fredag 8. februar 2019

Sudanesisk kvinne utsett for alvorlege trugsmål i Egypt


A woman looking at a cross on a church.
Den sudanesiske kvinna Ebtehaj Mostafa kom til tru på Jesus for mange år sidan. I 2005 vart ho arrestert fem gongar på grunn av sitt kristne vitnemål, og valde til slutt å flykta til Kairo. Der møtte ho ein sudanesisk pastor som ho gifta seg med. Dei har ei dotter saman. 

I februar 2017 vart Ebtehaj kidnappa av to menn, ført til ein ukjent plass, bunden til ein stol i eit mørkt rom, og kidnapparane skreik til henne at ho var ei skam for familien, krevde av henne at ho skulle skilja seg frå mannen sin, gje opp kristendomen, returnera til islam og venda attende til familien, som no hadde flytta til Saudi Arabia. Då ho nekta, truga dei med å drepa mannen og dottera hennar. Men Ebtehaj sto urokkeleg fast. Til slutt vart ho valdteken, slegen medvitslaus og kasta utanfor og vart liggjande i ein hjelpelaus tilstand til nokre fann henne.

No er broren hennar komen til Kairo. Under ei gudsteneste kom han inn i kyrkja og synte fram eit bilete av mannen til søstera og kravde at nokon fortalde kor han kunne finna han.

Ebtehaj og dei andre truande i kyrkjelyden er no svært bekymra for kva som kan skje, og dei ber kristne over heile verda om å be for denne familien.

Far i himmelen! Du som oppsedar oss for ditt rike med kross og trengsel, me ber deg: pass godt på Ebtehaj Mostafa og familien hennar no. Forvirra broren og hans medsamansvorne  slik at dei ikkje kan finna fram til dei og utøva skadeverk, i Jesu namn! Amen!

kjelde: persecution.net, Morning Star News


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...