Areal: 86600 km2 inkludert enklaven Nakichevan som ligg mellom Aremenia og Tyrkia. (22,4% av Noreg) . Folketal: 9,8 mill. Hovudstad: Baku. Innbyggjarane i Aserbaidsjan er 86,6% tyrkarar. Tyrkiske stammer innvandra til dette området frå Sentral-Asia for omlag tusen år sidan.
Landet er tidlegare sovjetrepublikk. Religion: Islam (shiaislam).
Aserbaidsjan har store oljeressursar under sokkelen i Kaspiahavet. Fortenesta på olja kjem ein liten elite til gode. 40% av befolkninga lever i fattigdom, men det skal seiast at fattigdomen er mindre no enn før landet vart sjølvstendig stat i 1991. Likevel er Aserbaidsjan berykta for korrupsjon, byråkrati og nepotisme, og dagens president, Ilham Aliyev har diktatorisk makt, ein mann som gjer det umåteleg fint for seg og familien sin. Han styrer landet som ein familiebedrift.
Be om at Aserbidsjan skal få gode leiarar med høg moralsk standard og me integritet, og at landet skal ha eit lovverk som er basert på sunne etiske prinsipp, og upartiske dommarar.
Be om at oljeinntektene skal gå til å byggja landet, og ikkje i lommene på presidentfamilien og korrupte tenestemenn.
Landet har lege i ein langvarig konflikt med Armenia om Nagorno Karaback, og denne striden har vore utarmande.
Be om at konflikten med Armenia skal finna si løysing og koma til ein avslutning.
Jordbruket er og har vore ei viktig næring i landet, men denne er no på retur.
Be om at landet skal ha eit variert, godt og sunt jordbruk.
Områder som utdanning, helse og rettspleie lid av store manglar.
Be om at dei styrande må sørga for forsvarleg skulegang for alle barn og unge, at dei skal ha gode lærarar og at det skal vera høg kvalitet på undervisninga.
2,74% tilhøyrer ei kristen kyrkje, dei fleste er ortodokse. 0,11% er protestantar. Desse veks med over 3% årleg.
Be om at desse små og sårbare evangeliske kyrkjelydane skal slå rot i landet, og på sikt bety ein stor forskjell, be om at Kristus skal bli gjort kjent for alle og nasjonen forvandla ved Den heilage ande.
Dei siste åra har trakkasering og tildels forfølging av kristne blomstra opp.
Be om at dei truande må halda tett saman og styrka kvarandre i trengslene dei erfarer.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar