Viser innlegg med etiketten Uttar Pradesh. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uttar Pradesh. Vis alle innlegg

torsdag 1. september 2022

Seks kristne dalitkvinner arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh

 


Dette melder nettstaden AsiaNews den 8. august 2022

Seks kristne kvinner er arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh for å ha forsøkt å tvangskonvertera hinduar til kristendomen. Det som skjedde var dette: I  fødselsdagsselskapet til sonen til Indra Kala (ei av kvinnene), var både kristne og hinduar inviterte. Då fødselsdagskaka skulle skjærast, løfta Indra Kala,  Subhagi Devi, Sadhana, Samata, Anita og  Sunita, som dei fem heiter, hendene sine mot himmelen og bad ei takkebøn til Jesus. Det var det som skulle til. Naboar som var vitne til kva som hende melde kvinnene til politiet, som straks tok saka. Huset var undersøkt, og politiet klarte å finna nokre kristne traktatar i som dei konfiskerte som «bevismateriale», sjølv om det ikkje på nokon måte er forbode å ha kristen litteratur i eit hus i India.  I denne staten, styrt av hindunasjonalistar, blir alle former for evangelisering kalla tvangskonvertering. Slik kan dei køyra rettsprosessar mot alle kristne som nemner Jesu namn. Ei av kvinnene er funksjonshemma, ei er enke med eineansvar for tre barn, melder AsiaNews. Det høyrer med til denne saka at dei fem kvinnene er dalitar, dvs kastelause menneske som står nedst på rangstigen. Dalitane er lette offer for dei som vil kristendomen til livs.

Herre! Me ber i dag i ditt namn for desse seks kvinnene at dei straks skal bli sette fri frå fangenskap, og at saka mot dei skal leggjast bort. Amen!

 

 

fredag 22. februar 2019

India: Tre kristne alvorleg skada etter at ein mob invaderte eit bønemøte.


Hendinga skjedde 7. februar i landsbyen Chapar i delstaten Uttar Pradesh, ein av dei delstatane der hindutvarørsla står sterkast, og der dagens president kjem frå. Dette melder christiantelegraph.com.

25 menn trampa inn i huset der kristne var samla til bøn og banka dei grundig opp. Kvinner vart ikkje sparte, og bøllene tok biblane til dei kristne og sette fyr på dei. Tre av dei truande fekk alvorlege skadar.

Saka vart meldt til politiet, men dei ville ikkje gjera noko med det. Dei skada vart også nekta helsehjelp.

Far i himmelen! Du som er all trøysts Gud, trøysta barna dine som har vore utsette for vald og grov urett, læk dei skadde og før på ditt vis saka for kyrkja di i Chapar. Me ber om at dei truande der skal vera sterke i deg, prisa og lova deg midt i trengslene og gleda seg over å bli akta verdige å bli forfølgde for ditt namns skuld. Og så ber me om ditt rikes framgang gjennom denne kyrkja. Amen!

mandag 24. september 2018

271 kristne vil bli stilt for retten i Uttar Pradesh, India

Det er Voice of the Martyrs som melder dette i dag. Dei er tiltalte for å ha brukt narkotika for å omvenda folk til kristendomen, og for å ha snakka nedsetjande om hinduismen. Alt er naturlegvis tøv og tant, men rettsprosessane mot dei er i gong. Tre av dei tiltalte er Durga Prasad Yadav, Kirit Rai, og Jitendra Ram, alle pinsepastorar. Andre namn er ikkje kjende. Bakgrunnen for dette åtaket på dei kristne er den nye antikonverteringslova som er vedteken i delstaten. No leitar radikale hinduar etter kristne som kan straffast med bakgrunn i denne nye lova. Slik som systemet er blitt no må ein pastor melda frå seks månader for førehand til styresmaktene om han har tenkt å snakka til ein hindu om Jesus. Det er ikkje vanskeleg å sjå at desse lovene fullstendig underminerer religionsfridomen i delstaten. 

Gode Far i himmelen! Me ber om at du i denne situasjonen skal fylla alle desse truande med din Ande, gjera dei frimodige og sterke slik at dei bestemmer seg for å lyda deg meir enn menneske. Så ber me om at ditt rike skal gå fram i Uttar Pradesh, at skarar skal koma til tru, at djevelens hegemoni blir brote og at folk bøyer seg for ditt ord og tek imot di frelse i Jesus Kristus. Amen!

mandag 8. september 2014

Dagens unådde: Banthufolket i India

Bhantu in India
Banthufolket tel kun 28000 menneske, og er heimehøyrande i Uttar Pradesh, eitt av verdas minst evangeliserte områder. Dei er alle hinduar og tilber Shankar Bagwan, ein familiegud, og Sherawali Mata og Hanuman som er landsbygudar. Fedredyrking førekjem ein sjeldan gong. Heime snakkar dei sitt eige språk, men dei fleste av dei meistrar også hindi flytande. 4 andre språk er også representerte mellom dei.
Tradisjonelt har banthuane vore berykta som notoriske tjuvar. Dette stigmaet har vore vanskeleg å bli kvitt, sjølv om dei no er respektable medborgarar. Nokre er endå til å finna på politisk toppnivå.  Du kan finna meir ut om dei på www.joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Du som i kjærleik gav Sonen din til og for oss alle, må ordet om Jesus nå fram til banthufolket og bli veldig personleg for dei. Hjelp dei ved Den heilage ande å venda seg bort frå avgudane, og løys du alle emosjonelle band som dei har til desse ,og fyll dei med ein lidenskapleg kjærleik til Jesus åleine. Hjelp dei å forstå at du er deira skapar og opphav, og at liva deira tilhøyrer deg. Gje dei lækjedom for dei sjukdomane som forringar liva deira, og syn deg for dei som deira evige Far, frelsar og forsørgar. Amen! 

Bhantu in India

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...