Viser innlegg med etiketten Sudan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sudan. Vis alle innlegg

mandag 10. november 2025

Sør- Sudan

 

Kart: Britannica

Sør-Sudan vart etablert 9.juli 2011, og er verdas yngste nasjon, og kanskje også den fattigaste. Hovudstad: Juba. Nasjonen vart fødd som eit resultat av mange års krig for sjølvstende frå Sudan og regimet i Khartoum, men har sidan 2013 vore til dei grader prega av borgarkrig. Dette er i stor grad ein etnisk konflikt mellom dinka og nuer. 

62,3% av befolkninga er i følgje Operation World  kristne. Halvparten av dei er evangeliske. Men det pregar i liten grad samfunnslivet. Storparten av kvinnene i landet har vore utsette for seksuelle overgrep, og alle familiar lid under effekten av vald og terror. Utdanningsnivået er lågt, og analfabetismen skyhøg. Berre 2% har tilgang til reint vatn. Og me kan jo berre tenkja oss kva dette har å seia for dei sanitære tilhøva folk må leva under. 33% får aldri eta seg mette. Hungeren er kronisk. 

Gode Gud og Far! Me ber om 
  • at djevelens makt skal brytast over Sør-Sudan,
  • framgang for evangelieti i alle folkegrupper, 
  • at nye kyrkjelydar skal plantast over heile landet
  • djuptpløyande forkynning og undervisning i alle kyrkjer
  • oppgjer med gamle gudar, okkulte praksisar og syndige vanar
  • Andens kraft over alle Jesustruande 
  • Jesustruande, ukorrupte og kompetente samfunnsleiarar,
  • fred mellom dei stridande partane, 
  • skulegang for barn og unge
  • gode avlingar og effektive dyrkingsmetodar
  • eit fungerande næringsliv
  • fungerande samfunnsinstitusjonar
  • oppbygging av ny infrastruktur
  • reint vatn for alle, og gode sanitære tilhøve
  • eit fungerande rettssystem

fredag 25. oktober 2019

Åtte kyrkjeleiarar i Sudan tiltalte for ulovleg bruk av kyrkjeeigedomar som staten har konfiskert (les: stole)


Åtte sudanesiske kyrkjeleiarar står tiltalte for å bryta ei lov som overfører alle kyrkjelege eigedomar til staten. Dei vart arresterte i 2017 då dei nekta å gå med på at kyrkjebygga berre kunne konfiskerast (stelast) av styresmaktene gjennom ei ny lov som bryt alle andre anstendige lover om rett til eigedom. No er desse mennene til overmål tiltalte for ulovleg okkupasjon av andres eigedom.

Den sudanesiske Kristkyrkja, som desse mennene er leiarar for, er i hovudsak nubisk. Sudan er styrt av arabiske folk, og det er eit element av etnisk diskriminering i denne saka.
Sudan er for tida inne i store endringar reint politisk Den mangeårige diktatoren Omar al Bashir vart avsett i vår, og det kan vera grunn til å tru at dette vil føra til auka religionsfridom i landet.

Herre, me ber om at denne saka skal enda godt, at retten skal avvisa klagemåla mot desse åtte kyrkjeleiarane, og at den to år gamle lova vert reversert og annulert.
Styrk desse mennene mektig med din Ande slik at dei står faste i trua, og kan møta klagemåla med uimotståeleg visdom.
Må evangeliet ha framgang i Sudan, og me ber om at dette landet skal få eit demokratisk og menneskevenleg styresett. Amen!

fredag 8. februar 2019

Sudanesisk kvinne utsett for alvorlege trugsmål i Egypt


A woman looking at a cross on a church.
Den sudanesiske kvinna Ebtehaj Mostafa kom til tru på Jesus for mange år sidan. I 2005 vart ho arrestert fem gongar på grunn av sitt kristne vitnemål, og valde til slutt å flykta til Kairo. Der møtte ho ein sudanesisk pastor som ho gifta seg med. Dei har ei dotter saman. 

I februar 2017 vart Ebtehaj kidnappa av to menn, ført til ein ukjent plass, bunden til ein stol i eit mørkt rom, og kidnapparane skreik til henne at ho var ei skam for familien, krevde av henne at ho skulle skilja seg frå mannen sin, gje opp kristendomen, returnera til islam og venda attende til familien, som no hadde flytta til Saudi Arabia. Då ho nekta, truga dei med å drepa mannen og dottera hennar. Men Ebtehaj sto urokkeleg fast. Til slutt vart ho valdteken, slegen medvitslaus og kasta utanfor og vart liggjande i ein hjelpelaus tilstand til nokre fann henne.

No er broren hennar komen til Kairo. Under ei gudsteneste kom han inn i kyrkja og synte fram eit bilete av mannen til søstera og kravde at nokon fortalde kor han kunne finna han.

Ebtehaj og dei andre truande i kyrkjelyden er no svært bekymra for kva som kan skje, og dei ber kristne over heile verda om å be for denne familien.

Far i himmelen! Du som oppsedar oss for ditt rike med kross og trengsel, me ber deg: pass godt på Ebtehaj Mostafa og familien hennar no. Forvirra broren og hans medsamansvorne  slik at dei ikkje kan finna fram til dei og utøva skadeverk, i Jesu namn! Amen!

kjelde: persecution.net, Morning Star News


søndag 22. mai 2016

Arrestert kristen sett fri i Sudan

Morning Star News melder at Telahoon Nagose Kassa som er leiar for ein kristen disippelskule driven av Khartoum Bahri Evangelical Church vart sett fri etter 5 månader i fengsel utan tiltale. Det er heller ikkje gjeve nokon grunn for frigjevinga. 
I Sudan bur det omlag 40 millionar menneske. 97% er muslimar. 1,5% er kristne og 1,5% dyrkar etniske religionar.
Gjennom mange år har kristne vore forfølgde i Sudan. Etter at Sør-Sudan erklærte sjølvstende for eit par år sidan, har problema for kristne i Sudan auka på.

Takk Gud for at Telahoon har fått fridomen attende.
Be også om fridom for Hassan Abdelrahim Tawor, som vart arrestert omtrent samstundes med Telahoon. 
Be om at kyrkja i Sudan, midt i trengslene, skal vera ei sigrande kyrkje. 

fredag 3. juli 2015

Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan

Pastorane Yat Michael og Peter Yen kan bli dømde til døden i Sudan. Dei vart arresterte tidlegar i vår klaga for undergraving av grunnlova og for spionasje. Pastorane har vore gjennom fem rettshøyringar. Den siste 2.juli. Då bestemte dommaren at det var grunnlag for å gå vidare med saka, sjølv om forsavarsadvokaten deira meiner at det ikkje finst det minste fnugg av prov mot dei to kristne leiarane. Neste rettshøyring vert 14.juli. Dei to sit no innesperra i eit høgtryggleiksfengsel i Khartoum. Dette melder Morning Stars News.

Be om
  • vern for Yat Michael og Peter Yens liv.
  • at Guds kraft skal vera over dei og Guds fred i dei.
  • at alle løgner mot dei skal bli avslørte under rettsforhandlingane
  • styrke og underhadl for familiane deira
  • visdom til forsvarsadvokaten deira
  • stor nåde over Khartoum Bahri Evangelical Church
I Sudan er det 2,6 millionar kristne av ein befolkning på 35,7 mill. 1,9 mill av dei kristne er evangelikale.  Landet er strengt muslimsk, og forfølginga av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det som skjer med desse to pastorane må sjåast i lys av dette.

tirsdag 9. juni 2015

Gawamaafolket i Sudan

Gawamaa tel 819000 menneske. Dei er nomadar. Utdanningsnivået er lågt. Nesten alle er muslimar. Kristne som kan bidra med vassreinsing og brønnboring kan vera ein nøkkel for Gud inn til dette folket. Dei snakkar sudan-arabisk. NT er tilgjengeleg. Analfabetismen er høg.

Herre! Me ber om av gode kristne med nødvendig kunnskap skal fatta interesse for gawamaafolket, oppsøka dei og gje dei adakvat hjelp. Vekk i dei ein trong etter å læra seg lesekunsten, og gje dei eit brennande ønske å finna ut kva du har meddelt oss gjennom profetane, og i desse siste dagar gjennom Sonen din. Gje frelse, Herre, lat det lukkast. Amen!

Gawamaa, Jawamaa in Sudan

onsdag 20. mai 2015

To pastorar frå Sør-Sudan for retten i Sudan

Dei sørsudanske pastorane Yat Michael og Peter Yein  (bilete) vil bli stilt for retten i Khartoum, hovudstaden i Sudan,  den 31. mai. Dei er tiltalte for ha underminert den sudanesiske konstitusjonen og oppmuntra til krig mot staten. Vert dei kjent skuldige, kan det enda opp med dødsstraff.

Det var i desember i fjor at Yat Michael talte på ei gudsteneste i den presbyterianske kyrkja i byen då tryggingspoliti kom inn i kyrkja og arresterte han. Ein månad seinare skjedde det same med Peter Yein då han stilte opp på politistasjonen for å spørja etter Yat Michael.
david-yein-reith
Peter Yein, også kalla David Yein Reith
 Det er blitt fabrikert prov mot desse to mennene som gjer at situasjonen er overlag farleg for dei.
Det høyrer med til saka at staten har lege i konflikt med denne kyrkja om nokre landområder. Etter desse arrestasjonane er deler av kyrkjebygget rive ned at styresmaktene.
Me må be:

Kjære Herre Jesus ! Styrk desse to modige mennene med ditt nærvær og med di kraft medan dei sit i fengsel og ventar på rettssaka. Må sanninga koma tydeleg og klårt fram under rettsforhandlingane, og all løgn solid avslørt. Takk at du vil gje dei visdom og rette ord når dei talar, og må dei utstråla din glede og din fred. Ta deg også av familiane deira. Amen!

mandag 2. mars 2015

Sudanesisk kristen songar drepen i Sudan


Neima Adrias Idris (49), ei kjend kristen sangerinne og mor til seks vart drepen av arabiske sudanesarar i Nubafjella i november 2014. Arabarane held på med etnisk i desse områda og vil ha bort dei svarte. Neima nekta å flykta og vart drepen då heimen hennar vart råka av ei bombe.
Den siste plata ho spela inn har tittelen "Å bygga fred, tilgjeving og forsoning".


Kjære Herre Jesus! Takk for Neima Adrias Idris, og for alt du fekk gje verda gjennom hennar liv. No er ho heime hos deg. Me ber: Styrk mannen og barna som lever att etter henne. Trøysta dei i den djupe sorga, og hjelp dei å halda fram med å tru på deg og gå på dine vegar trass i smerteleg tap. Takk at di kyrkje i Sudan er i dine hender. Fyll henne med kraft og nåde til å sigra over dei vonde kreftene som rår i samfunnet og som vil hindra ditt rike å koma og det gode å skje. Amen

tirsdag 3. februar 2015

Dagens unådde: Bejafolket i Egypt

Bejafolket, som er ei grein  av den langt større folkegruppa Bedawi, vart kristna på 500-talet, men gjekk over til islam rundt år 1000. I dag er dei sufistar (sufi er ei mystisk grein av islam). Trua deira er imidlertid svært utvatna, og ho har sterke okkulte element i seg. M.a. driv dei med svart magi mot fiendane sine. Dei fleste bedawiane lever i Sudan (2,5 millionar), men 82000 bejaar lever i øvre Egypt. Nokre få er kristne. Dei snakkar sitt eige språk som kallast bedawivet.Deler av Bibelen er omsett til bedawivet. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Jesus!
Du gav livet ditt for bejafolket i Egypt, bar syndene deira oppå krossen og tok dei bort med ditt blod. Må evangeliet bli forkynt dei på ein slik måte at det grip dei i djupet av hjarta, og kan erfara frelsesunderet i liva sine. Me ber om at det skal veksa fram ei sterk bejakyrkje, eit fellesskap prega av Andens kraft og nærvær, ein by plassert på eit høgt fjell, ein tilfluktsplass for syndarar på ville vegar i denne regionen av Afrika. Amen! 


Beja, Bedawi in Egypt


tirsdag 23. desember 2014

Masalitfolket i Chad


Masalitane som bur i Darfur-området er blitt svært fattige etter alle overgrep frå sudanesiske militære og paramilitære soldatar.   Dei er blitt fråstolne husdyra sine og heimane og reidslkapane deire er blitt øydelagde. I Chad er det 272000 masalitar, men totalt tel dei 691000. Dei er formelt muslimar, men praktiserer heller gammal naturreligion. Språket deira er masalit. Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket. Det blir meldt om nokre få kristne blant masalitane i Chad.

Herre Jesus! Slik du ein gong kom for å gjesta jorda, må du no gjesta masalitfolket i Chad og i Sudan. Vern dei mot stygge overgrep, og send arbeidsfolka dine ut for å så og hausta i dette folket. Me ber spesielt om at du skal ta vare på dei få truande, slik at dei står fast i alle stormar, blir utrusta med dine gåver, og ivrig vitnar om deg og di frelse for frendane sine. Ber også om at dei skal dyrka tilstrekkeleg med mat for alle, og verna du jordbrukslandet slik at det ikkje vert misbrukt på noko vis.
Gå du fram i Chad og vinn siger i folks liv. Amen!

mandag 9. juni 2014

Gawamaafolket i Sudan

Gawamaafolket er nomadar. Joshuaproject.net oppgjev at dei tel 934000 menneske. Religion: Islam. Det er ikkje registrert èin einaste kristen gawamaa. Folket snakkar arabisk. Kulturen er oral, analfabetismen er høg og evangeliet må koma til dei gjennom lyd og bilete. Gawamaafolket er ikkje involvert i politikk, berre opptekne av å få endane til å møtast og halda oppe eigne kulturelle uttrykk. Sidan mange av dei bur tider av året i det krigsherja Darfurområdet, treng dei vern. Likeeins vil det vera meiningsfullt å hjelpa dei med å få tak i reint drikkevatn.
Det er vanskelege å nå dei med evangeliet, som det er med alle beduinar.


Bøn:
Herre Jesus, du som bar bort verdas synd. Må gawamaafolket få møta deg som Guds offerlam og læra seg å setja si lit til deg i liv og død. Løys dei frå islams makt, og frels dei inn i ditt rike. Må di kyrkje bli etablert mellom dei, og må dei bli motiverte til også å læra seg å lesa og skriva. Vern dei mot arabiske halvmilitære mordarar som nådelaust herjar med den afrikanske delen av befolkninga i Sudan. Me proklamerer at gawamaafolket er din arv, og at du er den einaste i himmelen, på jorda og under jorda som har rett på dette folket. Amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...