Viser innlegg med etiketten Aserbajdsjan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aserbajdsjan. Vis alle innlegg

søndag 20. februar 2022

Armenia

 


Armenia ligg i Kaukasus, fjellandsskapet mellom Svartehavet og Kaspiahavet. Landet vert rekna som det første landet i verda som tok kristendomen som nasjonal religion. Det skjedde tidleg på 300-talet. Landet ligg no som ein kristen kile mellom tre muslimske statar: Iran, Aserbajdsjan og Tyrkia. Georgia i nord er også kristent. 

Frå 1915-1917 vart armenarane i Tyrkia utsette og folkemord frå den tyrkiske majoritetsbefolkninga. Det skjedde i skuggen av 1.verdskrigen. 1,5 armenarar vart drepne, Likeeins 700 000 kristne assyrarar. Mange tyrkiske armenarar flykta då til Armenia. Grensene mellom Armenia og Tyrkia er stengde, og landet ligg i kontinuerleg konflikt med Aserbajdsjan om enklaven Nagorno Karabach. Dei siste åra har det vore utkjempa to krigar. I fjor tapte Armenia deler av området til Aserbajdsjan ein blodig krig der Aserbajdsjan fekk god hjelp frå trente leigesoldatar frå IS-krigen i Syria.

Innbyggjartalet i Armenia er 2,9 millionar. Men det er 8 millionar armenarar som lever i andre land. I den siste tida har dei begynt å verdsetja sin kristne arv, og mange av dei responderer godt på evangelisk kristendom og etablerer eit personleg forhold til Jesus Kristus som frelsar og Herre. 

Hovudstaden er Jerevan. 

Den armensk ortodokse kyrkja er ein nøkkel til å nå armenarane med evangeliet. Denne treng leiarar som kjenner Jesus, menn som kan føra ei djup åndeleg fornying inn i kyrkja. Det trengst, for kyrkja har gjennom åra stivna i ritualisme. 

Kyrkja er delt i to, ein vestleg og ein austleg del. Denne splittinga er 1000 år gamal, og dei to fraksjonane tilber Gud på to ulike dialektar. 

"Det armenske kyrkje-elskande brorskapet" er ei evangelisk vekkingsrørsle innafor kyrkja. Dei driv med bibelstudier og arbeid mellom fattige og foreldralause barn. 

Herre Jesus! Me ber om fred mellom Armenia og dei omkringliggjande landa slik at dei kan driva normal interaksjon med kvarandre, til glede for alle. 
Me ber om vekking og nytt liv i heile den armensk ortodokse kyrkja.
Me ber om at denne vekkinga skal spreia seg til heile befolkninga
Me ber om at du skal halda di vernande hand over landet og folket slik at dei ikkje vert utsette for overgrep frå fiendemakter.
Me ber om at armenarane skal bli sett i brann for Jesus, og bli ein nasjon som eksporterer evangeliet til andre nasjonar. 
Me ber om ny einskap mellom den austlege og den vestlege kyrkjegreina. 
Me ber om at brorskapet skal få stor innflytelse på den armensk ortodokse kyrkja.



torsdag 28. februar 2019

Aserbaidsjan

Areal: 86600 km2 inkludert enklaven Nakichevan som ligg mellom Aremenia og Tyrkia. (22,4% av Noreg) . Folketal: 9,8 mill. Hovudstad: Baku. Innbyggjarane i Aserbaidsjan er 86,6% tyrkarar.  Tyrkiske stammer innvandra til dette området frå Sentral-Asia for omlag tusen år sidan.
Landet er tidlegare sovjetrepublikk. Religion: Islam (shiaislam).

Aserbaidsjan har store oljeressursar under sokkelen i Kaspiahavet. Fortenesta på olja kjem ein liten elite til gode. 40% av befolkninga lever i fattigdom, men det skal seiast at fattigdomen er mindre no enn før landet vart sjølvstendig stat i 1991. Likevel er Aserbaidsjan berykta for korrupsjon, byråkrati og nepotisme, og dagens president, Ilham Aliyev har diktatorisk makt, ein mann som gjer det umåteleg fint for seg og familien sin. Han styrer landet som ein familiebedrift.

Be om at Aserbidsjan skal få gode leiarar med høg moralsk standard og me integritet, og at landet skal ha eit lovverk som er basert på sunne etiske prinsipp, og upartiske dommarar. 
Be om at oljeinntektene skal gå til å byggja landet, og ikkje i lommene på presidentfamilien og korrupte tenestemenn. 

Landet har lege i ein langvarig konflikt med Armenia om Nagorno Karaback, og denne striden har vore utarmande.

Be om at konflikten med Armenia skal finna si løysing og koma til ein avslutning. 

Jordbruket er og har vore ei viktig næring i landet, men denne er no på retur.

Be om at landet skal ha eit variert, godt og sunt jordbruk.

Områder som utdanning, helse og rettspleie lid av store manglar.

Be om at dei styrande må sørga for forsvarleg skulegang for alle barn og unge, at dei skal ha gode lærarar og at det skal vera høg kvalitet på undervisninga. 

2,74% tilhøyrer ei kristen kyrkje, dei fleste er ortodokse. 0,11% er protestantar. Desse veks med over 3% årleg.

Be om at desse små og sårbare evangeliske kyrkjelydane skal slå rot i landet, og på sikt bety ein stor forskjell, be om at Kristus skal bli gjort kjent for alle og nasjonen forvandla ved Den heilage ande. 

Dei siste åra har trakkasering og tildels forfølging av kristne blomstra opp.

Be om at dei truande må halda tett saman og styrka kvarandre i trengslene dei erfarer.




tirsdag 13. desember 2016

30 aserbajdsjanske kristne må betala høge bøter for å ha vore med på bønemøte

Den 27 november braut aserbajdsjansk tryggjingspoliti seg inn på eit "illegalt" evangelisk bønemøte i heimen til Gamid og Ginayat Shabanov i Aliabad. Kristen litteratur og materiell vart konfiskert, 26 av møtedeltakarane arresterte og 24 ilagt ei bot på over 800 USD kvar, ein svimlande sum i dette landet. Hendinga vart kringkasta på statleg TV og beskriven som "ulovleg religiøs aktivitet" frå ei sekt som "spreier ulovlege religiøse doktriner". I Aserbajdsjan er alle kristne møter i heimane ulovlege, og berre registrerte trussamfunn kan samla folk til bøn. Det er truleg ikkje lett (umogeleg?) å få registrert eit nytt legalt trussamfunn hos styresmaktene.

Aserbajdsjan ligg som nr.34 på Open Doors World Watch List over land som forfølgjer kristne.
Kjelde: World Watch Monitor 12.des 2016

Kjære Herre Jesus! Når ein lem lid, lid heile kroppen. Hjelp oss som lever i fridom å kjenna litt på smerten til truande som må betale meir for trua si enn det me må gjera.  Hald di vernande kappe rundt di kyrkje i Aliabad og i heile Aserbajdsjan. Hald motet oppe hos dei truande slik at dei ikkje taper sin kristne iver og tagnar. Hjelp dei også økonomisk slik at dei kjem seg gjennom utfordringane på det området. Fyll hjarto deira med glede og begeistring fordi dei får dela lagnade med deg, fedrane og profetane. Amen!


Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...