fredag 22. februar 2019

Aruba

Aruba er eit lite ferieparadis på 193 km2 (litt større enn Stord kommune) nord for Venezuela. Det bur 104 000 menneske der fordelt på 9 folkegrupper som snakkar 5 språk. 93% av befolkninga tilhøyrer kristendomen, Dei fleste er romersk katolske. 7,6% tilhøyrer evangeliske kyrkjer. Sjølv om kristendomen står sterkt, er dei fleste kulturelle kristne utan liv i Gud, og mange lever i sine lyster utan tanke for at dei vanærar Gud, skadar nesten sin og påfører seg skuld. Mange er sex og rusavhengige, ei frukt av ein utstrekt festekultur.
Dei kristne er sårbare for det som denne verda har å tilby av nyting, og dei treng å bli grunnfesta i Guds ord slik at dei ikkje blir offer for usunne læresetningar som florerer mellom dei kristne i Latin-Amerika.

  • Be om at dei som er kulturelt kristne skal få eit personleg møte med den levande Jesus Kristus  slik at dei vender om frå syndene sine, kastar dei frå seg og erfarer den nye fødsel ved Den heilage ande. 
  • Be om at Guds ord skal trenga gjennom hos folk dømma hjartans tankar og råd, skapa djup anger og gråt. 
  • Be om at dei kristne må vera grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i kyrkjelyden, slik at dei ikkje vert offer for djevelens listige åtak. 
  • Be om at Den heilage ande dagleg må reinsa hjarto, tankane og karakteren deira. 
  • Be om einskap mellom dei ulike kristne gruppene slik at Guds verk ikkje vert hindra. 
  • Be om at dei evangelisk kristne må få inngang mellom asiatiske innvandrarar. Der er ei regulær misjonsmark. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...