- Be om Guds vern over dei truande i dette landet.
- Be om at samfunnet elles skal sjå sitt ansvar til å passa på kristne medborgarar.
- Be om trøyst til alle dei som sørgjer over tapte familiemedlemmer, forsørgarar og vener.
- Be om at dei kristne skal stå fast i trua midt i stormane som trugar dei.
- Be om at dei som utøver denne valden skal bli stilt til ansvar for ugjerningane sine.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Burkina Faso. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Burkina Faso. Vis alle innlegg
mandag 29. juli 2019
Fire kristne menn drepne i Burkina Faso
Den 27. juni gjekk uidentifiserte soldatar inn i landsbyen Bani i Burkina Faso på jakt etter kristne. Dei leita etter personar som gjekk med krossmykker rundt halsen, og fann fire menn: Theophile Ouedraogo, Ernest Kassoaga, og brørne David og Philippe Zoungrana. Alle vart avretta. Dette melder Open Doors internaional. Ekstreme muslimar frå Mali har den siste tida gjennomført slike raid i nabolandet sitt, og sidan februar har dei teke livet av 27 truande.
søndag 5. mai 2019
Burkina Faso 28. april: Pastor Pierre Ouèodraogodo og fem kyrkjemedlemmer drepne under gudsteneste

Pierre Ouèodragodo har vore pastor i ei pinsekyrkja (Assamblies of God) i byen Sirgadji i 40 år. Sist søndag vart han skoten medan han forkynte Guds ord. Eit dusin tungt væpna islamistar (truleg frå Al Qaida) storma inn på gudstenesta og skaut han og fem andre truande. Mellom dei var sonen og svigersonen til pastor Ouèodragodo. Terroristane forsvann etterpå på motorsyklanr sine. Ingen er så langt arresterte. Dette melder Christianity Today og World Watch Monitor.
Burkina Faso er eit land i sahelbeltet nord for Elfenbeinskysten og aust for Mali. 60% er muslimar medan 25% er kristne. Dei har levd fredeleg saman i årevis, men i den siste tida har det kome inn terorgrupper frå Mali for å destabilisera landet. Lenge var åtaka deira retta mot meir tilfeldige mål. Men no er styresmaktene redde for at dei skal gå meir direkte på kristne.

Henri Ye er president i FEME (Federation of Evangelical Churches and Missions in Burkina Faso). På ein pressekonferanse tysdag 30. april formante han alle truande til å møta dei som hatar med Kristi kjærleik. "Det er kyrkja sin rolle i denne vonde verda," sa han, "og det den me er kalla til å leva ut i full skala. Hemn er ikkje vår veg. Me skal vera vaktpostar, og Gud skal sørgja for at hans namn vert herleggjort, også i vanskelege tider."
Kjære Herre Jesus! Du ser all den sorg og naud som ligg i det som her har skjedd. Du høyrer ditt folks rop. Ta dei i din famn, og ta heile saka deira i dine hender. Reis deg og sprei fiendane dine. Gjer dei som planlegg slike vonde handlingar makteslause. Hald kyrkja di oppe, og gjer dei truande alt meir dedikerte med tanke på å fullføra misjonsbefalinga i Burkina Faso. Amen!
mandag 25. februar 2019
Dagens unådde: Jelgooj, fulanifolk frå Burkina Faso
Folketal: 387 000. Religion: Islam. Språk: Fufulde. 0,3% kristne.
Fulaniane er generelt seminomadar. Dei er strenge i si muslimske tru, og dei har ein tusen år gamal krigersk historie. Dei har drepe mange kristne i Nigeria. Men det gjeld ikkje for den gjengen me skal be for i dag.
Far i himmelen! Bryt ned jelggojfolket sin stolthet. Lat dei møte seg sjølv og sin eigen svakhet, slik at dei blir audmjuke og mottakelege for nåde. Må di kyrkje bli etablert i dette folket, og lat ho bli sterk, vital og misjonal. Lat dei koma til tru på Jesus som Herre og frelsar, bli grunnfesta i din nåde, ditt ord, i bøna og i Guds familie slik at dei kan bli forvandla ved din Ande. Amen!

mandag 20. mars 2017
Burkina Faso
Areal: 274 200 km2
Folketal: Rundt 20 millionar. 3% årleg tilvekst
Hovudstad: Ouagadougou med 2 mill. innbyggjarar
78 ulike etnolingvistiske grupper. Størst er Gur som utgjer 77%.
Det vert snakka 70 språk i Burkina Faso.
Bibelspråk: 7 språk har heile Bibelen. 16 har NT. 28 har deler av Bibelen. 28 språk er under omsetting.
Burkina Faso er eitt av dei fattigaste landa på jorda.
I hovudsak dyrkar folk jorda. Bomull er kanskje den einaste eksportartikkelen, Landet er ekstremt sårbart for tørke. Det kan vera gull og andre mineraler å finna i berget. Landet lid også under stadige væpna konfliktar med Elfenbeinskysten.
Utdanningsnivået er lågt, særleg mellom jenter og kvinner.
Landet har ekstremt høg nasjonal gjeld.
POLITIKK
PF var fransk koloni fram til 1961. Har hatt stabil regjering sidan 1987.
RELIGION
52% islam
26,4% etniske religionar
21% kristne. 1,4 mill protestantar (10000 i 1960)
Folketal: Rundt 20 millionar. 3% årleg tilvekst
Hovudstad: Ouagadougou med 2 mill. innbyggjarar
78 ulike etnolingvistiske grupper. Størst er Gur som utgjer 77%.
Det vert snakka 70 språk i Burkina Faso.
Bibelspråk: 7 språk har heile Bibelen. 16 har NT. 28 har deler av Bibelen. 28 språk er under omsetting.
Burkina Faso er eitt av dei fattigaste landa på jorda.
I hovudsak dyrkar folk jorda. Bomull er kanskje den einaste eksportartikkelen, Landet er ekstremt sårbart for tørke. Det kan vera gull og andre mineraler å finna i berget. Landet lid også under stadige væpna konfliktar med Elfenbeinskysten.
Utdanningsnivået er lågt, særleg mellom jenter og kvinner.
Landet har ekstremt høg nasjonal gjeld.
POLITIKK
PF var fransk koloni fram til 1961. Har hatt stabil regjering sidan 1987.
RELIGION
52% islam
26,4% etniske religionar
21% kristne. 1,4 mill protestantar (10000 i 1960)
- Det vert sagt om dette landet at det har 50% muslimar, 20% kristne og 100% animistar. Her er det omfattande religionsblanding, og alle driv med okkulte handlingar. Be Gud om å bryta djevlens makt over landet og menneska der. Også i kyrkjene skjer dette i stor stil, og evangeliet vert ureina av heidenskap og avgudsdyrking.
- Kyrkjelydane lid under manglande leiarskap og fråverande disippelgjerning. Be om at nye leiarar må stiga fram, leiarar som kjenner Gud, er fulle av Den heilage ande, lærer rett og lever etter Guds ord. Be også om at det skal veksa fram solide disippelskapsprogram som blir bestemmande for kvaliteten på dei kristnes liv framover.
- Be om at det i kyrkjene skal utvikla seg ein gjevarmentalitet framfor ein tiggarmentalitet.
- Be om at Gud skal velsigna kyrkjene økonomisk.
- Be om at befolkninga skal ta eit oppgjer med seksuell umoral slik at dei kan leva reint med kvarandre, og at AIDS-epedemien slik skal koma under kontroll og forsvinna.
- Be om einskap mellom dei kristne i landet.
- Be om at det skal gjerast tiltak for å nå dei 27 unådde stammene der.
- Be om at kyrkjene i landet skal få ein sterk og retningsgjevande misjonsvisjon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...


