Denne tyrkiske folkegruppa tel 25 millionar menneske, og utgjer nesten heile befolkninga i Usbekistan. Dei er alle muslimar. Det er forbode for muslimar å konvertera til ein annan religion i dette landet. Språk: Usbekisk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både som tekst og i lydformat, Jesusfilmen likeeins. Kjelde: joshuaproject.net
Herre Jesus! Du er den store såmannen. Send dine utsendingar for å så ut ditt gode ord mellom usbekarane slik at dei kan få ein reell sjanse til å ta imot deg som Herre og frelsar og bli ein del av ditt rike. Me ber om at dei usbekarane som alt trur på deg skal finna fram til kvarandre og danna grunnlaget for ei vital og sigrande usbekisk kyrkje. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dei som er berørte av draps tragediane i New Orleans og Montenegro
I forgårs køyrde ein tidlegare amerikansk soldat, no IS-sympatisør, inn i ei folkmengde i ei gågate i New-Orleans og drap minst 15 mennesk...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
-
O Herre, din dom er så forferdelig. Den gjelder jo ikke bare meg eller ett eller annet tilfeldig menneske, den gjelder alle. Du har kunngjo...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar