På Bahamasøyane bur det 332634 menneske (juli 2018). Alle kallar seg kristne, men svært få kjenner Gud og følgjer Jesus. Alle har ein bibel, men få les i han. Mange kyrkjer manglar pastoral leiing. Turistnæringa har skapt mykje velstand for rike utlendingar, medan dei vanlege innbyggjarane lever i fattigdom. Lengst nede på den sosiale rangstigen er haitianske immigrantar. Det er regel meir enn unnataket at barn vert fødde utanfor ekteskap, og veks opp kun med mødrene sine. Rusproblemet er omfattande og valdelege ran er vanleg.
Herre Jesus Kristus! Du som kom for å gjera ende på djevelens gjerningar, me ber for Bahamas at du skal intervenera i denne øystaten, gjenopplive kyrkja di, reisa henne opp, fylla henne med din kjærleik, utrusta henne med di kraft, læra henne ditt ord, tala mektig gjennom henne til fortapte syndarar slik at dei vender om frå syndene sine og søkjer di rettferd. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 28. februar 2019
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar