Viser innlegg med etiketten Kairo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kairo. Vis alle innlegg

mandag 13. mai 2019

Egypt

Areal: 1 001450 km2. Folketal: 99 413 317 (juli 2018). Styresett: Militærdiktatur. Folkeslag: 92% egyptarar. 2% berberar. 1,4% sigøynarar. 2,4 % flyktningar frå omkrinliggjande land. Hovudstad: Kairo.

I Egypt finn med veldige monument over verdas eldste kultur. Pyramidar ruvar i ørkenlandskapet, og under sanden er det mange tusen år gamle byar som ventar på å bli oppdaga og gravne fram i dagen. Fyrtårnet i Alexandria var eitt av antikkens sju underverk. Biblioteket i den same byen var kjent for sine mange store boksamlingar som alle gjekk tapt i brann. Ein tragedie for heile verda.

Økonomi: Turisme. Jordbruk (11%). Industri (54%). Handel.

Religion: 86,6% muslimar. 12,3 % kristne (2010), dei fleste tilhøyrer den koptiske kyrkja.

Under den arabiske våren i 2011 måtte president Hosni Mubarak gå av. Det muslimske brorskapet kom til makta gjennom val, men vart seinare styrta av det militæret.

Den koptiske kyrkja i landet har røtene sine attende til den første kristne tid. I over 1000 år var Egypt eit kristent land, og mange av dei største kristne tenkjarane som Origenes og Cyprian budde og verka der.

I dag er kyrkja stadig utsett for åtak. Radikale muslimar sprenger bomber under gudstenester, slaktar ned kristne pilgrimar på veg til sine pilgrimsmål og prøver å spreia så mykje redlse som råd er i dei kristne samfunna.

Men kyrkja er sterk og har framgang midt i trengsler.

I Egypt er avstanden mellom fattig og rik enorm, og det er langt fleire fattige enn rike. Dei kristne finn me mellom dei fattige, og ofte mellom dei fattigaste.

IS og andre bandar har slått seg ned på Sinai og kidnappar folk, spreier frykt og gjer stor skade.

Universitet i Kairo har vore anrnestaden for radikal islam i den muslimske verda.


  • Takk for Egypts rike åndelege arv.
  • Be om at egyptarane enno ein gong skal bøya seg for Krisus og helga han til konge og Gud i liva sine.
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar, at dei kristne skal halda tett saman i solidariske fellesskap og vera rikt utrusta for sitt kall.
  • Be om at landet skal få nyta godt av å ha kloke og rettsindige leiarar
  • Be mot korrupsjonen og uærlegdomen som pregar samfunnslivet.
  • Be om at radikal islam som har sterkt fotfeste i landet skal falla saman
  • Be mot den vald og brutalitet som råkar så mange
  • Be om at styresmaktene må få kontroll på Sinai
  • Be om effektiv spreiing ab biblar til befolkninga
  • Be om at Bibelen skal bli lest, og folket transformert av Anden
  • Be om at landet skal bli velsigna økonomisk. I dag er statsgjelda himmelhøg. 
  • Be om at freden med Israel skal vara ved, og at landet skal læra seg å velsigna Israel.



fredag 8. februar 2019

Sudanesisk kvinne utsett for alvorlege trugsmål i Egypt


A woman looking at a cross on a church.
Den sudanesiske kvinna Ebtehaj Mostafa kom til tru på Jesus for mange år sidan. I 2005 vart ho arrestert fem gongar på grunn av sitt kristne vitnemål, og valde til slutt å flykta til Kairo. Der møtte ho ein sudanesisk pastor som ho gifta seg med. Dei har ei dotter saman. 

I februar 2017 vart Ebtehaj kidnappa av to menn, ført til ein ukjent plass, bunden til ein stol i eit mørkt rom, og kidnapparane skreik til henne at ho var ei skam for familien, krevde av henne at ho skulle skilja seg frå mannen sin, gje opp kristendomen, returnera til islam og venda attende til familien, som no hadde flytta til Saudi Arabia. Då ho nekta, truga dei med å drepa mannen og dottera hennar. Men Ebtehaj sto urokkeleg fast. Til slutt vart ho valdteken, slegen medvitslaus og kasta utanfor og vart liggjande i ein hjelpelaus tilstand til nokre fann henne.

No er broren hennar komen til Kairo. Under ei gudsteneste kom han inn i kyrkja og synte fram eit bilete av mannen til søstera og kravde at nokon fortalde kor han kunne finna han.

Ebtehaj og dei andre truande i kyrkjelyden er no svært bekymra for kva som kan skje, og dei ber kristne over heile verda om å be for denne familien.

Far i himmelen! Du som oppsedar oss for ditt rike med kross og trengsel, me ber deg: pass godt på Ebtehaj Mostafa og familien hennar no. Forvirra broren og hans medsamansvorne  slik at dei ikkje kan finna fram til dei og utøva skadeverk, i Jesu namn! Amen!

kjelde: persecution.net, Morning Star News


søndag 11. desember 2016

25 koptiske kristne drepne i bombeåtak mot Markuskatedralen i Kairo i dag

Dette er det verste enkeltanslaget om koptiske kristne i moderne tid. Etter president Morsis og Det muslimske brorsskaps fall, har presset mot den egyptiske kristne minoriteten auka kraftig på, og det ser ikkje ut til å politiet har vilje til å gje dei effektivt vern. Våre kristne søsken i Egypt treng vår forbøn.

Herre Jesus! I dag ber me om trøyst og styrke for dine forfølgde barn i Egypt, og særleg for dei som i dag har mista sine kjære. Gje dei ditt sterke nærvær akkurat i desse timane som dei er inne i no. Vekk ditt folk verda over til å be for Egypts kristne, og gråta med dei. Gode Gud! Dei koptiske kristne hungrar og tørstar etter rettferd. Må dei bli metta. Dei sørgjer. Må dei bli trøysta. Me ber i Jesu namn. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...