Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg

tirsdag 14. oktober 2025

Russland del 2


 Millionar kjempar mot fattigdom og vonløyse. Russland har ei av verdas eldste befolkningar, samt låge innvandringstal. Russlands befolkning søkk med over 500 000 kvart år, og fødselsraten er blant verdas lågaste. Samtidig er Russlands abortrate ei av verdas høgaste. Alkoholisme, narkotikaavhengigheit, sjølvmord og familiesamanbrot øydedelegg mange liv. Russland har også ein av Europas høgaste infeksjonsrater for ei rekke sjukdomar, men helsekostnadene er for høge til at mange kan dra nytte av dei. I fredstid driv mange ungdommer med hedonistisk utskeiingar. 

Krigen i Ukraina, og det at mange unge menn flyktar ut for å sleppa å gå i krigen, frårøvar landet for den neste generasjonen.

* Be om at Gud skal sjå i nåde til dette landet, og lære befolkninga å tru på Jesus og å leva liva sine i samsvar med Guds gode lover. 

* Be om at det må bli eit oppgjer med og ein slutt på misbruk av alle typar rusmidlar, aggressiv livsstil, partnerdrap, seksuelle overgrep, incest, abortar, seksuell umoral, økonomisk bedrageri, hat og krigsmentalitet.

* Be om at Gud skal reisa opp apostlar, profetar, evangelistar  hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala Guds vilje inn i liva til høge og låge, rike og fattige, mektige og avmektige. 


onsdag 18. juni 2025

Abort fram til fødsel avkriminalisert i England

 


Alliance Defending Freedom (ADF) melder i dag at Underhuset i det britiske parlamentet har vedteke eit lovutkast som avkriminaliserer abort fram til fødselen, noko som inneber at kvinner som sjølve drep fosteret ikkje skal bli etterforska, tiltalt, dømt og straffa. No blir vedtaket sendt over til Overhuset for ratifisering. Be til Gud om at lordane set foten ned til forsvar for kvinner og barn. Det er lett å sjå for seg no at dette fører til at kvinner døyr som eit resultat av eige inngrep, og så kjem kravet om trygge "seinabortar" på sjukehus.

Dette vedtar altså eit parlament som har vedteke at det er forbode å be stille bøner for ufødde barn innafor ei grense på 300 meter frå inngangen til ein abortklinikk. Dette er ein kosmisk kamp for livet. Ver med å be:

Gode Gud! Sjå i nåde til England. Må lyset ditt fløyma over denne nasjonen og løfta folket opp åndeleg og moralsk slik at vanlege folk og politikarar forstår at det edle og sanne er å verna om dei ufødde frå dei er unnfanga, og start med lordane i Overhuset. Amen!

onsdag 21. juli 2021

Israel

 

Israel er, saman med Egypt, den nasjonen på jorda med djupaste historiske røter. Men medan Egypt i dag er ein arabisk nasjon med ein gamalegyptisk kristen minoritet, var Israel ein jødisk nasjon heilt frå starten av, og er det framleis. Etter nesten 2000 år i  diaspora, vart det moderne Israel etablert 14.mai 1948. Det var eit historisk mirakel, ikkje minst sett i lys av at Hitler og nazi-Tyskland hadde gjort sitt ytste frå 1942 til 1945 å utsletta dei. Israel er sanneleg Guds eigen nasjon på jorda. Dei er elska av Gud for fedrane si skuld, står det i Bibelen, medan me som er Jesustruande ikkje-jødar, med er elska av Gud for Kristi skuld. 

Israel har nesten 9 millionar innbyggjarar, og folketalet aukar jamt og trutt, ikkje minst pga innvandring. Over 2 millionar av statsborgarane er forresten arabarar. 

Sidan flatemålet er beskjedent, vel 21000 km2, bur folk tett. Nesten 400 per km2. Til samanlikning er det ikkje meir enn 14 per km2 i Noreg. 

Israel har mange fiendar. Heilt frå staten vart etablert, har arabiske naboar freista å utsletta han frå kartet, men utan å lukkast. Antisemittismen i verda i dag rettar seg i stor grad mot Israel. Men også jødefolket i andre land merkar at hatet mot dei aukar både frå muslimar, høgreekstreme og faktisk heilt vanlege folk, ikkje minst i Noreg der stadig fleire parti, kommunar og interesseorganisasjonar går inn for å boikotta israelske produkt frå Judea og Samaria (Vestbreidda), eit området som heilt utan grunn blir sett på som okkupert. Stadig fleire, også Den norske kyrkja, snakkar forresten som om heile Israel er okkupert område, og dei skuldar Israel for å vera ein apartheidstat som driv med krigsbrotsverk og endå til folkemord på palestinarar, noko som er heilt på jorde i og med at 2 millionar av dei er israelske statsborgarar, og 12 av dei har plass i Knesset, Israels folkevalde parlament.  

Israel er i dag ein moderne høgteknologisk stat som utnyttar arealet sitt svært effektivt til matproduksjon, og dei eksporterer både jordbruksprodukt og teknologi til andre land. Utan israelske produkt hadde korkje datamaskinane eller mobiltelefonane våre fungert, ei heller mange av dei avanserte apparata som finst på dagens sjukehus som kvar dag er med å bergar mange liv. 

Mange jødar er sekulære, og trur ikkje på noko som helst, men dei fleste har likevel ein eller annan tilknytning til jødedomen. Alle overheld sabbaten, og dei store jødiske høgtidene er arbeidd inn i kalenderen.  

17,9% av befolkninga er muslimar. 1,9% er kristne (0,2% evangeliske), og 1,6% er drusarar (kjelde: CIA World Factbook)

Mange av dei kristne er arabarar som tilhøyrer ortodokske og katolske kyrkjer. Men no veks det fram stadig fleire messianske jødiske kyrkjelydar som eit resultat av evangelisk misjon, og organisasjonen One for Israel, som i stor grad vert driven av Jesustruande jødar, opplever stor suksess med internettsatsinga si både mellom jødar og arabarar. Det synest klårt: Jesus Kristus er den einaste som kan skapa fred og forsoning mellom jødar og arabarar. 

Nesten ingen jødar i Israel veit kven Jesus er. Han er eit forbode samtaleemne, og i skuleverket blir han ikkje nemnt. Kvifor er det slik? Fordi det er den kristne delen av verda, ofte med kyrkja i spissen, som gjennom historia har påført dette folket den største sorg og smerte. 

Gud valde i si tid ut Israel gjennom Abraham forat dette folket skulle bringa openberringa av Gud til heile verda. Det har også skjedd i og med at Bibelen er ei jødisk bok, og Jesus og apostlane alle var jødar. Men Gud er ikkje ferdig med folket enno. Når den nasjonale kristen vekkinga råkar nasjonen, vil heile folket bli involvert i ein svært suksessrik verdsmisjon. Dette les me om i Romarbrevet 11. 

Israel er ein moderne vestleg stat også på den måten at dei ikkje berre aksepterer kjønnsmangfaldsrørsla, men promoterer denne, og Israel er på verdstoppen i talet på abortar per tusen kvinner per år. 

Be om at Gud skal verna Israel og verdas jødar mot overgrep og åtak. 

Be om at forsoning og fred mellom jødar og arabarar i og utanfor Israel

Be om at evangeliet må spreia seg som ein surdeig i nasjonen til alle i Israel veit kven Jesus er. 

Be om at israelarane og alle verdas jødar må falla ned for Jesus og anerkjenna han som Herren Israels Gud. 

Be om at dei skal forstå at Jesus vart såra for deira brot og knust for deira misgjerningar, at straffa låg på han for at dei skulle ha fred, og at dei ved hans sår har fått lækjedom. 

Be om at Gud skal reinsa nasjonen for ulydnad, urett og ureinskap.

Be om at landet skal ta eit kraftig oppgjer med abortlov og abortpraksis.

Be om at Israels land og folk må bli gjeninnsett i Guds plan med tanke på frelse for alle nasjonar. 





mandag 9. april 2018

Kina

Kina er med sine godt 1,4 milliardar menneske verdas mest folkerike land. Dei fleste bur langs austkysten. Kina har ein turbulent historie. Det fleire tusenårige keisarriket vart styrta og erstatta av kommunistregimet til Mao Tse Dong i 1949. Han isolerte Kina frå omverda og innførte tusenvis av "folkekommunar" som skulle vera sjølvforsynte med varer og tenester. Det var ein rein katastrofe for landet. Inkompetanse, vanstyre, forfølging og svolt førte til at 40 millionar menneske mista livet i laupet av "det store spranget" og "Kulturrevolusjonen", Mao sine to store politiske prosjekt, frå 1957 til 1976. 

I tillegg innførte han eittbarnspolitikken. Forbodet mot å ha meir enn eitt barn har ført til at 
det i Kina no kvart år vert føreteke 13 millionar abortar, og sidan alle helst skal ha gutar, er det i dag eit manko på 30 millionar kvinner i landet, noko som har ført til eit hav av prostitusjon og sexslaveri. Unge kvinner er blitt ei salsvare, og ufatteleg mange jenter vert kidnappa til denne skitne businessen.

Trass i eittbarnspolitikken har ein del kvinner likevel fått fleire barn. Overskotsbarna er ikkje blitt registrerte, dei får ikkje personnummer og har ingen rettar i samfunnet. Verst stilt er barn av kinesiske menn og nordkoreanske konkubiner.

Eittbarnspolitikken er no formelt oppheva, men den store befolkninga vert stadig eldre, og etterkvart vil mangel på arbeidskraft bli eit stort problem for landet. Vanskeleg å sjå korleis dette skal kunna løysast.

Etter Maos død i 1976 overtok Deng Xiao Ping makta i landet. Det førte Kina inn i ein heilt ny retning. Han gjorde slutt på isolasjonismen og innførte marknadsøkonomi i næringslivet medan han beheldt kommunismen i politikken. Denne endringa gjorde etter kvart Kina til det største eksportlandet i verda, og i dag er landet, nest etter USA, verdas nest største økonomi. Kinesarane produserer eit hav av varer frå klede til supermoderne teknologisk utstyr. Landet har dei siste åra hatt ein økonomisk vekst på nærare 8%, men denne er no på veg ned.

Den nye rikdomen er ikkje jamnt fordelt, men samlar seg i dei store byane. Det er DER det moderne Kina er å finna. På landsbygda er alt som før, og folk lever ofte i djup fattigdom.

Mange fattige flyttar til byane for å jobba, men hamnar fort i slumområder der kriminaliteten er høg.

Kina har eit enormt miljøproblem. Røyk frå koldrivne el-kraftverk og eksos frå mange millionar bilar gjev folk store helseplager. Elles er elvane som kjem frå Himalaya sterkt forureinsa av skadelege kjemikalier og søppel.

Den kinesiske modellen med ei usalig samrøre av politikk og privatkapitalisme har ført til eit svært høgt korrupsjonsnivå. President Xi Jinping har det siste året sikra seg all politisk makt, og han har starta kampen mot korrusjonen med å kasta alle sine politiske motstandarar i fengsel skulda for økonomisk uærlegdom.

I 1949 vart alle vestlege misjonærar kasta ut av Kina. Då var det 2 millionar kristne i landet. Lenge trudde kyrkja i vest at kyrkja i Kina var død. Men då det politiske tøværet starta i 1978, og landet opna seg mot omverda, synte det seg at kyrkja hadde overlevd den maoistiske istida, og alt då vart det snakka om at det eksisterte ei undergrunnskyrkje med 100 millionar kristne. Dette talet var nok betydeleg overdrive, men i dag reknar Operation World med at det er 105 millionar kristne i landet (2010), og at 75 millionar av dei er evangeliske. Den kristne rørsla i Kina er ekstremt ekspansiv, tusenvis av nye menneske kjem til tru kvar dag, og hundrevis av nye kyrkjelydar skipa. Mange kinesiske kristne reiser i dag ut som misjonærar til andre land i Asia, og dei er å finna m.a. i kurdiske områder i Levanten. Kinas undergrunnskyrkje har som mål å senda ut 10% av medlemmene sine for å fullføra misjonsbefalinga i Asia, der mestedelen av verdas menneske bur.

Denne suksessen har ført til at dei ateistiske styresmaktene fører streng kontroll med utviklinga, og forfølginga av kristne blir i desse dagar betydeleg intensivert. Kyrkjer vert jamna med jorda, og kristne leiarar fengsla og tiltalte for politisk undergraving og for å vera ein tryggleiksrisiko. Det siste eg no las var at Bibelen ikkje lenger skulle vera tilgjengeleg på internett. Men dette er dei truande i Kina vane med, og dei veit korleis dei skal handtera forfølging.

Den store vekkinga i Kina vert rekna som utan sidestykke i historia. Men mangelen på biblar har ført til at avvikande retningar har dukka opp der kristendom og gamal kinesisk tru vert sausa saman til ein usmakleg religiøs miks.

Det er 500 ulike etniske grupper i Kina. Han-kinesarane er den dominerande, og desse har ein tendens til å sluka dei andre gruppene, fjerna deira eigenart og assimilera dei i det storkinesiske samfunnet.

Kina har alltid hatt eit øydeleggjande narkotikaproblem, tradisjonelt med røyking av opium. Narkotikamisbruket er i dag eit formidabelt og kostbart samfunnsproblem som skaper eit hav av kriminalitet og sorg.


  • Takk Gud for vekkinga i Kina og for alle dei truande der
  • Be om at evangeliet skal gjennomsyra og transformer heile samfunnet
  • Be om at dei kristne skal få tilgang til nok biblar å hjelpa seg med
  • Be om gode leiarar for kyrkjelydane
  • Be om einskap mellom dei truande
  • Be om styrke for dei som sit i fengsel
  • Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga
  • Be om kommunismens fall
  • Be om at landet skal bli velsigna med ærlege og rettsindige leiarar med demokratisk sinnelag
  • Be om at det må bli ein slutt på den blodige abortpraksisen, og at barna i mors liv skal få reelt rettsvern og bli tekne godt vare på.
  • Be om rettssikkerhet for Kinas befolkning
  • Be om at narkotikamafiaen skal sprengast, og at folket skal bli edrueleg og finna djupt tilfredsstillelse i Kristus. 
  • Be om at heile befolkninga skal bli berørt av Den Heilage Ande, og at religiøs fridom skal føra til fridom på alle livsområder. 
  • Be om at truande kloke menneske skal seila opp som nye leiarar for landet, og at Gud skal gje sine barn den kunnskapen og visdomen som trengst for å løysa dei mange problema som dette store riket står overfor. 
  • Lytt til denne åndsfylte bøna for Kina:



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...