onsdag 20. februar 2019

Armenia

Areal: 29 800 km2
Folketal: 3 038 217
8 millionar armenarar er i diaspora
Hovudstad: Jerevan
Religion: Kristendom

Armenia blir rekna for å vera den første nasjonen i verda som definerte seg som kristen. Det hende i det 4. hundreåret . Kr. Den ortodokse kyrkja i landet har soleis djupe røter, og armenarane er stolte av sitt opphav.

Frå 1915-1917 vart armenarane, i skuggen av den 1. verdskrigen, utsett for folkemord av tyrkarane. 1,5 millionar av dei vart då regelrett masakrerte. Minnene etter desse redslene sit djupt i befolkninga.  Fridjof Nansen berga hundretusenvis armenarar gjennom det berømte Nansenpasset som han gjennom Folkeforbundet fekk laga som eit gyldig internasjonalt pass. Slik kunne armenarar som var truga på livet koma seg i tryggleik i andre land.

I 1920 var landet erobra og annektert av Sovjetunionen, og fekk ikkje sjølvstendet sitt attende før i 1991.

Armenia ligg i ein djup og uforsonleg konflikt med muslimske Azerbadjan om enklaven Nagorno Karabach, samt ein god del mindre områder der fleirtalet av befolkninga er armenarar. Frå 1991 ril 1994 var det regulære krigshandlingar mellom dei to landa. Denne konflikten er uløyst, og det kostar mykje for begge nasjonane.

For å støtta Azerbadjan, stengde Tyrkia grensa mot Armenia i 1993. Det har hindra handel og økonomisk utvikling i landet.

I 2015 inngjekk dei ein økonomisk avtale med Russland, Kviterussland og Kazakhstan, og i 2017 med EU. I 2018 vart den mangeårige statsleiaren Serzh Sargasian bytta ut med Nikol Pashinyan. Dette skjedde etter veker med store demonstrasjonar mot regimet.

Kjelder: CIA World factbook, Operation World


  • Armenarane er i stor grad kulturelle kristne med avgrensa kristen kunnskap.  Men dei er svært mottakelege for evangeliet, og gjennom dei siste åra har kristen innsats mellom dei bore gode frukter. Det gjeld både for dei som bur i heimlandet og dei i diaspora. Be om at armenarane skal få god tilgang på biblar på moderne armensk, og at dei skal bli eit bibellesande folk med ei levande tru på Jesus som frelsar og Herre, og at Anden skal bli aust ut over folket, fornya og forvandla dei som ei frukt av at Guds kjærleik blir aust ut i hjarto deira. 
  • Be om at konflikten med Azerbadjan skal bli løyst, og at partane skal forsona seg med kvarandre og bli støttespelarar i staden for motstandarar. 
  • Be om at landet skal koma seg økonomisk på fote.
  • Be om at barn og unge må få solid opplæring og utdanning.
  • Be om at folket skal leva edrueleg.
  • Be om at radiosendingane frå Trans World Radio skal bli lytta til og føra mange til levande kristen tru. 




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...