Viser innlegg med etiketten Mali. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mali. Vis alle innlegg

fredag 22. februar 2019

Berberbeduinar i Mali

Dette nordafrikanske urfolket tel 182000 menneske. Dei lever som nomadar under barske tilhøve, og er ikkje lett tilgjengelege. Desse berberstammene har ein sterkt æreskodeks. Eit munnhell i denne kulturen er slik: "deg er deg mot broren din, deg og broren din mot kusina di, det er deg, broren din og kusina di mot resten av verda." Dei er muslimar, snakkar hassaniyya. Deler av Bibelen er tilgjengeleg for dei. Å satsa på kristne radiosendingar synest vera den beste strategien for å nå dei.

Herre Jesus! Ved din Heilage Ande kan du gjera deg godt forstått for desse menneska, og det ber me om skal skje. Send dine modige pionerar til dei, og aus Anden ut over dei slik at dei forstår ordet ditt og opplever dei realitetane som ditt ord talar om. Løys dei frå islams mektige åndskrefter, og frels dei inn i ditt evige rike. Smelt hjarto deira slik at dei forstår at all hemn har sitt utspring i eit hat som kjem frå djevelen, og lat dei bli forskrekka over seg sjølv og kasta seg på deg for å finna frelse frå synd i deg. Amen! 

 m00009.png



mandag 20. juni 2016

Livsteikn frå bortført sveitsisk nonne i Mali

Den katolske sveitsiske malimisjonæren Beatrice Stockly vart bortført av Al-Quaida  i januar i år. For å setja henne fri krev Al-Quaida at styresmaktene set fri ein av deira menn som sit i fengsel for terrorisme. Det har lenge vore usikkert kva som har skjedd med henne, men no har kidnapparane offentleggjort ein video av henne der ho takkar alle som jobbar for henne for innsatsen dei gjer for å få henne fri.

* Be om at Gud vernar Beatrice mot alle typar overgrep, og at han snarleg skal sørga for at ho blir sett fri frå fangenskap

lørdag 10. januar 2015

Khasonkefolket i Mali


Khasonke er i hovudsak bønder. Dei rike har husdyr, medan dei fattige dyrkar peanøtter, forutan at dei jobbar som gjetarar for dei rike. Khasonke tel rundt 700 000 menneske. Dei er muslimar, men som så ofte elles i Afrika ser me at dei blandar animisme inn i trua si. Dei snakkar sitt eige språk med det vanskelege namnet Xaasongaxango. Det nye testamentet føreligg på dette språket både i tekst og lyd. Nokre yttarst få truande kristne er registrerte mellom dei.Reint vatn er ei mangelvare for khasonke.

Herre! Skap ein hunger etter ditt gode ord i hjarto til Khasonkefolket, og gjer deg personleg kjent for dei. Gje dei truande i folket Andens kraft og nåde slik at dei samlar seg og etablerer levande, kraftfulle og velordna kyrkjelydar som kan syna resten av folket, og nabofolka, vegen heim til deg. Må du også møta dei gjennom syner og draumar, og ved å gjera store og mektige undergjerningar mellom dei. Me ber også om at du skal syna dei vegen til gode vasskjelder, at barna skal få undervisning og bli godt budde til å leva i eit moderne og utfordrande samfunn.

fredag 6. juni 2014

Dagens unådde folkeslag: Tukulorfolket i Gambia


Tukulorane er spreidd utover mange land i Vest-Afrika. Det er totalt 1 533 000 av dei, men berre 6500 i Gambia. Dei snakkar eit språk som heiter pulaar.

Tukulorimperiet vart etablert som eit muslimsk teokrati i Vest-Afrika i det 19. hundreåret. Det strekte seg frå Senegal til Timbuktu, hovudstaden i dagens Mali. Folket er delt inn i 4 samfunnsklassar og 12 kastar. Kvar klasse og kaste har ein klårt definert posisjon i samfunnet. Folket har ein sterk muslimsk identitet. Det nye testamentet er omsett til pulaar, Jesufilmen er tilgjengeleg og dessutan NT i lydformat. Du kan lesa meir om dei på www.joshuaproject.net.

Bøn:
Herre Jesus! Det finst ingen bastion som er så sterk at ikkje du kan innta han, og me ber, riv ned alle religiøse festningsverk tukulorane gøymer seg bak og som hindrar dei i å bli frelst. Vekk i dei ein trong etter å lesa Det nye testamentet. Må gode og åndsfylte evangelistar koma til dei og dela evangeliet med dei, og lat under og teikn og mektige gjerningar skje der evangeliet blir forkynt. Må det bli grunnlagt ei vital og kraftfull tukulorkyrkje som vil lysa opp heile Vest-Afrika. Amen.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...