tirsdag 14. juni 2011

Yinuo Nosu, Kina

Yinuo Nosu er lokalisert til vestlege deler av Kina, i Yunnanprovinsen (Mao sin eigen provins) mot grensa til Burma. Dette området av Kina er svært kuppert og ikkje lett tilgjengeleg for utanforståande. Yinuo Nosu er èi av 24 ulike nosustammer. Dei er tradisjonelt eit krigersk folk som heldt slavar. Slaveriet vart avskaffa av kommunistane i 1956. Dei tel 612 000 menneske, og er delt inn i eit strengt kastesystem. Ekteskap på tvers av kastane er sjeldsynt. Dei snakkar sitt eige språk. Minnet om syndfloda lever sterkt i dette folket med legendar som minnar mykje om forteljinga om Noa og familien hans. Elles har dei sin eigen etniske religion. Det skal vera nokre hundre romersk katolske kristne Nosuar, men ingen kjende evangeliske.

Herre Jesus! Me ber om frelse for Yinuo Nosu. Du elska dei til døden, og me ber om at din død skal bli dei til liv. Bruk syndflodforteljinga som eit bindeledd mellom deg og dei slik at dei kan forstå og tru at Bibelen er ditt ord som viser dei vegen til full frelse ved trua på Jesus. Me takkar deg for den store vekkinga som i dag går over Kina, og ber om at nokre av dine mange ivrige utsendingar skal koma til Yinuo Nosu, læra seg språket deira, syna dei miskunn og godleik og dela evangeliet om Jesus med dei. Må din kjærleik smelta hjarto deira slik at dei mjuknar som folk og prisar tilgjevinga og kjærleiken som dei høgaste av alle livsverdiar, og tek avstand frå hemn og hat. Gje dei ei djup forståing av at alle menneske er like verdfulle slik at dei tek eit varig oppgjer med kastesystemet som har bunde dei i løgn gjennom generasjonar. Amen!

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....