Viser innlegg med etiketten sekularisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sekularisme. Vis alle innlegg

søndag 24. februar 2019

Australia



Areal: 7 692 300 km2. Folketal: 23 470145 (juli 2018). Australia er verdas tørrast kontinent, ein ørken med meir fuktige og levelege områder langs i kystområda, særleg i aust og sør og i sør -vest.
Hovudstad: Canberra. Største byar: Sidney, Melbourne, Brisbane, Adeleide og Perth.

2,8% av befolkninga er urfolk (aboriginarar), resten har flytta inn dei siste to hundre åra, dei fleste frå England. 7% kjem frå asiatiske land.

Engelsk er offisielt språk. Men det vert totalt snakka 206 språk, dei fleste av aboriginarane.
Bibeloversettingar: Heile Bibelen føreligg kun på engelsk, elles er  NT omsett til 21 språk,  deler av Bibelen til 37 og 13 omsettingar er under arbeid (2010).

Økonomisk står landet sterkt, og er pga store naturressursar eitt av dei rikaste landa i verda. Men etter år 2000 har talet på fattige auka, og desutan er dei økologiske systema svært sårbare. Befolkninga er stadig meir utsett for langvarig tørke, bønder går konkurs, enorme skogbrannar herjar kvart år og det rike Great barrier reaf er i ferd med å døy. Det er ei økologisk katastrofe med uante følgjer for livet i havet.

Politisk er Australia  eit demokratisk monarki innafor Det Britiske Samveldet. Dronning Elisabeth er statsoverhovud. Landet har seks delstatar med kvar sitt parlament og administrasjon, men sentralstyresmaktene ligg naturlegvis i Canberra.

69% er kristne, 24% ikkje-religiøse, resten fordeler seg utover mindre grupper. Dei kristne utgjer ei god blanding av protestantar, aglikanarar og katolikkar. Nedgangen dei siste åra har vore merkbar. Likevel har den kristne trua framleis mykje å seia for politikarane i landet, noko som m.a. motiverte dei for få år sidan å be aboriginarane om tilgjeving for den dårlege måten dei har vorte handsama på gjennom mange, mange år av dei kvite innvandrarane frå Europa.
  • Be om at landet må bli velsigna med leiarar med tru og integritet.
  • Be om at det åndelege tidevatnet i Australia skal snu, at trua skal venda attende til folk og at landet skal bli prega og gjennomsyrast av Guds kjærleik og hans gode lover og verdiar. Sekularistane i landet er agressive i å redusera kristendomen sin innflytelse, og homolobbyen har vore effektive i å få gjennomført kjønnsnøytralitet og likekjønna ekteskap og slike ting. Be om at Gud må setja ein stoppar for alt dette, at han reinser nasjonen frå synd, og om at det skal framstå klåre og kloke røyster i landet som er i stand til å syna kor skapet skal stå.
  •  Kyrkja i landet møter store utfordringar i det å vera relevant. Sjølv om 2/3 meiner seg å vera kristne, er det berre 10% som går jamnleg i kyrkja eller på kristne arrangement. Folk er sterkt influert av New Age og den moderne velg og vrak spiritualiteten der kvar enkelt set saman sin eigen religion med element frå ulike hald. Be om at Guds ord skal forkynnast så klårt og kraftfullt i og frå landets kyrkjer  at hjartans tankar og råd vert avslørte, og at folk kastar frå seg alt som er uekte og velgjer å følgja Jesus Kristus av eit heilt hjarta. 
  • Mange karismatiske kyrkjer har utvikla stor vitalitet, og mange kjem til tru gjennom desse. Be om at elden ikkje skal slokna med spreia seg stadig lenger utover. 
  • I mange protestantiske kyrkjer er det djup splitting pga synet på ordinasjon av kvinner til pastorteneste, og pga ulikt syn på homoseksuell praksis og samliv og på likekjønna ekteskap. Be om at Gud og hans ord skal sigra i desse spørsmåla, og at han må reinsa og helga kyrkja si slik at ho kjem i harmoni med han. 
  • Be om at dei truande i kraft av sine kraftfulle og profetiske liv må bli relevante for dei sekulære materialistane. 
  • Be om at evangeliet skal slå rot mellom minoritetesgruppene i landet: muslimar, jødar, kinesarar, vietnamesarar, flyktningar frå Balkan og andre mennesker frå Sør-Europa.
  • Be om at aboriginarane skal finna lækjedom frå den kollektive smerten som dei ber på etter mange års grov undertrykking, at dei skal reisa seg, få relevant utdanning, bli politisk sterke og få reell innflytelse over liva sine att. 
  • Dei fleste aboriginarar er kulturelt kristne. Be om at dei skal få møte Fars kjærleik og erfara å bli fødde på nytt ved Den heilage ande, og utrusta av han for hans misjon. 












søndag 1. januar 2017

Verda del 1

Hovudkjelde: Operation World 2010.
I 2015 var det 7,3 milliardar menneske i verda. Den årlege veksten er på 1,1%. Verdas befolkning har fordobla seg frå 1970 til 2010, og det er i dag nesten 500 byar med over 1 million menneske. Over 50% av alle menneske bur i byar. Joshua Project opererer med 16350 etnolingvistiske grupper, World Christian Database med 13674 grupper. Mange av desse gruppene er transnasjonale, og er dermed telt fleire gonger. Etnologane reknar med at det er 6909 språk i verda. Det verserer høgare tal også, men det kjem av at nokre reknar mange dialektar som eigne språk. Det største språket, i meininga morsmål eller førstespråk er hankinesisk, så kjem spansk, engelsk, arabisk, hindi, bengalsk, portugisisk, russisk, japansk og tysk.
Men når det gjeld administrasjonsspråk, er engelsk størst, så kjem hankinesisk, hindi og for å nemna dei fire største. 
Den nyaste statistikken (2016) for bibeloversettingar ser slik ut (kjelde: www.wycliffe.no):
I 2010 var summen av språk som hadde Bibelen eller deler av han tilgjengeleg 2582. I 2015 var talet 2932. I 2016 altså 3224. Me ser altså at bibeloversetting akselererer sterkt. Berre frå 2015 til 2016 vart det sett i gong oversetting i nesten 300 språk. No gjenstår mellom 17 og 1800 språk der ekspertane meiner at bibeloversetting er strengt naudsynt.
  •  Be om at Bibelen skal bli tilgjengeleg for alle menneske på morsmålet.
Verdas økonomi er sterkt influert av globalisering, digitalisering, teknologiutvikling, nye økonomiar, gjeldsproblematikk, auka gap mellom fattige og rike, lokalt og internasjonalt, hyppige finans og valutakriser, auka konsum i folkerike land, klimaendringar, regionale krigar, energiproblematikk, menneskehandel, svarte marknadar, korrupsjon, narkotikahandel, nykolonialisme, folketalsnedgang og eldrebølger i vesten. Synda set djupe spor i økonomi og folkeliv.

  • Be om at det skal utvikla seg rettferd i verdsøkonomien, og at dei store mørke og syndige marknadane skal bli kvelt.
I politikken ser me at islamisme veks fram i store deler av Afrika og Asia med forgreiningar til Europa og USA, og med politisk islam kjem terrorisme, krig og naud, som igjen skaper millionvis av flyktningar som pressar på. Ein annan trend er framvekst av nasjonalisme og rasisme, og ofte kopla med religion. I Vesten ser me tendensar til at nye nasjonalistiske  høgreparti får politisk makt, parti som har ein protektsjonistisk handelspolitikk og restriktiv asyl og flyktningepolitikk. Storbritannia melde seg såleis ut av EU i 2016. Elles er mange land i Afrika i rivande utvikling, og kinesiske interesser er tungt inne i mange av desse landa og kjøper opp jord og byggjer ny infrastruktur. I framtida vil matjord stå fram som den heilt store økonomiske ressursen. Det har kinesarane forstått betre enn dei fleste.
  • Be om fred mellom nasjonane, og om ny respekt for menneske sin evige verdi uavhengig av nasjonalitet, alder, hudfarge, kjønn osv

Når det gjeld religion er det to ulike tendensar: På den eine sida sekularisering, liberalisering og pluralisering i vestlege land, og på den andre sida utvikling av religiøs fundamentalisme i muslimske, hinduistiske, buddhistiske og buddhistiske land og ideologiske restriksjonar i kommunistiske land. Begge deler fører til forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar, og forfølginga tiltek i styrke, kreativitet, omfang og intensitet

Enno er kristendomen verdas største religion når det gjeld tilhengarar, men islam veks snøggast, noko som i stor grad handlar om folketalsvekst i muslimske land.
  • Be om at kristne som opplever forfølging står faste i trua på Jesus og på Guds gode ord.


onsdag 5. august 2015

Sør-Korea

Sør Korea er 99000 kvadratkilometer stort, og det bur over 48 millonar menneske der. Landet vart etablert i 1953 som eit resultat av Koreakrigen, utan at det vart nokon formell fredsavtale med Nord-Korea. Etter krigen låg Sør Korea i ruinar, og folket levde i den ytste fattigdom. Men utviklinga har vore formidabel, og i dag utgjer landet den 11. største økonomien i verda. Sør Korea har få naturressursar, og er heilt avhengig av eksportindustrien sin. Det gjer økonomien deira sårbar for svingningar i råvareprisane. Sør Korea er eit kunnskapsbasert samfunn som satsar stort på utdanning av barn og unge.
Historisk har landet ofte vore okkupert av nabonasjonar, sist av Japan frå 1910 til 1948.
Frå 1987 har Sør Korea hatt eit demokratisk styresett.
Religiøst har konfucianismen og buddhismen stått sterkast. Dette er ein arv frå Kina. Men i dag er kristendomen den største religionen, men mange har ingen religion i det heile tatt.
Landet har vore velsigna med åndeleg vekking i mange tiår (vekkinga starta i 1907 i Pyongyang, hovudstaden i dagens Nord-Korea), og i dag er det 15 millionar kristne i landet, av desse tilhøyrer 8,2 millionar evangeliske kyrkjesamfunn. Mange av kyrkjelydane er veldig ivrige, og i dag kan du finna koreanske misjonærar over heile verda. Seks av dei ti største kyrkjelydane i verda finn med i Sør Korea.
Kyrkja i Sør Korea har vore bygd opp som eit resultat av bøn. Dei truande i landet er kjente for å stå opp tidleg om morgonen for å samla seg til bøn kl 05.00. Denne praksisen har løyst ut mektige himmelkrefter over nasjonen. I dette har dei vore eit førebilete for alle kristne i heile verda. 
Likevel er det sekularismen som breier seg snøggast i landet i dag. Den kristne vekkinga har stansa opp, og økonomisk velstand ser ut til å sløva folks åndelege lengsel og gjera dei mindre årvakne.

Det er gjennom dei siste åra vorten eit stadig større gap mellom rike og fattige i landet. Den moderne konkurranseprega tida med aukande krav og forventningar om å vera vellukka, har ført til aukande sjølvmordsrate, raskt veksande sex-industri, gulltid for dei som held på med plastiske operasjonar og aukande mengde underhaldningsvald i media. Mange, mange er internettavhengige.

Be om at Gud reinsar kyrkja si i Sør Korea for materialsime, karrierejag og juks, og frå folk som utøver makt til eigen fordel.
Be om kyrkja i staden blir fylt av  Kristi kjærleik og Andens kraft, slik at vekkinga kan ta ny fart.
Be om visdom til leiarane i landet, og om rettferd for dei mest sårbare gruppene i folket.
Be om at kristne verdiar som ærlegdom, måtehald, rettferdig fordeling, likeverd og miskunn skal gjennomsyra heile samfunnet. 
Be om at landet skal vera i stand til å gjennomføra ein god gjenforeningsprosess med Nord-Korea når tida er inne for det.






mandag 18. mai 2015

Estland

A map of Estonia class=Estland er det nordligste av dei baltiske landa . Landet vart annektert av Stalin og Sovjetunionen i 1939, og fekk fridomen sin attende etter kommunismens kollaps i 1991. I dag er Estland eit representativt demokrati. Det bur 1,3 millionar menneske i landet. 607000 av dei er kristne, 66000 evangeliske. Ekte tru er sjeldan vare.
68% av befolkninga er estlendarar, 25% russarar, 2,1% ukrainarar. Den russiske delen av befolkninga kjenner seg diskriminerte. Her er det eit stort konfliktpotenisale.
Estland har hatt ein stor økonomisk framgang etter at dei vart sjølvstendige i 1991, mest pga vestleg investeringsvilje og EU-medlemskap.
Det er full religionsfridom i landet.
Sjølv om kristendomen er den dominerande religionen, aukar sekularismen meir enn trua blant folk flest. Grådigheit fører til rikdom blant dei priveligerte og aukande fattigdom blant dei som ikkje klarar å hevda seg.


  • Be om kloke og rettskafne leiarar i landet, gode rollemodellar som som løftar fram bibelske verdiar som grunnlag for lovverk og vanlege folks liv.
  • Be om vekking og genuint åndeleg liv mellom dei evangeliske kristne. 
  • Be om at kyrkja i Estland vert attreist og revitalisert, at dei truande får ein ny brann i seg, at dei får ein ny visjon for evangelisering og misjon og at dei vert i stand til å avsløra og avvisa sekterisk kristendom som det er mykje av (t.d. mormonisme). 
  • Be om forsoning mellom russarar og estlendarar.
  • Be om at nokre truande estlendarar vigslar liva sine til å gje evangeliet til den russiske delen av befolkninga. 
  • Be også om at mioritetar som tatarane, muslimane og jødane i Estland skal bli nådd med dei gode nyheitene om Jesus.

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...