Viser innlegg med etiketten Usbekistan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Usbekistan. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

Tashkent, Uzbekistan - Photo: Wikipedia / Atilin
Tashkent


Ei kristen mor i Usbekistan vart drepen av ektemannen den 9.februar. Drapet skjedde på flyplassen i Tashkent då kvinna prøvde å forlata landet. Ho hadde nyleg teke imot Jesus.

Denne kvinna begynte å få problem då mannen hennar oppdaga at ho hadde blitt kristen og las Bibelen. Mannen reagerte med å låsa henne inne og nekta henne å gå i kyrkja.  Han nekta henne også å møte sonen på to år. 

Til slutt fekk ho flytta saman med sonen til foreldra sine, men mannen held fram med å truga henne, noko som enda opp med mord då kvinna prøve å rømma landet for å skaffa trygghet for seg og sonen. 

Gode Far! Me ber om trøyst og styrke for kvinnas barn og foreldre, og om framtid og håp for dei alle. Må mannen som myrda kona si få fortent straff, men også omvending til livet. Amen!

søndag 17. februar 2019

Usbekarar i Nord-Usbekistan

Denne tyrkiske folkegruppa tel 25 millionar menneske, og utgjer nesten heile befolkninga i Usbekistan. Dei er alle muslimar. Det er forbode for muslimar å konvertera til ein annan religion i dette landet. Språk: Usbekisk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både som tekst og i lydformat, Jesusfilmen likeeins. Kjelde: joshuaproject.net

Herre Jesus! Du er den store såmannen. Send dine utsendingar for å så ut ditt gode ord mellom usbekarane slik at dei kan få ein reell sjanse til å ta imot deg som Herre og frelsar og bli ein del av ditt rike. Me ber om at dei usbekarane som alt trur på deg skal finna fram til kvarandre og danna grunnlaget for ei vital og sigrande usbekisk kyrkje. Amen!

m14039_uz.png

onsdag 13. desember 2017

Usbekistan

447 400 km2
29 748 859 innbyggjarar. 80% usbekarar, som er eit tyrkisk folkeslag. 5,5% russarar. 5% tadsjikarar, som er eit persisk-medisk folkeslag. 
Hovudstad; Tashkent (2,2 mill)
Dei fleste menneska bur tett heilt i aust, i den svært fruktbare Ferganadalen. Elvar frå mektige fjell samlar seg i Ferganadalen og legg grunnlag for rik bomullsproduksjon. Her er den årlege folketalsveksten på 32%. Den berømte Silkevegen går gjennom dette lange dalføret. 
Dei sentrale delane av landet er øydemark. Heilt i vest ligg Aralsjøen. Den er halvveges tørrlagt pga irrigasjon i samband med at Josef Stalin bestemte at området skulle nyttast til bomullsproduksjon. Dette har skapt enorme miljøproblem. 
       
Landet er meir enn sjølvforsynt med olje og gass. Elles vert det vunne ut mange ulike verdfulle mieraler som gjev eksportinntekter.

Trass i store naturrikdomar, er folk flest fattige, og kjempar for å få endane til å møtast. Her er det enkeltpersonar som forsyner seg rått av inntektene, og korrupsjonen er høg. 

Landet vart okkupert av Russland seint på 1800-talet, og i 1924 innlemma i Sovjetunionen, men reiv seg laus og vart sjølvstendig nasjon i 1991 då Sovjetsambandet løyste seg opp. 

88% av befolkninga er muslimar. 9% ortodokse kristne. I 2010 var det 85000 evangelisk kristne i landet, men dette talet er nok høgare no. 
Det er strengt forbode å driva kristen misjon retta mot usbekarar. Den usbekiske kyrkja er ei undergrunnskyrkje som stadig er utsett for forfølging og trakassering. Likevel går evangeliet fram i landet, og dei truande er brennande og ivrige for Kristus. 

  • Be om at Usbekistan skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet og transformert av Den Heilage Ande. 
  • Be om at dei truande skal ha tilgang på biblar, leva misjonalt og at nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort. 
  • Be om at dei truande skal bli verna mot overgrep, og at dei skal leva klokt og sterkt.
  • Be om at landet skal få rettferdige politiske leiarar som tener folket sine interesser, og ikkje sine eigne. 
  • Be om at folket skal få innsikt i korleis dei skal kunna løysa dei store miljøproblema som landet står overfor. Det er snakk om ørkenspreiing, vassmangel og forgiftning av jordsmonn pga kjernefysisk avfall frå atomkraftverka. 


tirsdag 13. desember 2016

Dagens nasjon: Usbekistan

Usbekistan er noko større enn Noreg i flatemål: 447,400km2. Folketal: 27,8 mill. Landet ligg mellom Turkmenistan og Kasakstan, og grensar dessutan i aust til Afghanistan og Kirgisistan.
Usbekistan er nesten 100% muslimsk. Det er 208000 registrerte kristne i landet. Av desse er 85000 evangeliske. Det offisielle språket er usbekisk. Det blir elles snakka 38 aandre språk i landet. Usbekistan er sjølvforsynt med olje og naturgass, er verdas 5. største bomullsprodusent og har store mineralressursar. Bomullsproduksjonen krev store vassresursar, og Aralsjøen er snart heilt inntørka pga enorm irrigasjon. Det var Josef Stalin som i si tid fann ut av det skulle dyrkast bomull i Usbekistan, noko som har ført til ein gigantisk økologisk katastrofe.
Landet er eit viktig transittland for narkotika frå Afghanistan. Usbekistan var tidlegare ein del av Sovjetunionen, og etter sjølvstende i 1991 vart det kommuniustiske diktaturet erstatta med eit autokratisk muslimsk diktatur.  Landet har tetta band til Russland. Fattigdomen er stor. Korrupsjonen eventyrleg, og rikdomane svært ujamnt fordelt. Dette har gjeve grobotnen til framveksten av islamsk ekstremisme.
Trass i at dei evangeliske utgjer ein liten prosent av befolkninga, har dei sterk vekst. Dei er stadig under oppsikt, og blir utsette både for trakassering og fengsling, særleg om dei rettar misjonsinnsats mot usbekarar. Russarar og koreanarar kan evangelisera innafor eiga etnisk gruppe. Likevel blir det evangelisert også overfor usbekarar, og Guds rike går fram gjennom trengsler.

  • Be om at Guds barn i Usbekistan skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus, vera sterke i skriftene, fulle av ånd og kraft, frimodige og smarte i måten dei evangeliserer på.
  • Be om at nye kristne blir forsvarleg disippelgjort.
  • Be om at dei Gud kallar til lkristent eiarskap skal svara ja og gå inn i tenesta med glede.
  • Be om at alle språkgrupper skal få høyra om Fars kjærleik og nåde på sine eigne språk. 
  • Be om at Gud skal velsigna landet med gode, kloke og rettferidge leiarar som distanserer seg frå ein korrupt livsstil, og som tek eit oppgjer med denne ukulturen som fremjar inkompetanse, og held landet nede i fattigdom.
  • Be om at leiarane skal ta tak i miljøproblema knytta opp til vassmangelkrisa. 
  • Be om at dei unge i landet skal få håp slik at dei ikkje knyter seg opp til ekstreme islamistiske grupper, slik dei i stor grad gjer no. Be om at dei skal finna Jesus og forstå betydninga av hans kross. 


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...