torsdag 21. februar 2019

Dramatisk auke i vald mot kristne i India



Talet på valdstilfeller mot kristne i India firedobla seg i tida 2014 til 2017, og tendensen har vore den same i 2018 og fram til i dag. Under parlamentsvalet i 2014 fekk hindunasjonalistar flerital i nasjonalforsamlinga, og det er desse som oppmuntrar til diskriminering og hatefulle handlingar mot kristne. Hindunasjonalistane styrer etter ein ideologi som dei kallar hindutva som har religiøs reinsing av landet som program. Berre hinduismen og buddhismen blir rekna som indiske. Kristendomen og islam må ut av landet.

Kva skjer?  Kristne møter vert avbrotne, kristne vert skulda for å tvangskonvertera folk, pastorar og andre kristne vert skamslegne og skada for livet, kristne vert truga med drap om dei held fram med å halda møter, kristne vert støytt ut frå lokalsamfunna og nekta tilgang til vatn og andre livsnødvendige forsyningar, og kjendisar går ut med hatefulle ytringar mot kristne. Det fører ofte til vald.

Midt oppi dette er politiet heilt passive.  Mange av dei kristne er kastelause, og dermed rettslause.

Gode Gud! Me ber om vern for den kristne befolkninga, og for andre minoritetar, i India.    
Styrk dei truande som dagleg blir diskriminerte på arbeidsmarknaden og der dei jobbar.
Ansvarleggjer styresmaktene i høve til det som skjer. 
Me ber om rettsforfølging mot dei som forbryt seg mot kristne, og me ber om internasjonalt press for å få styresmaktene til å ta det ansvaret som dei etter Menneskerettsfråsegna har for å stansa forfølging mot minoritetar. Me ber også om at India under neste parlamentsval må få leiarar som tek menneskerettane på alvor. Amen! 
     
Kjelde: Stefanusalliansen

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...