onsdag 15. juni 2011

Vatikanstaten

Den romersk katolske kyrkja er styrt frå Vatikanet i Roma. Vatikanet er ein eigen stat der paven er overhovud. historisk sett ein av dei sterkaste statsdanningane verda har sett. Her har det opp gjennom vore samla mykje politisk, åndeleg og økonomisk makt, og er det enno, ei frukt av den ulukksalege samrøra mellom kyrkje og stat som starta med keisar Konstantin i 325 e.Kr. Den romersk katolske kyrkja er verdas største kyrkjesamfunn, og det er difor overlag viktig at dei rette folka kjem inn i Vatikanet for å forma teologien for framtida. Etter dei store skandalane som har rysta katolisismen dei siste åra med avsløring av prestar og biskopar som har utnytta barn seksuelt, og mange tilfelle av homoseksuell praksis mellom dei geistlege, er mangt kome i støypeskeia.

Far i himmelen! Du har rysta den katolske kyrkja i hennar grunnvollar, og me ber deg: gje henne leiarar som elskar deg og ditt ord og som følgjer deg nøye og med glede, og reins kyrkja, ved ditt gjennomtrengande ord, frå ureinskap og urett. Løys henne frå all politisk og økonomisk makt slik at dei som tilhøyrer henne berre må stola på Deg den allmektige, og på Sonen din som du har delegert di allmakt til. Løys henne også frå alle dogmer som er vedtekne som ikkje har sine røter i Bibelen: helgendyrking, Mariadogmer, sølibat, læra om pavens overherredøme, hans ufelbarlegdom, frelse ved tru + gjerningar og mangt meir. Sjå til alle dei barn som er blitt skadelidne av vaksne menns simple begjær, og læk såra deira. Lat denne kyrkja bli ein tenleg reidskap for ditt rike på jorda og ikkje utvikla seg til å bli ei horekyrkje som lever av løn frå sine elskarar. Gje dei mange namnekristne katolikkane eit reelt møte med Jesus som fører dei inn i ei radikal kristen omvending, og lat alle dei 120 millionar karismatiske katolikkane vera ei effektiv bru mellom den katolske og den evangeliske kyrkja, og ikkje bli oppslukt av systemet. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...