Viser innlegg med etiketten shintoisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten shintoisme. Vis alle innlegg

onsdag 28. juli 2021

Japan

 

Kart henta frå CIA World factbook

Folketal: 126 050 796. 70% er buddhistar (shintoisme). 1,5% kristne. 0,5% evangelisk kristne. Resten av befolkninga er truleg sekulære. Det er 23 unådde folkegrupper i Japan. 28% av befolkninga er heilt uevangeliserte. 

Japan er blitt kalla ei stormakt utan moralsk kompass. 30 000 unge menneske tek årleg sine eigne liv. Det manglar håp, blir behandla dårleg av foreldra sine, forventningar og krav er skyhøge og mange, mange jenter hamnar i prostitusjon. Japan har høg skilsmålsrate, og også mellom vaksne er sjølvmord vanleg. I eit slikt sosialt klima er det mogeleg for kyrkja å representera ei mektig motkraft. 

Be om at Guds kjærleik, kraft og lækjedom skal strøyma ut frå alle Jesustruande japanarar, og at kyrkjene skal opna seg mot samfunnet og skapa trygge miljø for vanlege folk der dei kan både finna samfunn med Gud og med Guds barn. 

Mektige åndskrefter knytta til avgudsdyrking av mange slag hindrar utbreiinga av evangeliet.

Be om at Den Heilage Ande skal bryta gjennom i kyrkjelydane, fylla og utrusta dei kristne til å avsløra løgnene i buddhsimen, shintoismen, fedredyrkinga og okkultismen, og be om at desse åndsretningane og demonane bak dei skal tapa makta si over den jamne mann. 

Pga låg fødselsrate og høg forventa levealder går Japan langsamt mot eit stup. I 2055 vil halvparten vera pensjonistar. Dette kan ikkje landet kunna bera økonomisk, og det vil ikkje vera nok unge folk til å kunna ta vare på alle desse gamle. Dette vil opna for utanlandske misjonar. 

Be om at landets mange gamle må bli møtt av Gud og bli opne for evangeliet om Jesus. Be også om at japanarane skal læra seg å leva bærekraftig, at dei unge gifter seg, danna familiar og får barn. Utan det har landet ikkje noko framtid.  



onsdag 24. april 2019

Dagens unådde; Japanarar i Japan

Japanese

Kjelde: www.joshuaproject.net.
Det er 121 855 000 japanarar i Japan. Av desse er 1,2% kristne, kun 0,3% evangeliske. Dei snakkar naturlegvis japansk, og religiøst kombinerer dei buddhisme og shintoisme. Sistnemnde har sine røter i animismen, og japanarar trur på mange ånder, vesen som dei kallar "kami". Konfusianismen og taoismen har også bidrege til å forma japanarane si tru og sin levemåte.

Japanarane lever i stor velstand, noko som har alltid ein tendens til å tåkeleggja dei åndelege behova folk har.

Bibelen har i lang, lang tid vore tilgjengeleg for japanarane i alle format.

Herre Jesus! Du har forma japanarane til eit folk heilt utamom det vanlege, og utrusta dei med høge åndsevner med den hensikt at dei skulle tena alle verdas menneske med sin genialitet. Men dei kjenner ikkje deg, og har gjennom åra kome langt bort frå dine gode planar, tilbedd gudar som ikkje er gudar, dyrka stoltheiten og gjeve rom for verdiar som kjem frå djevelen, og bygd opp høge forsvarsmurar i tankane og kulturen sin mot kunnskapen om Kristus. Herre, bryt alt dette ned, og slå sundt alt religiøst menneskeverk som dei støttar seg til, slik at dei ikkje finn noko anna å gripa til enn evangeliet om din død og di oppstode. Gje dei ein stor tørst og hunger etter dine sanningar og etter Sanninga, som er du. Må japanarane i Japan bli eit atterfødd folk som elskar deg, ærar deg og tener deg med alt dei er og har. Amern!

Map of Japanese in Japan

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...