Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2026

IS-åtak mot kristent gravfølgje i Jordan

Ni kristne vart drepne 23.oktober av islamistar under ei gresk-ortodoks gravferd i St Georg-kyrkja i landsbyen Hammoud i Karakregionen i Jordan. 40 personar vart såra under det blodige åtaket. 

Jordanske styresmakter har arrester tre menn etter ugjerninga, og gjennomført flyåtak mot IS-leirar i sørlege deler av Syria som eit svar på denne massakren. Syria klagar på grensekrenkingane. 

Dronning Ranja har reist for å trøysta dei sørgande. 

Be om trøyst og stryke til alle pårørande
Be om Guds fred over situasjonen og menneska som vart råka
Be om lækjedom for dei mange skadde. 
Be om rettferdig straff for dei skuldige

mandag 21. juli 2025

Blodbad på drusarar og kristne i Syria


Sist veke vart pastor Khaled Mezhir og familien hans på 20 medlemmer skånselslaust massakrerte i Suweida i Syria. Khaled leia The Good Shepherd Evangelical Church, og no er kyrkjelyden blitt spreidde for alle vindar. Sunnimuslimske beduinar, syriske regjeringsstyrker, ISIS og Al Qaida (her er det ingen vasstette skott) kan sist veke ha teke livet av over tusen drusarar og kristne, og bortført mange.

Be om fred i regionen, og om vern, trøyst og nytt mot for dei som er råka av dette blodbadet.

Be om at den etniske og religiøse reinsinga som no pågår i Syria må koma på dagsorden i dei store mediehusa.

Be om framtid og håp for Syria

Be om at Gud må samla igjen, og at han skal reisa opp nye leiarar som kan næra flokken med Guds ord.

søndag 22. juni 2025

Martyrkyrkja. Syria. Minst 20 kristne drepne i Damaskus i dag.


Den kristne avisa Dagen skriv i dag at m
inst 20 personar ble drepne og over 50 såra da ein sjølvmordsbombar gjekk til åtak på  Mar Elias-kyrkja i bydelen Dweila i Damaskus søndag. Åtaket skjedde under ei gudsteneste i den gresk-ortodokse kyrkja, som ligg i utkanten av den syriske hovudstaden. Gjerningsmannen skal ha vore knytta til terrororganisasjonen IS. 

Gode Gud! Sjå i nåde til alle som er råka av denne ugjerninga. Trøyst dei som sørger, læk dei skadde, og fyll dei truande med tru, håp og nytt mot. Må dei som har vore involverte i planlegginga av attentatet bli avslørte, arresterte, dømde og straffa på ein rettferdig måte. Amen! 

mandag 1. november 2021

Dagens unådde folkegruppe: Adyghe i Syria

 


Adyghefolket finn me i mange land. Totalt er  det noko over 600 000 av dei. Dei stammar frå Kaukasus. På 1930-talet flykta dei frå Josef Stalins brutale drapsmaskin, og vart spreidde over mange land. Befolkninga i Syria er på 29000. Dei lever i grenseområdet mot Jordan. 0,4% er kristne. Resten muslimar. Dei snakkar sitt eige språk. NT er omsett til Adyghe, like eins delar av GT.

Herre Jesus! Du seier i Salme 102 at folkeslag skal frykta ditt namn, og alle kongane på jorda din herlegdom. Denne lovnaden proklamerer me no over adyghefolket i Syria, og ber om at dei skal bli gjenstand for forkynniga av evangeliet, at dei skal koma til tru, overgje seg til deg, bli døypte av din Ande og  disippelgjort. Amen!

Kjelde: joshuaproject.org


lørdag 18. juli 2020

Irak



Irak dekker det tidlegare Mesopotamia, landet mellom elvane (Eufrat og Tigris)  der kulturen si vogge stod. Her budde sumerarane, babylonarane og assyrarane, folk som la igjen etter seg rike kulturskattar og som kvar på sitt vis var med å forma skriftspråket med bokstavar, og teikn, og som gjennom avanserte irrigasjonsanlegg hadde gjort det mogeleg å dyrka mat over store områder, og slik vart dei rike til å utvikla både kultur og bli ei krigsmakt sterk nok til å etablera dei første verdsrika i historia.  Dette området sine bidrag til den historiske utviklinga er heilt enorm. 

Irak er i dag eit krigsherja og krigstrøytt land med over 40 millionar innbyggjarar. Frå 2014-2018 var store deler av dei nordlege områda under IS-kontroll, dette diabolske regimet som etablerte ein eigen stat i skuggen av borgarkrigen i Syria, og som kunne ekspandera fordi amerikanarane i stor grad hadde forlate området. Sjølv om IS er nedkjempa, er området ei kruttønne, ei tidsinnstilt bombe med eit kurdisk sjølvstyreområde i nord-aust, med Iranske styrkar i Bagdad, med eit mylder av ulike terrorgrupper, nokre shia og nokre sunni. Før krigen braut ut i Irak var det 2 millionar kristne i landet, dei fleste armenske og assyriske med røter attende til den første kristne tid. No er det kanskje 200 000 att. Resten er drepne eller har flykta.

Kjære Far i himmelen! Du er den rette far for alle menneske, og gjennom Jesus har du etablert ein open veg for oss attende til deg. Me ber deg i dag for det som er att av kyrkja i Irak, styrk dei truande, beskytt dei mot djevelens raseri og leid dei ved din Ande. Me ber om at evangeliet om riket skal bli forkynt for irakarar som aldri har fått høyra om Jesus. Takk for at du gjer under i dette landet, for at du openberrar deg for enkeltpersonar gjennom syner og draumar, og takk for dei som trufast deler ditt ord med folk i Irak. Må evangeliet bli trudd og teke imot, og må dette landet bli forvandla av forvandla menneske. Amen!

fredag 20. juli 2018

Israel

I dag ber me for Israel.
Israel har eit areal på vel 20 000km2 (som Hedmark fylke) og eit folketal på 8 millionar.
Då landet vart grunnlagt som eit heimland for jødar i 1948, meinte mange at gamle profetiar i Bibelen vart oppfylte. Det er også mi tru og meining.

Hovudstad er Jerusalem, byen som alles auge er retta mot, Davids by,  Jesu eigen by, steinen som heile verda prøver å løfta på, ein by som ligg Gud på hjarta, byen som Jesus Kristus ein dag vil koma attende til.  Etter 6-dagarskrigen i 1967 er gamlebyen annektert av Israel, noko som gjer byen til eit strides eple i verdspolitikken.

Det er 12000 messianske jødar i Israel. Kyrkja veks år for år, men det gjer også forfølginga av dei kristne.

75,5% av befolkninga er jødar. 20,4% er arabarar. Desse har fulle statsborgarlege rettar, men ikkje verneplikt.

Det er enno høg immigrasjonsrate til Israel. Jødar under press frå heile verda kjem attende til fedrane sitt land.

Israel er ein høgteknologisk nasjon som er langt framme når det gjeld forskning og utvikling innan industri (forsvar), jordbruk og medisin.

Israel har måtta forsvara seg mot arabiske åtak i 1948, 1956, 1967, 1973 og 1982. I dag er landet truga av palestinsk Hamas i sør, iranstøtta Hizbollah i nord og spenninga på grensa mot Syria aukar pga borgarkrigen der. Regulæra iranske styrkar opererer i dette grenseområdet. Enorm eldkraft kan når som helst utløysast mot Israel.


  • Takk for at evangeliet om Jeshua Messias har slått røter i Israel, og for alle dei åndsfylte messianske kyrkjelydane i landet.
  • Be om at dei skal bli bevarte i trua, bli leida av Anden og alltid har reine samvit. 
  • Be om at heile Israel og det jødiske folket skal anerkjenna  Jeshua (Jesus) som sin einaste rette konge og frelsar.
  • Be om at landet og folket skal bli verna mot åtak og terrorhandlingar, og elles bli godt i varetekne. 
  • Be om at palestinarane både i Gaza og i Judea og Samaria skal bli kjende med Fredsfyrsten, og at israelarane og palestinarane kan samlast som eitt folk under èin hyrding. 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...