Viser innlegg med etiketten Dei sameinte arabiske emiratane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dei sameinte arabiske emiratane. Vis alle innlegg

fredag 3. desember 2021

Dei sameinte arabiske emiratane (DSAE)

 


Folketal: 9 991 083. Hovudstad: Abu Dhabi. Språk: Arabisk. Religion: Islam. Kristne: 8,6%

Oljerikdomen har gjort dette landet til ei leikegrind for verdas ultrarike menneske. Alt praktisk arbeid vert gjort av fattige framandarbeidarar som i praksis lever som slavar under forferdelege tilhøve. Menneskerettande deira vert brotne på dagleg basis, og dei er utsette for ein omfattande menneskehandel. 

Be om at Gud skal miskunna seg over desse fattige og undertrykte menneska.

Be om at Kristi evangelium skal spreia seg mellom dei, og fylla dei med von for framtida og ei djup kjensle av å vera elska av Gud.

Eit aukande tal av dei kjem no til Kristus. Før kom dei ein og ein, som dråpar frå ein kran. No kjem dei som ein flaum etter at kvar av dei har møtt Jesus på ein svært personleg måte. Forkynnarane i landet er overraska over den responsen dei no får på forkynninga si. 

Takk Gud for denne åndelege vårløysinga i DSAE. Be om at dette må vara, ta seg opp og også spreia seg til dei privilegerte i samfunnet. 

Iranarane, baluchane, pakistanarane, pasjtunarane, bengalarane, somaliarane og sudanesarane i landet er å rekna for unådde. 

Be om at vekkinga også må nå fram til desse folkegruppene. 

Kjelde: Operation World


søndag 3. desember 2017

Dei sameinte arabiske emiratane


Dei sameinte arbaiske emiratane  såg dagens lys 2. desember 1971 som eit resultat av at sju gamle sheikdømmer slo seg saman til èin republikk som idag har vel 6 mill. innbyggjarar. 88% er arbeidsinnvandrarar. Hovudsstaden er Abu Dhabi. Landet rår over enorme oljerikdomar, og er blitt ei leikegrind for verdas rikaste og mektigaste menneske. Det er over 600 000 kristne i landet, dei fleste arbeidsinnvandrarar, og dei nyt høg grad religionsfridom. Stadig fleire gulfarbararar vender seg no mot Kristus. Landet er orientert mot USA og Saudi Arabia, og støttar amerikanarane i "krigen mot terror", og Saudi Arabia i krigen mot Iran i Jemen.


  • Be om at Gud skal verna religionsfridomen i landet
  • Be om at dei kristne i landet skal vera dedikerte vitne om Jesus i kvardagen
  • Be om at dei flittig må lesa, læra og formidla Guds ord
  • Be om at kyrkjelydane skal vera fylte og prega av Den heilage ande
  • Be om at  Guds rike skal gå fram i alle lag av folket, også mellom dei søkkrike



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...