Viser innlegg med etiketten Nepal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nepal. Vis alle innlegg

lørdag 8. august 2026

Dagens unådde folkeslag: Rajaka Dobi i India, Sri Lanka, Pakistan, Bangla Desh og Nepal

 


Rajaka Dhobi tel omlag 13 millionar mennske. 
Dei aller fleste bur i India og er hinduar. 
Det er ikkje registrert kristne frå dette folket. 

Bøn:
Gode Gud! Det er på høg tid at lyset ditt når fram til Rajaka Dhobi, opplyser hjarto deira og frelser dei frå synd, skuld og skam. Løys dei i Jesu namn frå alle løgngudane som dei tilber, og gje dei å bøya seg for deg, du som er den einaste sanne Gud. Reis Rajaka Dhobi opp til å bli eit folk som formidlar din kjærleik, dine sanningar og di kraft til Indias mange fortapte og forkomne. Det ber me om i Jesu namn. Amen! ¨

Kjelde: joshuaproject.net


tirsdag 9. juni 2026

Tenåringsjenter i Nepal utsette for eggran

Førestell deg å vere 17 år gammal, bli teken med til ein fertilitetsklinikk kvar dag utan at foreldra dine veit om det, og utan å eigentleg vite kva som skjer med kroppen din.

Det var dette som hende med to tenåringsjenter i Nepal.

Dei vart funne gjennom annonser på sosiale medium, kontakta av agentar, og frakta til ein fertilitetsklinikk i Katmandu. Over ti dagar fekk dei daglege hormoninjeksjonar, menstruasjonssyklusen deira vart overvaka, og til slutt vart dei lagde i narkose slik at egga deira kunne bli operert ut.

Sjølv om det ikkje finst spesifikk informasjon om korleis dei henta egga skulle brukast, var det tydeleg at dei skulle nyttast i assistert befruktning.

Eggdonasjon er ofte kommersialisert, der tiltenkte foreldre betaler for egg, og det har vore mykje uro kring den auka risikoen for utnytting i delar av den utviklande verda.

På ikkje noko tidspunkt fekk jentene korrekt eller alderstilpassa informasjon om kva prosedyren gjekk ut på, kva føremål ho hadde, risikoen, eller dei mogelege konsekvensane. Dette er eit brot på Etikkreglane til det medisinske rådet i Nepal, som seier at informert samtykke er eit krav for alle medisinske inngrep, og at for mindreårige er samtykke frå foreldre eller føresette obligatorisk.

Prosedyrene vart gjennomførte utan at foreldra til jentene visste om det på førehand, og identiteten til både jentene og foreldra deira vart endra, og alderen deira vart feiloppgitt i offisielle dokument.

I etterkant fekk familien til ei av jentene utbetalt tilsvarande 69 dollar ...

Jentene hadde det ikkje bra. Dei opplevde kraftige blødingar, tap av matlyst, og psykisk stress. Foreldra deira leverte straks inn straffeklage, men påtalemakta nekta å gripe inn, og sa at det ikkje fanst nokon lov som eksplisitt forbød det som hadde skjedd.

Det svaret var ikkje godt nok. Difor gjekk våre allierte til høgsterett i Nepal.

Dei ber dommarane om å anerkjenne det som vart gjort mot desse jentene for det det er: menneskehandel med barn, seksuell vald, og reproduktiv utnytting. Dei utfordrar òg styresmaktene si unnlatingssynd i å lage eit skikkeleg lovverk som kan verne andre barn mot å oppleve det same.

Retten har allereie innført eit mellombels forbod mot egguttak frå mindreårige medan saka blir behandla. Det er eit steg framover, men det er ikkje rettferd enno.

Rettferd betyr at dei som gjorde dette, blir haldne ansvarlege. Det betyr at Nepal får ein lov som seier at ingen barn nokon gong kan bli behandla slik igjen. Og det betyr at desse to jentene, og alle jenter som dei, veit at nokon kjempa for dei.

Desse jentene fortente å bli verna før noko av dette hende. Vi kan ikkje endre det dei har opplevd, men vi kan sørgje for at saka deira endrar framtida for barn som kjem etter dei.

Det er ADF Internationalt som står bak denne teksten. 

Be om at unge jenter i fattige land skal bli effektivt beskytta mot denne type overgrep. 

mandag 14. februar 2022

Nubrifolket i Nepal

 

Nubrifolket tel kun 1500 menneske. Dei lever med dyra sine i Nepals høgland, og praktiserer sin tibestanske buddhisme og snakkar sitt eige språk. Den moderne tida er komen til desse også, 70% av ungdomane deira hamnar i Kathmandu og folket står i fare for å bli assimilert. 

Kjære Herre Jesus Kristus! Me ber i dag om frelse for nubrifolket i Nepal. Må den kristne trua koma til dei gjennom kristne som ønskjer å læra seg språket deira og leva saman med dei som deira medmenneske. Lat lyset frå evangeliet bryta gjennom buddhismens mørke løgner og skapa eit folk i folket som elskar deg, og som ber med seg himmelrikets mektige krefter. Amen!



torsdag 2. mai 2019

Fem kristne arresterte i Nepal


(Frå venstre) Pastor Dilli Ram Paudel,
Kunsang Tamang, Gaurav Shrivastava og
Leanna Cinquanta deler eit måltid i Nepal.
Foto: Morning Star News

I 2018 vedtok nepalske styresmaktene ei streng antikonverteringslov. I Nepal i hinduismen statsreligion, og det er forbode for hinduar å byta religion, likeeins å påverka nepalesarar til eit slikt religionsbyte. Kristen misjon fell dermed utanfor lovverket.

Bakgrunnen for dette er ei massiv kristen vekkjingsbølgje som går over landet. Her er hausten stor. 

Alle dei fire du ser på bilete over vart arresterte for proselyttering. Leanna vart sendt ut av landet til USA. Dei fire andre vil bli rettsforfølgde. 

Herre Jesus! Takk at du er med, og nær hos, alle som med urette vert fengsla og forfølgde for ditt namn skuld.  Styrk Dilli Ram Paudel, Gaurav Shrivstava og Kunsang Tamang i trua og håpet. Hjelp dei å stå fast i deg, og gje dei uimotståeleg visdom under forhøyr og rettsforhandlingar. Amen!

lørdag 23. februar 2019

Kami i Nepal

Kamifolket i Nepal har vandra inn i den nepalske fjellheimen frå det indiske slettelandet. Folketal: vel 1,2 millionar. Religion: Hinduisme. Dette er eit folk som i stor grad livnærer seg med å smi jern. Språk: Nepali. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei. Evangeliet går sterkt fram i Nepal i desse dagar, og motstanden er aukande. Men me kan jo tenkja oss at kamifolket også blir berørt av den djupe vekkinga som går over store deler av landet. Kjelde: joshuaproject.net

Takk Jesus for kamifolket. På krossen opna du ein veg for dei til Gud. Send dine pionerar til dei for å syna dei denne vegen slik at dei finn fram til Far. Grunnlegg di kyrkje i kamifolket, ei kyrkje som kan skina for andre unådde folkegrupper i Nepal. Me ber i ditt namn, amen!

m17069.png

onsdag 3. mai 2017

Dagens unådde: Sarki i Nepal

Folketal: 362000.
Religion: Hinduisme
Språk: Nepali
Bibelen: Heile

Tradisjonelt er sarkiane skomakarar og skinnarbeidarar. Men i vår tid er det berre nokre få som driv med dette. No finn me dei innan mange ulike yrker.
Dei tilber familiegudar og landsbygudar som Santala Devi, Maidevta og Dat Kali. Deira verdsbilete er totalt annleis enn for ein som tilber den eine sanne Gud, skaparen av himmel og jord. Herre byggjer si kyrkje i regionen. Hans Ande er aktiv, og det er nokre få kristne også frå sarkifolket.

Gode Gud!, vår Herre Jesu Kristi Far Me ber om at sarkifolket skal kjenna på ein djup tomhet ved å tilbe avgudane sine, og at dei skal begynna å hungra og tørsta etter å bli kjent med deg, du som skapte himmel og jord, dei og alle verdas menneske, og som sende Sonen din for å gje oss evig liv.  Send ditt  ord og ditt lys til dei slik at dei ser at dei byggjer liva sine på løgn, og kan venda seg til Jesus, han som er og blir Sanninga og den einaste vegen til Deg, vår Gud og Far. Amen!



mandag 14. november 2016

Dagens unådde folkeslag: Kumal i Nepal

Kumal tel 117000 menneske. Dei er hinduar, og dyrkar mange ulike gudar. Viktigast er familieguden Same.

Tradisjonelt har dei vore pottemakarar, men er no meir knytta opp til jordbruk.

Dei snakkar meir enn 20 ulike språk.

Rekordmange nepalesarar kjem til Kristus i vår tid. Det er å vona at kumalfolket vil bli hugsa av dei mange nye truande. Be om det.

Be om at dei skal bli løyst frå dei demoniske kreftene som bind dei til løgngudane dei dyrkar. Det står i Jesu makt å gjera det.


Kjelde: Joshuaproject.net








tirsdag 5. mai 2015

Hotspot: Jordskjelvet i Nepal

Over 6000 menneske er dokumentert omkomne i det store jordskjelvet i Nepal for ei god veke sidan. Dødstalet stig for kvar dag. 30 000 er dokumentert skada. Infrastrukturen er øydelagd. Tilgang på reint vatn er svært avgrensa. Likeeins sanitæranlegga. Det er vanskeleg å få tak i mat. Mange kristne omkom under katastrofen. Skjelvet råka midt i gudstenestetida. Heile kyrkjelydar vart utraderte. Mange har sett i gong hjelpearbeid. Kirkens nødhjelp. Røde kors. Eller du kan støtta den glimrande misjonsorganisasjonen til Paul Hattaway, Asia Harvest, som fokuserer på å gje folk i Nepal nok og god mat. Gå inn på linken

http://asiaharvest.org/nepal-update-1-07-provides-a-hot-meal-to-earthquake-survivors/

Der kan du gje ditt bidrag. Kvart måltid kostar som du ser vel 1 USD.

Kjære Herre! Det fell ikkje ein spurv til jorda utan deg. Det går over vår forstand det som har hendt i Nepal, og mangt av det som skjer heile tida i denne falne verda. Men me vil lova og æra deg uansett kva som skjer. Du er framleis god og di miskunn varer i all æva. Må nepalesarane få oppleva at du er ein Gud som meir enn erstattar alt det djevelen har tatt frå dei. Mange av dine kjære barn vart også brått borte og tekne inn i din herlegdom. Lidinga og sorga i Nepal er så stor, så stor. Kom landet til hjelp, og må alle gode mennesker og organisasjonar som no trør til for å bidra, få stor støtte for det dei held på med, og må denne tragedien opna mange dørar for evangeliet inntil unådde folkegrupper og områder i Nepal. Ditt rikes framgang i landet dei siste åra har vore enorm, og kristendomen i landet er substansiell. Me takkar deg for det, og me ber om at kyrkja di skal få oppleva ditt sterke, lækjande og trøystande nærvær. Amen! 


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...