Jamaica har nær 4 millionar innbyggjarar. Landet har ein rik kristen arv, og ein lang historie med å senda misjonærar til andre land. Ikkje i noko anna land i Karibia har evangelisk kristendom ein så sentral posisjon som der. Det jamaicanske bibelselskapet har ein visjon om å skaffa biblar til alle dei andre små statane i området, og dei har særleg fokus på å nå unge menneske, som det er mange av. Det er 15 bibelskular og teologiske seminar i dette landet, og den årlege lærekonferansen over tre veker i Keswick (Keswick convention), som faktisk føregår akkurat no, er blitt eit festningsverk for bibelsk teologi, kristent liv og utsending av misjonærar til Karibien (du finn meir om Keswick cenvention her: Convention 2021 - Keswick Ministries)
- Be om at Gud skal fullføra det gode som han har starta på Jamaica.
- Be om at Bibelselskapet skal lukkast med arbeidet sitt med å spreia Bibelen til nye generasjonar unge menneske i Karibia.
- Be om at bibelskulane og seminara skal vera fulle av menneske som ønskjer å bli betre kjent med Gud og hans ord, og som søker utrustning til teneste.
- Be om at kyrkjelydane på Jamaica skal vera fulle av liv, at stadig nye menneske skal koma til tru og bli disippelgjort.
Trass i dette finn Jamaica seg i dag midt i eit moralsk og sosialt samanbrot. Mektige Sør-Amerikanske narkotikakartell som brukar Jamaica som transittland for kokain til USA, har fått stor innflytelse. Dei spreier vald og drap i stor skala, slik at landet i dag kjem på fjerde plass når det gjeld talet på mord per 1000 innbyggjar per år. Valdtekter og seksuelt misbruk av barn er vanleg i heimane. No ber styresmaktene kyrkjene om hjelp for å koma dette og all korrupsjon i landet til livs. På den årlege bønefrukosten for nasjonale leiarar møtest dei mest sentrale politiske leiarane saman med leiarar frå næringsliv, politi, tryggleikstenestene og kyrkjene for å be Gud om å intervenera og koma dei til hjelp.
- Be om at den allmektige Gud skal setja ein effektiv stoppar for narkotikakartella.
- Be om at marknaden for kokain i USA skal kollapsa slik at det ikkje lenger blir noko økonomi i produksjon og sal av desse djevelske stoffa.
- Be om at Gud skal utrusta og hjelpa leiarane i landet til å finna effektive mottiltak mot kriminaliteten som har teke overhand.
- Be om at jamaicanarane skal stå imot freistinga til å ta imot pengar for å ta del i smuglinga av kokain.
Kjelde: operationworld.org
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar