Viser innlegg med etiketten Kamerun. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kamerun. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mars 2019

Kamerun



Kjelder: Operation World og CIA world factbook.

Areal: 475440 km2.  Folketal: 23,5 millionar. 292 ulike folkegrupper. 279 språk. 70% kristne.  21%  muslimar. 5% animistar. Resten er stort sett ikkje-religiøse.

Det i laupet av det siste året oppstått store spenningar mellom dei folka som har engelsk versus fransk som administrasjonsspråk, og det er stor fare for borgarkrig i eit land som elles i lang tid har vore prega av politisk stabilitet.

Kamerun er velsigna med store naturressursar.
Mange av leiarane er genuint kristne. Stadig fleire faktisk.
Dette KAN gje håp om at ein kan koma den skyhøge korrupsjonen i landet til livs.


  • Be Gud om at han reiser opp leiarar som har forsoning som program. Kamerun treng "duer" og ikkje "haukar". 
  • Be om at Gud må vaka over menneska i Kamerun og hindra borgarkrig med all den redsle som alltid følgjer i fotefaret til slike krigar
  • Dei fleste kristne er nominelle. Mange av protestantane er prega av liberal teologi og den åndsfattigdom som alltid følgjer denne åndsretninga.  Be om ei genuin kristen vekking i kyrkjene i landet, og at dei truande igjen skal begynna å lesa i Bibelen og at forkynnarar frimodig skal tala om at Gud fordrar at kristne lever heilage liv. 
  • Be om einskap mellom Guds barn. Det er stor splitting og djupe kløfter. 
  • Be om at kristne i dei mange ulike stammene må føla større lojalitet overfor Kristus enn overfor stamma si. 
  • Be om åndelege leiarar med integritet, menn og kvinner som lærer Guds ord reint og kompromisslaust, og som lever etter det. 
  • Be om at "ulvar i saueham" vert avslørte.
  • Be om fortgang i bibeloversettingsarbeidet i landet. Kun 10 språk har heile Bibelen, og over 100 språkgrupper er heilt bibellause. Bibeloversetting er ein hovudnøkkel til suksess i misjonsarbeidet. 

torsdag 21. februar 2019

Dagens unådde: Adamawa, Kamerun

Adamawa er eit fulanifolk. Dei tel 2 409 000. 1,4% er kristne. 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Språk: Fulfulde. Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.

Adamawa bur hovudsakleg i Nigeria, men nokre har emigrert til Kamerun. Fulaniane er stolte menneske som legg vekt på at barna skal elska mødrene sine og syna respekt for dei gamle. Det er også viktig for dei å halda fast på verdiar som generøsitet, ærlegdom og moderasjon.

Identiteten deira er knytt til islam. Dei som blir kristne risikerer å bli støytt ut av fellesskapet.

Kjelde: www.joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Sjå i nåde til adamawafolket i Kamerun, eit folk du har skapt til di ære. Send apostlar til dei som kan gjera Jesus kjent for dei ved å forkynna evangeliet for dei i Ande og kraft. Løys dei frå islams lenker og frå alle vonde ånder som bind dei fast under din dom over synda, og før dei ut i Guds barns fridom. Lær dei å tru på Jesus og elska  og prisa han av heile sitt hjarta, og gjer dei til eit lys for alle andre fulaniar i Sahelbeltet. Amen

 Map of Fulani, Adamawa in Cameroon

tirsdag 10. juli 2018

Kamerun

Det bryggar opp til borgarkrig i Kamerun mellom dei engelsktalande og fransktalande innbyggjarane i landet. Dette melder Mission Networks News i dag. Siste helga i mai drap regjeringsstyrkar 24 opprørarar. Valden er eskalerande. Be om at Jesus skal koma med sin fred og ta kontroll over heile situasjonen. Det er mange bibeloversetjarar og misjonærar i Kamerun. Dei er sårbare og engstelege. Be om vern for desse.

fredag 2. januar 2015

Afadefolket i Nigeria


Størstedelen av Afadefolket lever i Nigeria (39000). I Kamerun er det 6500 av dei. Dei tilhøyrer ei større gruppe som går under nemninga "kirdi", og som i hovudsak er å finna i Kamerun og Chad. Gjennom historia har dei vore underlagt mange andre folk: tuaregane, fulaniane og kanurifolket. Dei er muslimar og snakkar "afade", eit språk som døyr ut etter kvart som folket vert assimilerte med andre folk og stammer. Trua deira er ikkje reinskoren islam. Dei blandar inn mykje folketru og, det som mange andre muslimar vil kalla, heidensk praksis. Klea deira syner at dei er muslimar. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på afade. Nokre få truande kristne er registrerte mellom dei.Dei bur i eit område som i dag er ille plaga av Boko Haram.
Kjelde: www.joshuaproject.net

Herre Jesus Kristus!

Må frukta av din død og di oppstode koma afadefolket til gode. Send dine pionerar til dei som kan leva saman med dei, elska dei, læra å kjenna språket og kulturen deira , og som kan dela evangeliet med dei på ein truverdig måte i ord og gjerning.

Aus din Ande ut over dei slik at under og teikn og gode ting skjer i liva deira. Løys dei frå djevelens makt, frå all magi, trolldom og  falsk gudsdyrking som held dei bundne til han. Må dei kasta alle avgudane ut av liva sine og lukka deg inn, du som er den einaste sanne Gud og frelsar for alle menneske. Må dei bøya kne for Deg og sanna at du åleine er Herre, til Gud vår Fars ære.  Må Ordet opplysa dei slik at dei ser syndene sine, angrar på det galne dei har gjort,  vender om til deg av heile sitt hjarta, lukkar deg inn i liva sine,  blir fødde på nytt og får evig liv.

Må du bygga alle dei truande i folket  saman til  ei sterk, vital, varm, tilbedande og misjonerande kyrkje som kan vera eit fyrtårn som syner alle i folket vegen tilbake til deg og Farshuset.

 

mandag 4. august 2014

Pastor i drepen saman med 25 andre kristne i Kamerun





Sist i juli drap militante muslimar den lutherske pastoren  Jean Marcel Kesvere (bilete) og 25 andre kristne nord i Kamerun. I tillegg bortførte dei kona åt fungerande statsminister. Truleg er det Boko Haram som har utvida området sitt frå Nigeria til Kamerun. Det er svært urovekkande. Pastor Kesvere etterlet seg kone og 8 barn. Dei kristne i heimbyen hans er i sjokk. 

Kjære Herre Jesus, du som vann over døden og lever i dag. Syn deg som ein levande frelsar og Gud for alle dei som no har mista sine kjære i desse meiningslause åtaka. Å Herre, høyr vårt rop om vern for alle dine barn som stadig lever i livsfare. Du har sagt at me må innstilla oss på å bera krossen og ofra livet, men du har før gjort store under og fridd folk ut av livsfare, og me ber: Gjer det igjen. Me ber i ditt eige namn. Amen! 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...