan folket som kjenner Jesus.

Herre Jesus! Me ber i ditt namn at du skal fria bengkulufolket frå alle åndsmakter som bind dei fast i redsle, at dei skal forstå av hjarta at dei er elska av den evige Gud, og at du på krossen har fjerna syndene deira og overvunne dødens og djevelens makt. Må nokre av dei mange kristne i Indonesia bli merksame på bengkuluane og gjera det til si oppgåve  å bringa ditt lys til dei, og må dei opna seg for lyset, snu seg bort frå synd og avgudsdyrking, bli fødde på nytt og samla seg til sterke, vitale og misjonerande kristne fellesskap. Amen!



Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...