Areal: 83 855 km2 Folketal: 8 793 370.
Austerrike er med sine høge fjell og djupe dalar eit eldorado for skituristar om vinteren og fjellvandrarar om sommaren.
Historisk har landet prega Europa politisk og kulturelt meir enn dei fleste andre land. Det mektige og søkkrike Habsburgske monarkiet hadde sitt sete Wien, der 16 av dei største komponistane i verdshistoria som Mozart, Beethoven, Schubert og alle Straussane levde, døydde og vart gravlagde.
Politikk: Republikk med parlamentarisk demokrati. Politisk bevegar folket seg stadig lengre mot ytterste høgre, som den historiske makkeren deira Ungarn også gjer (og mange andre land i Europa).
Dei fleste austerrikarane er katolikkar, men ytterst få av dei kjenner Jesus personleg. Religionen er i hovudsak eit rammeverk rundt liva deira, eit skal utan innhald og liv.
Den siste tida har også den katolske kyrkja opplevd nedgang i oppslutninga, særleg pga dei mange, mange seksuelle skandalane som presteskapet har vore involvert i.
Stadig fleire vert gripne av nyreligiøse tankar.
- Austerrikarane er åndeleg døde. Be om at Gud skal tala til dei, og at hans ord skal føra dei til sann omvending og skapa nytt liv i hjarto deira.
- Be om at presteskapet i den katolske kyrkja skal venda om til Jesus, og bli levandegjort ved hans Ande.
- Be om at Gud skal ta godt vare dei evangeliske kyrkjene i landet, fylla dei truande med sin Ande og gjera dei til kraftfulle vitner i nasjonen.
- Be om at Kristi kjærleik og Guds ord må sigra over all fascinasjon for buddhisme og andre nyreligiøse krefter.
- Be om einskap mellom alle i landet som elskar Jesus
- Be om at Austerrike skal bli totalt transformert av evangeliet og gjennomtrekt av Den heilage ande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar