Folketal: 1 755 000
Språk: Pulaar
Bibelen: NT i tekst og lyd
Jesusfilmen: Ja
Religion: Islam
Fulakandi er eit nomadisk fulanifolk. Dei økonomiske verdiane dei rår over blir rekna i talet på husdyr. Det er høg analfabetisme i dette folket, men den munnlege tradisjonen er sterk, kunnskapsnivået høgt og dei er eit sosialt og venleg folk som tek trua si svært alvorleg. Me kjenner til høgst ei handfull kristne mellom dei.
Kjære Herre Jesus! I dag ber me for fulakundi i Senegal. Du elskar dette folket, og på krossen betalte du for alle deira synder og misgrep. Sjå i nåde til dei, send ordet ditt til dei og frels dei inn i ditt rike. Openberra deg for leiarane deira gjennom syner og draumar, og førebu dei slik på å møta deg gjennom ordet ditt. Motiver dei til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan bli kjent med Bibelen, og slik at barna kan klara seg godt i ei verd i stadig endring. Amen!
kjelde: joshuaproject.net
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Stord kommune
D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar