søndag 24. februar 2019

Australia



Areal: 7 692 300 km2. Folketal: 23 470145 (juli 2018). Australia er verdas tørrast kontinent, ein ørken med meir fuktige og levelege områder langs i kystområda, særleg i aust og sør og i sør -vest.
Hovudstad: Canberra. Største byar: Sidney, Melbourne, Brisbane, Adeleide og Perth.

2,8% av befolkninga er urfolk (aboriginarar), resten har flytta inn dei siste to hundre åra, dei fleste frå England. 7% kjem frå asiatiske land.

Engelsk er offisielt språk. Men det vert totalt snakka 206 språk, dei fleste av aboriginarane.
Bibeloversettingar: Heile Bibelen føreligg kun på engelsk, elles er  NT omsett til 21 språk,  deler av Bibelen til 37 og 13 omsettingar er under arbeid (2010).

Økonomisk står landet sterkt, og er pga store naturressursar eitt av dei rikaste landa i verda. Men etter år 2000 har talet på fattige auka, og desutan er dei økologiske systema svært sårbare. Befolkninga er stadig meir utsett for langvarig tørke, bønder går konkurs, enorme skogbrannar herjar kvart år og det rike Great barrier reaf er i ferd med å døy. Det er ei økologisk katastrofe med uante følgjer for livet i havet.

Politisk er Australia  eit demokratisk monarki innafor Det Britiske Samveldet. Dronning Elisabeth er statsoverhovud. Landet har seks delstatar med kvar sitt parlament og administrasjon, men sentralstyresmaktene ligg naturlegvis i Canberra.

69% er kristne, 24% ikkje-religiøse, resten fordeler seg utover mindre grupper. Dei kristne utgjer ei god blanding av protestantar, aglikanarar og katolikkar. Nedgangen dei siste åra har vore merkbar. Likevel har den kristne trua framleis mykje å seia for politikarane i landet, noko som m.a. motiverte dei for få år sidan å be aboriginarane om tilgjeving for den dårlege måten dei har vorte handsama på gjennom mange, mange år av dei kvite innvandrarane frå Europa.
  • Be om at landet må bli velsigna med leiarar med tru og integritet.
  • Be om at det åndelege tidevatnet i Australia skal snu, at trua skal venda attende til folk og at landet skal bli prega og gjennomsyrast av Guds kjærleik og hans gode lover og verdiar. Sekularistane i landet er agressive i å redusera kristendomen sin innflytelse, og homolobbyen har vore effektive i å få gjennomført kjønnsnøytralitet og likekjønna ekteskap og slike ting. Be om at Gud må setja ein stoppar for alt dette, at han reinser nasjonen frå synd, og om at det skal framstå klåre og kloke røyster i landet som er i stand til å syna kor skapet skal stå.
  •  Kyrkja i landet møter store utfordringar i det å vera relevant. Sjølv om 2/3 meiner seg å vera kristne, er det berre 10% som går jamnleg i kyrkja eller på kristne arrangement. Folk er sterkt influert av New Age og den moderne velg og vrak spiritualiteten der kvar enkelt set saman sin eigen religion med element frå ulike hald. Be om at Guds ord skal forkynnast så klårt og kraftfullt i og frå landets kyrkjer  at hjartans tankar og råd vert avslørte, og at folk kastar frå seg alt som er uekte og velgjer å følgja Jesus Kristus av eit heilt hjarta. 
  • Mange karismatiske kyrkjer har utvikla stor vitalitet, og mange kjem til tru gjennom desse. Be om at elden ikkje skal slokna med spreia seg stadig lenger utover. 
  • I mange protestantiske kyrkjer er det djup splitting pga synet på ordinasjon av kvinner til pastorteneste, og pga ulikt syn på homoseksuell praksis og samliv og på likekjønna ekteskap. Be om at Gud og hans ord skal sigra i desse spørsmåla, og at han må reinsa og helga kyrkja si slik at ho kjem i harmoni med han. 
  • Be om at dei truande i kraft av sine kraftfulle og profetiske liv må bli relevante for dei sekulære materialistane. 
  • Be om at evangeliet skal slå rot mellom minoritetesgruppene i landet: muslimar, jødar, kinesarar, vietnamesarar, flyktningar frå Balkan og andre mennesker frå Sør-Europa.
  • Be om at aboriginarane skal finna lækjedom frå den kollektive smerten som dei ber på etter mange års grov undertrykking, at dei skal reisa seg, få relevant utdanning, bli politisk sterke og få reell innflytelse over liva sine att. 
  • Dei fleste aboriginarar er kulturelt kristne. Be om at dei skal få møte Fars kjærleik og erfara å bli fødde på nytt ved Den heilage ande, og utrusta av han for hans misjon. 












Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...