Viser innlegg med etiketten Karibia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Karibia. Vis alle innlegg

lørdag 24. juli 2021

Jamaica

 


Jamaica har nær 4 millionar innbyggjarar. Landet har ein rik kristen arv, og ein lang historie med å senda misjonærar til andre land. Ikkje i noko anna land i Karibia har evangelisk kristendom ein så sentral posisjon som der. Det jamaicanske bibelselskapet har ein visjon om å skaffa biblar til alle dei andre små statane i området, og dei har særleg fokus på å nå unge menneske, som det er mange av. Det er 15 bibelskular og teologiske seminar i dette landet, og den årlege lærekonferansen over tre veker i Keswick (Keswick convention), som faktisk føregår akkurat no, er blitt eit festningsverk for bibelsk teologi, kristent liv og utsending av misjonærar til Karibien (du finn meir om Keswick cenvention her: Convention 2021 - Keswick Ministries

  • Be om at Gud skal fullføra det gode som han har starta på Jamaica. 
  • Be om at Bibelselskapet skal lukkast med arbeidet sitt med å spreia Bibelen til nye generasjonar unge menneske i Karibia. 
  • Be om at bibelskulane og seminara skal vera fulle av menneske som ønskjer å bli betre kjent med Gud og hans ord, og som søker utrustning til teneste. 
  • Be om at kyrkjelydane på Jamaica skal vera fulle av liv, at stadig nye menneske skal koma til tru og bli disippelgjort. 
Trass i dette finn Jamaica seg i dag midt i eit moralsk og sosialt samanbrot. Mektige Sør-Amerikanske narkotikakartell som brukar Jamaica som transittland for kokain til USA, har fått stor innflytelse. Dei spreier vald og drap i stor skala, slik at landet i dag kjem på fjerde plass når det gjeld talet på mord per 1000 innbyggjar per år. Valdtekter og seksuelt misbruk av barn er vanleg i heimane. No ber styresmaktene kyrkjene om hjelp for å koma dette og all korrupsjon i landet til livs. På den årlege bønefrukosten for nasjonale leiarar møtest dei mest sentrale politiske leiarane saman med leiarar frå næringsliv, politi, tryggleikstenestene og kyrkjene for å be Gud om å intervenera og koma dei til hjelp.

  • Be om at den allmektige Gud skal setja ein effektiv stoppar for narkotikakartella. 
  • Be om at marknaden for kokain i USA skal kollapsa slik at det ikkje lenger blir noko økonomi i produksjon og sal av desse djevelske stoffa. 
  •  Be om at Gud skal utrusta og hjelpa leiarane i landet til å finna effektive mottiltak mot kriminaliteten som har teke overhand. 
  • Be om at jamaicanarane skal stå imot freistinga til å ta imot pengar for å ta del i smuglinga av kokain. 
Kjelde: operationworld.org



lørdag 7. mai 2016

Cuba

Cuba er ei perle i Karibien. Landet har hatt kommunistisk styre sidan 1959 då Fidel Castro kom til makta etter ein lang revolusjonskrig. USA innførte handelsrestriksjonar mot det nye regimet, og Castro orienterte seg mot Sovjetunionen. Dette førte i 1962 til Cubakrisa då verda vippa på kanten av full atomkrig. På 1970 og 1980-talet var landet ein eksportør av marxisme og revolusjon til Latin-Amerika og Afrika. Etter at Sovjet braut saman i 1991, har landet slite økonomisk. Sukkerproduksjonen sokk då kraftig, og dette førte til store inntektstap. Sukker har gjennom mange år vore den viktigaste eksportvara. Den amerikanske handelsboikotten, høg emigrasjon, utbreidd korrupsjon, ineffektiv produksjon, øydeleggjande sosialistisk planøkonomi, strenge restriksjonar på private initiativ og ei uendeleg rekkje med orkanar som tek liv og knuser hus, utarmar landet. Men alfabetiseringsgraden er høg, likeeins nivået på helsetenester.

Den amerikanske presidenten Barack Obama går no inn for oppheving av handelsboikotten, og det går no daglege flyruter mellom USA og Havanna, hovudstaden på Cuba. Dette har skapt ny optimisme i landet.
Folketal: 11200000. Svakt årleg nedgang. Språk:Spansk.
Staten er i dag sekulær, men ikkje ateistisk som før.
Kyrkja er likevel utsett for restriksjonar og hindringar. Styresmaktene er redde for fridomskrafta i trua.
6,2 millionar er kristne. Over 2 millionar ikkje.religiøse og like mange dyrkar ein eller annan etnisk religion.
Av dei kristne er 5,2 millionar romerks katolske, og rundt 1 million tilhøyrer protestantiske kyrkjesamfunn, Dei sistnemnde har ein årleg vekst på over fire prosent. Det er svært mykje.

Kjelder:  Operation World 2010  (Jason Mandryk). Nyheitssendingar

  • Det er grunn til å takka Gud for stor framgang for evangeliet på Cuba
  • Restriksjonar og fientlege haldningar har reinsa kyrkja. Dei kristne har lært seg å stola radikalt på Jesus og halda saman i kjærleik. Be om at dei må bli bevart i heilagdom.
  •  Takk også for at dei truande står fram som mogne kristne som er dugande til alt godt. Dei har ein djup kristen og cubansk identitet. 
  • Det er Castrofamilien med Raol i spissen som regjerer Cuba. Be om frelse for Fidel ( som er 90 og svært svak) og Raol, og be om at kommuniskregimet skal avløysast av eit sunt og levande demokrati der kristne verdiar overtek som fundament for samfunnet.
  • Medan Castrofamilien har sikra seg enorme rikdomar, lever folk flest i djup fattigdom.Dette fører til ein omfattande svart økonomi og prostitusjon.  Dagens system er ikkje berekraftig. Be om eit radikalt systemskifte slik at landet gradvis kan byggja opp eit nytt privat næringsliv med kristne verdiar i botn. Me ønskjer næringslivsleiarar som tener folket meir enn si eiga lommebok, folk forma og fostra av Jesus Kristus.
  • Låg fødselsrate gjennom mange år har gjeve Cuba eit kjempestort demografisk problem. Ytterst få unge mennesker skal ta seg av eit hav av eldre mennesker. Utan hjelp frå Venezuela, Kina og  Bolivia hadde det vore reine svolttilstandar i landet. Be om Guds velsigning over naturen og næringslivet i landet, at landet skal bli transformert av Den Heilage Ande, at abort skal bli forbode, at det skal bli eit barne og kvinnevenleg samfunn, at vald og seksuell umoral vert reinsa bort i Jesu namn. 
  • Det trengst forsoning mellom cubanarar. 500 000 har vore i fengsel pga trua eller meiningane sine, over ein million har flykta, for ein stor del til Florida. Be om ein god prosess der folk tilgjev kvarandre og at Cuba gradvis skal koma på god fot med resten av verda. 
  • Be om at den katolske kyrkja skal bli reinsa frå spiritisme og synkretisme. Folk blandar i stor grad kristen tru med klåre heidenske forestillingar og handlingar. 
  • Be om at den evangelisk-karismatiske vekkinga skal transformera Cuba som nasjon. 
  • Be om at dei truande held ut diskriminering, trakassering og fengsling (som enno skjer), og utnyttar snublesteinane til trappetrinn. Styresmaktene er livredde for at evangeliet og kyrkja som sosial rørsle skal undergrava kommunismen slik som det skjedde i Aust Europa og som dei ser skjer i Kina. 
  • Infiltrasjon frå styresmaktene i huskyrkjer har gjort cubanske kristne mistenksame mot kvarandre. Be mot denne tendensen.
  • Be om at kyrkja skal basera seg på Jesu disippelskapsmodell, og slik utvikla nye leiarar lokalt og nasjonalt med høg kompetanse og kvalitet. 
  • Be om at Bibelen skal spreiast effektivt til befolkninga over heile Cuba. Regjeringa har sett restriksjonar i verk for å hindra spreiing av kristen litteratur. Be mot dette fanteriet.
  • Be om at cubanarar i diaspora også skal søkja og finna Jesus Kristus.
  • Cubanske styresmakter har forbode kortbølger og internett, og det er vanskeleg for cubanarane å få inn kristne radiosendingar. Be om at det må finnast ei løysing på dette
  • Be om framgang for evangeliet i musikarmiljøa. Cubanarane elskar musikk, og dette er den viktigaste og mest effektive måten dei kommuniserer på.


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...