Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Finland er eit stort sett sekulært samfunn, sjølv om kristne utgjer rundt to tredjedelar av befolkninga. 90% ser positivt på kyrkja sitt sosiale arbeid, men berre 8% deltek jamleg på nokon form for religiøs gudsteneste. Den siste vekkinga kom på 1960-talet. Sterk tru på menneskeleg fornuft og avvising av overnaturlege ting dominerer no samfunnet. Eit ultramoderne land som Finland treng sannsynlegvis både reformasjon i den eksisterande kyrkja og nye uttrykk for tru.
Be om eit åndeleg gjennombrot som vil få folk til å søkje Herren.
Arven etter misjonærutsending er framleis sterk, sjølv om kyrkja står overfor utfordringar med stagnasjon og nedgang. Finnar og kyrkjene deira er effektive til å sende ut misjonærar, spesielt til den unådde verda.
Be om at denne misjonsiveren skal vara ved og ta seg opp.
Frikyrkjene, både pinsekarismatiske og ikkje-pinsekarismatiske, er relativt små, men åndeleg livskraftige; karismatisk fornying har hatt ein merkbar innverknad. Desse kyrkjene veks ikkje, men dei held stand i ein vid kontekst av nedgang. Desse gruppene nyt større einskap enn tidlegare år.
Be om at dette held fram, for samarbeid i evangelisering og misjon blant desse ulike gruppene, og mellom frikyrkjene og lutheranarane.
Teneste for unge menneske er framleis verdifull. Ein høg prosentdel av finske ungdommar deltek på konfirmasjonsleirar; slik kan dei kome til ei levande tru på Kristus.
Be for truande og gudfryktige leiarar på leirane. Be for studenttenestene til Evangelisk Luthersk Studentmisjon (IFES, i 15 av 20 universitetsbyar), LEAF og Cru. Interesse og vilje til å ta imot er ikkje problem i Finland: god oppfølging og disippelskap er.
Innvandrargrupper. Sjølv om Finland har ein av Europas lågare innvandringsrater, er det framleis mange minoritetsgrupper å nå. Talet på utanlandske universitetsstudentar veks; mange av desse kjem frå andre trusretningar. Svært få kyrkjer når aktivt ut til unådde innvandrargrupper.
Be om at utlendingar i Finland kan få sjansen til å møte Jesus på ein ekte og tiltrekkande måte. Pris Herren for at mykje av innvandrarbefolkninga samtidig kjem frå ein kristen bakgrunn og bringer eit levande kyrkjeliv til sitt nye vertsland.
Dei 17 er utsendingar frå Christian Aid Ministries.
Det er røvarbanden til ein Wilson Joseph som står bak denne kidnappinga. Mellom dei 17 er det også ein baby og to andre mindreårige. Wilson Joseph krev 1 million dollar for kvar av fangane, ein svimlande sum på 136 millionar kroner.
Herre Jesus Kristus! Takk for din fullkomne kontroll over denne situasjonen. Wilson Joseph kan ikkje gå lenger enn du tillet han å gå. Og no ber me i i ditt namn om at du stoppar denne mannen i hans vondskap, og at desse 17 misjonærane blir sett fri umiddelbart. Amen!
Folketal i 2017: 326 625 791 Areal: 9,8 mill km2. Hovudstad: Washington DC.
Folk: 58,1% med europeisk opphav (kaukasiske), 14,7% latinamerikanarar, 12,2% afroamerikanarar, 6,6% eurasiatar, 1,8% jødar, 1,6% frå aust-Asia. Berre 0.6% tilhøyrer dei gamle indianerstammene, som er USA sine urinnvånarar.
Språk: Engelsk. 34 mill har spansk som daglegspråk. Totalt blir det snakka 176 språk.
Økonomi: USA har verdas største økonomi. Landet rår over enorme naturrikdomar som kol, olje og naturgass forutan mineraler som jern, molybden, gull, sølv, kvikksølv, kalium, koppar, bly, uran, fosfor, bauxit, nikkel, for å nemna noko.
USA er ein høgt utvikla industrinasjon, og absolutt leiande innan teknologi og vitskap. Mykje av industrien har slite tungt dei siste åra, og særleg bilindustrien som ikkje har klart konkurransen med europeiske, japanske og koreanske bilar.
Landet er også ein leiande kulturnasjon, og då særleg innan film, TV-seriar og musikk. Gjennom multinasjonale selskap som Google, Apple og Micrsoft, bestemmer dei mykje av kva verdas folk skal vera opptekne av, tenkja og meina.
USA står for store deler av verdas matvareproduksjon. 44% av arealet er jordbruksareal fordelt på 17% åkerland og 27% beiteland. Enorme skogsområder i nord.
Topografi: Åslandskap i aust. Høgfjell i vest. Prærien ligg i mellom. Denne er gjennomvevd av elvar som tilhøyrer Missisippi-Misouri-sysemet. Tilgang på vatn gjer desse områda dyrkbare. Ørkenlandskap i søraust. I vest trengjer Stillehavsplata seg inn under det amerikanske fastlandet og forårsakar landheving (Rocky Mountains), vulkanisme og stor jordskjelvsaktivitet.
Landet er ekstremt utsett for orkanar og tornadoar. Kvart år ser me store øydeleggjingar.
Landet er inndelt i 52 statar som har stor grad av sjølvstyre og sine eigne lovverk.
Politikk: USA vert føderalt styrt av ein kongress med to kammer, Representanthuset og Senatet. Presidenten har vide fullmakter, men må ha støtte i Kongressen for å vera effektiv.
Landet vart konstituert i 1776 då dei 13 koloniane i aust reiv seg laus frå England som kolonimakt. Borgarkrigen frå 1860-64 var utarmande. USA intervenerte i 1. og 2. verdskrigen i Europa og sørga for at vestmaktene vann fram. Utan USA ville verda sett heilt annleis ut i dag, og me hadde lite truleg hatt eit levande demokrati i det heile tatt.
USA er også leiande innafor alt som handlar om romfart. Prestasjonane deira der er utan sidestykke.
Etter terroråtaka 11.september 2001, har USA leia kampen mot terrorisme i verda. Dette har ført dei ut i krigar i Afghanistan, Libya og Irak som har vore lite vellukka og svart øydande. Desse krigane har endra den globale politikken drastisk.
79% av befolkninga har kristen tilknytning. 46,5% er protestantar. 20% er katolikkar. Mellom 90 og 100 mill er evangelikale kristne. Desse er eit resultat av ein uvanleg rik vekkjinghistorie.
Men det er sekularismen og ateismen som er det raskast veksande livssynet i USA no.
I USA lever 17% av verdas protestantar og 16% av alle evangelikale kristne. Det er 2000 teologiske institusjonar i landet som kvart år utdannar 30-50000 nye kandidatar som ynskjer å vinna menneske for Kristus og påverka verda med evangeliet. Be om at dette må halda fram og ta seg meir og meir opp. Be om at kyrkja skal foredlast, mognast, utrustast, multipliserast og veksa opp til Kristus, han som er hovudet for kroppen sin.
Det er grunn til å takka Gud for den velsigning som har tilflote oss alle frå dette landet, for den enorme misjonsinnsatsen dei truande har stått for og framleis står for. Dei aller fleste misjonærar i verda kjem faktisk frå USA, og landet driv med omfattande hjelpe og utviklingstiltak i fattige og sårbare nasjonar.
Den kristne arven har dei siste åra vore under knallhardt press frå ateistar og New Age-grupper som brukar media svært målretta for å latterleggjera og undergrava kristen tru og tanke. Be om at dei truande må frimodig halda fram med å forkynna evangeliet i kjærleik, og at Anden igjen skal ausast ut over folk og setja dagsorden for kva som er rett, godt og viktig og reinsa dei frå synd og urett av alle slag.
Det renn ei gamal åre av valdsromantikk gjennom det amerikanske folket som resulterer i mykja våpenbruk og mange drap. Be om at dette skal stoppast i Jesu namn.
Landet har ein svært liberal abortpraksis. Over to millionar barn vert drepne kvart år. Be om at denne uretten skal ta slutt i Jesu namn.
Be om at presidenten i landet må oppføra seg forstandig, og at han må vera sannferdig og lytta til dei gode rådgjevarane sine.
Be om at det skal veksa fram nye kristne leiarar i USA av stort format, leiarar som verkar samlande på dei truande. Det har vore enormt med kjøtleg strid og splitting mellom dei kristne, og det har verka åndeleg utarmande mange stader. 80% av kyrkjelydane i USA er anten i stagnasjon eller dei har tilbakegang. Be om at dette skal snu i Jesu namn.
Be om at amerikanske styresmakter skal ta eit radikalt og reelt oppgjer med all den grove uretten europearane gjennom hundreåra har utøvd overfor dei mange indianske stammene, og utbetala heilt naudsynt erstatning. Be om at kristne må gå fremst i dette forsoningsarbeidet.
Det er millionvis av muslimar, hinduar og buddhistar i USA som aldri har høyrt evangeliet om Jesus. Be om at kyrkja skal nå ut til dei, og at Gud skal berøra dei kraftig med sitt ord sin Ande.
Be om at den misjonale disippelrørsla som no veks fram i USA, ikkje minst gjennom Exponentialrørsla, skal resultera i ny vekst i talet på kristne og i talet på kyrkjer.
Mongolia er eit stort land med eit areal på over 1,5 millionar kv.km landareal, på storleik med Iran og 4-5 gonger så stort som Noreg. Det bur ikkje meir enn 2,7 millionar menneske der, dei langt fleste er buddhistar, men kristendomen er den suverent raskast veksande religionen. i 1989 var det 4 truande kristne menneske i landet, men i 2010 var dette talet vakse til 40 000, og i dag har det sikkert meir enn dobla seg i høve til dette talet også, dersom vekstraten har vore lik. Dei som kjem til tru på Jesus i Mongolia er av edelt merke. Dei har fått det klårt for seg at Jesus har sendt si kyrkje til verda med evangeliet, og ingen land i verda sender ut så mange kristne misjonærar i høve til folketalet som det Mongolia gjer. Og det fine med desse folka er at dei kun forkuserer på unådde områder.
Buddhismen fekk skikkeleg vind i segla i Mongolia etter at kommunismen fall saman tidleg på 90-talet. Trua blir kombinert med shamaisme og okkultisme, og mongolarane konsulterer gjerne shamamar i samband med sjukdom.
I samband med innføring av marknadsøkonomi vart nokre få personar rike, men dei fleste er fattige, og mange ligg under for alkohol er høg, prostitusjon ein vanleg leveveg og korrupsjonen svimlande.
Mange misjonar er til stades i Mongolia og jobbar innan helse, utdanning og litteraturspreiing.
Takk for den makt evangeliet har fått over manges sinn, og for den store kraft Guds rike går fram med i landet. Be om at vekkinga skal vara ved og skyta fart til heile landet er gjennomsyra av Guds kjærleik i Jesus Kristus. Be om at kyrkja skal bli utrusta til å setja folk fri frå demoniske makter, okkultisme og shamaisme. Be om at dei styrande skal bli råka av Guds kraft og ta eit kraftig og avgjerande oppgjer med korrupsjon og urett. Be om at Gud skal velsigna mongolarane økonomisk.