søndag 12. juni 2011

Dødsdømt ung pakistansk mor framleis i fengsel

I juni 2009 vart Asia Bibi anklaga for blasfemi av ei muslimsk kvinne fordi ho hadde påpeikt at Jesus lever medan Muhammed er død.

8. november 2010 vart ho kjend skuldig og dømd til døden. Etter det har to framståande menn, m.a. ein statsråd, som ville endra Pakistans blasfemilovgjeving vorten myrda.

Asia Bibi har mann og to barn som ventar på henne. Dersom ho etter ein anke skulle bli frikjend, må ho raskt ut av landet. Elles vert ho myrda.

Dei kristne i Pakistan er utsette for ein omfattande aphartheidpolitikk og har langt frå dei same rettane som det store muslimske fleirtalet.

Det er grunn til å tru at tilhøva i pakistanske fengsel er desperate.

Herre Jesus! Takk for Asia Bibi sitt frimodige vitnemål, at ho torer å proklamera di sanning i eit farleg og fiendleg miljø. Me ber no om at gode menneske i mange land skal arbeida for henne for å få henne ut av den klemma ho har kome opp i, slik at både ho og familien kan koma seg til ein trygg plass.

Så ber me om at dei kristne i Pakistan skal halda seg nær til deg. Gje dei ein overnaturleg fred, og lat dei vera lys og salt i eit samfunn der dei møter fiendskap og vondskap på mange nivå. Bevar di kyrkje i Pakistan, utrust henne for dei utfordringane ho dagleg står overfor og gje henne leiarar med karakter og karisma som kan føra henne mot dei mål du har sett for henne. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...