Viser innlegg med etiketten Austerrike. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Austerrike. Vis alle innlegg

tirsdag 10. juni 2025

Skuleskyting i Graz i Austerrike.

 I dag drap ein 15 år gamal gut 10 medelevar pluss seg sjølv i byen Graz i Austerrike. 12 er alvorleg skada. Det er ein djup tragedie og ei botnlaus sorg. 

Hald med di sterke hand oppe alle som no er knuste som følgje av denne masseskytinga. Trøyst dei sørgande, og gje lækjedom til alle som ligg hardt skada på sjukehus. Sjå i nåde til Graz og Austerrike, og hjelp folk å venda seg til deg med si naud. Amen! 

tirsdag 25. februar 2025

Austerrike

 

Kart: Operation World

Det bur 9 mill menneske i Austerrike. Landet er prega av sin rike historiske arv frå den tida då Austerrike-Ungarn var ei stormakt i Europa, og Habsburgarane var involvert i mange kongehus, og dominerte i europeisk politikk. Wien er verdas musikkhovudstad. Her budde Mozart, Beethoven, Haydn, Schubert, Brahms og Mahler, som alle komponerte udøyeleg musikk. Byen er prega av vakre bygningar med rik ornamentering og utsmykking. 

Austerrike er ein turistnasjon der skiturisme kanskje er det viktigaste segmentet. 

84% tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, men berre eit fåtal kjenner Jesus. På mange vis framstår menneska der som unådde. 0,5% er med i evangeliske kyrkjer. Rekruttering av nye pastorar er svært vanskeleg. 

Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til sin haust i Austerrike
Be om at unge kristne skal kallast til evangelistar og pastorar
Be om at alle truande skal bera med seg eit frimodig vitnemål om Jesus ut i kvardagen
Be om at dei truande skal vera lys og salt i samfunnet
Be om at det skal oppstå ei sterk bønerørsle mellom dei kristne
Be om at dei skal få augo opp for kor viktig det er å planta nye kyrkjelydar


mandag 25. februar 2019

Austerrike


Areal: 83 855 km2   Folketal: 8 793 370.
Austerrike er med sine høge fjell og djupe dalar eit eldorado for skituristar om vinteren og fjellvandrarar om sommaren. 
Historisk har landet prega Europa politisk og kulturelt meir enn dei fleste andre land. Det mektige og søkkrike Habsburgske monarkiet hadde sitt sete Wien, der 16 av dei største komponistane i verdshistoria som Mozart, Beethoven, Schubert og alle Straussane levde, døydde og vart gravlagde. 
Politikk: Republikk med parlamentarisk demokrati. Politisk bevegar folket seg stadig lengre mot ytterste høgre, som den historiske makkeren deira Ungarn også gjer (og mange andre land i Europa). 
Dei fleste austerrikarane er katolikkar, men ytterst få av dei kjenner Jesus personleg. Religionen er i hovudsak eit rammeverk rundt liva deira, eit skal utan innhald og liv.
Den siste tida har også den katolske kyrkja opplevd nedgang i oppslutninga, særleg pga dei mange, mange seksuelle skandalane som presteskapet har vore involvert i.  
Stadig fleire vert gripne av nyreligiøse tankar.

  • Austerrikarane er åndeleg døde. Be om at Gud skal tala til dei, og at hans ord skal føra dei til sann omvending og skapa nytt liv i hjarto deira. 
  • Be om at presteskapet i den katolske kyrkja skal venda om til Jesus, og bli levandegjort ved hans Ande. 
  • Be om at Gud skal ta godt vare dei evangeliske kyrkjene i landet, fylla dei truande med sin Ande og gjera dei til kraftfulle vitner i nasjonen. 
  • Be om at Kristi kjærleik og Guds ord må sigra over all fascinasjon for buddhisme og andre nyreligiøse krefter.
  • Be om einskap mellom alle i landet som elskar Jesus
  • Be om at Austerrike skal bli totalt transformert av evangeliet og gjennomtrekt av Den heilage ande. 





Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...