Viser innlegg med etiketten Kalimantan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kalimantan. Vis alle innlegg

fredag 9. juli 2021

Indonesia dag 5. Bali, Kalimantan og dei små Sundaøyane

 


Bali ligg aust for Sumatra, og øya er prega av turisme, og mange unge menneske frå Vesten reiser dit for å studera. 
Folketal: 4,3 millionar.  
Dei aller fleste er hinduar, og det er faktisk 41000 tempel på øya. 
Innbyggjarane er, som dei fleste andre indonesarar, prega av eit liv i okkultisme og spiritisme. 
Det er få kristne der, og mange av dei som kjem til tru på Jesus blir forfølgde.

Be om at hinduismen skal tapa makta si over dei som bur på Bali, at dei demoniske kreftene må sleppa taket i folk og at Anden skal austast ut over dei og gjera dei lengtande etter Gud og opne for evangeliet. 

Kalimantan er den indonesiske delen av Borneo. Folketalet er 4,5 millionar. Det er ein god del kristne der, men altfor mange av dei namnekristne, og få lever misjonale liv. Storparten av innbyggjarane i Kalimantan er heilt utan kunnskap om Kristus, og det er mange animistiske grupper som lever svært isolert og av den grunn vanskelege å nå.

Be Jesus om å senda arbeidsfolk ut til sin haust i Kalimantan, og be om at kyrkjene i dette området må bli fylte og forvandla av Den Heilage Ande, sett i brann for Jesus og utrusta til teneste for han. 



Dei små sundaøyane er øyrekkja aust for Java. Her er det ikkje mange kristne, men både Vest-Timor og Sumba har vore råka av massive vekkingar. Timor frå 1965-68, og Sumba på 80-talet. Elles er det rå avgudsdyrking blant dei fleste her, inkludert slangetilbeding.

Be om at den elden som ein gong brant så sterkt må blussa opp att, og spreia seg til heile dette området og bli verande som ein permanent vekking som driv bort alt djevelsk og dreg eit frigjort folk inn i Guds rike. Amen! 





mandag 5. juli 2021

Dagens nasjon: Indonesia

 


Indonesia er med sine 276 361 788 innbyggjarar  verdas mest folkerike muslimske nasjon. 80,7% er muslimar. 5,6% er evangeliske kristne. Men islam er ofte eit ytre ferniss hos indonesarane. På djupet er dei animistar, og okkulte fenomen er vanlege, noko som er godt skildra i Kurt Koch si bok "Vekkelsen i Indonesia" der han skriv om dei veldige tinga Gud gjorde på desse øyane på 1960-talet. Ganske jamnleg har Gud gjesta Indonesia med vekkingar  med ein kvalitet som me elles berre finn parallellar til i Apostelgjerningane. 


Takk Gud for alt det Gud har gjort i Indonesia, det han faktisk gjer i dag og alt han kjem til å gjera, og be om at dette landet må finna seg totalt bada i Guds mektige lys, og at evangeliet om Jesus må trenga gjennom til alle områder i landet som no ligg i islams djupe skugge. 

Den siste tida har styresmaktene starta tvangsevakuering av 8 millionar menneske frå Java og Bali til Kalimantan, Sumatra, Sulawesi og Vest-Papua, der det skal vera betre plass til folk. Dette har ført til sterke spenningar mellom folkegrupper. Ein risikabel operasjon, og ut frå eit menneskerettsperspektiv ganske tvilsam. Resultatet er at urfolk etterkvart vert minoritetar i sine eigne områder, og nokre kallar det som skjer som ein langsam etnisk reinsing (genocide). 

Be om at denne galskapen må føra til ny spreiing av evangeliet. 

I samband med det som no skjer har 500 000 kristne mista landområder og eigedomar til muslimske innflyttarar. Det har skapt bitre kjensler som har hindra dei i å dela evangeliet med innflyttarane. 

Be om lækjedom for hjarto, og be om at dei kristne må sjå på innflyttarane som ei misjonsmark, og at dei skal få nåde til å elska fiendane sine. Be om at Gud skal demonstrera sin omsorg og truskap mot barna sine og erstatta tapet dei har lidd. 

Indonesia består av 17500 øyar, og det vert snakka totalt 755 ulike språk i dette landet.

Be om at det skal setjast i gong bibeloversettingsprosjekt i alle dei språka som enno ikkje er dekka inn. 

Mektige okkulte krefter opponerer mot evangeliet samstundes som muslimane vil eliminera kristendomen sin innflytelse på folk og samfunn.

Be om at Andens kraft skal vera over kyrkja på ein slik måte at motkreftene må gje tapt.

Ein snikande islamisering av Indonesia er i ferd med å erodera relgionsfridomen og med det demokratiet. 

Be om at dette ikkje må stoppa spreiinga av evangeliet

Heilt sidan 1996 har det vokse fram ein sterk visjon om å evangelisera dei unådde folkeslaga (dvs 100 millionar menneske), og det har vore, og er,  ein sterk vekst i kyrkjelydane sitt misjonsprogram. 

Be om at misjonsvisjonen skal vera levande i kyrkjelydane og retningsgjevande for korleis dei legg opp arbeidet sitt. 

1/3 av befolkninga er under 18 år.

Be om at det skal veksa fram gode og kreative disippelgjeringsprogram for unge menneske. 

kjelde: operationworld.org





torsdag 23. mars 2017

Indonesia: Alvorleg skada etter IS-åtak, no i god betring.

Det var 13 november 2016 at ISIS utførte eit bobeåtak på Den økumeniske kyrkja i Samarinda, provinshovudstadet aust på Kalimantan (Borneo). Ugjerningsmennene kasta m.a. ei brannbombe mot kyrkja og eitt barn (Olivia på 2,5 år) vart drepe, og fleire fekk alvorlege brannskadar, m.a. Alvaro (4) som du ser på bilete her. Han har no vore gjennom 17 opersasjonar etter åtaket, og er no i betring. Anita (2) og Triniti (3) er no så bra at dei kan vera heime og ha ein normal kvardag. 21 islamistar vart arreseterte av politiet i ettertid, og sju av desse har ISIS-tilknytning.

Gode Far! Takk at Alvaro, Anita og Triniti er i god betring, og ber om at Alvaro også snarast skal bli såpass god at han kan koma heim og få eit så normalt liv som råd er. Du ser at fienden planlegg alltid nye ugjerningar, hald eit auga med han og set inn effektive tiltak som stoppar og forvirrar han. Gje dei truande eit sterkt vern, ver du ei fast borg for dei, og me ber om at evangeliet skal forkynnast og delast over heile Kalimantan, og at landet og folka der skal bli overvunne av deg. Amen!

tirsdag 31. mars 2015

Bajaufolket i Indonesia


Bajaufolket tel 173000 menneske. Dei er musliomar og snakkar sitt eige språk. Ingenting av Bibelen er omsett til bajau. Stundom vert denne folkegruppa kalla for "havsigøynarar" sidan dei lever av fiske i kystområda på Sulawesi, Maluku, Kalimantan, Sumatra og Aust Nusa Tenggara (sjå kart under). I liva sine legg dei stor vekt på fromheit og gode kunnskaper. Dei er eit fartande folk, og difor er det ikkje lett å etablera langtidsteneste mellom dei. Bajaufolket treng å få betra infrastrukturen i områda der dei bur, likeeins renovasjonen, helsestellet og utdanningssystemet.
Kjelde: www.joshuaproject.net

Gode Far! Me ber om at lyset frå evangeliet også snart skal skina for bajaufolket i Indonesia. Dei er fiskarar. Gjer dei til dine læresveinar slik at dei kan begynna å fiska menneske for deg. Verkeleggjer din herlege plan med dette folket, forløys dei frå synd og gje dei Andens lys slik at dei for sin del kan skina med sine heilt spesielle fargar for andre folk i dette store landet. Du elskar dei, Far, og ingenting er umogeleg for deg. Gje frelse i Jesu namn, og lat oss få sjå at det gror fram ei kraftfull kyrkje mellom bajauane. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...