torsdag 16. juni 2011

Nytt utbrot av forfølging i India

Martyrenes Røst melder om eit nytt utbrot av forfølging i den indiske delstaten Jarkhand. Den 28. mai gjekk militante hinduar til åtak på 5 kristne familiar i Palamudistriktet. Veka før truga dei pastor Sanjay Choudary i Gospel Echoing Missionary Society med bank om han ikkje slutta med å halda gudsteneste. Pastor Sanjay melde forholdet til politiet som dukka opp 28. mai. Like etter at dei hadde forlate området, dukka dei militante mennene opp og begynte å slå folk. Ei kvinne fekk svært alvorlege skadar, og ein person er sakna. Som eit resultat av denne hendinga har dei kristne i området flykta frå heimane sine. Ei liknande hending er også rapportert frå ein nærliggjande område, noko som tyder på at det som skjer er organisert.


Herre Jesus Kristus! Først ber me om at den kvinna som er alvorleg skada skal få den hjelp ho treng, og at den som er sakna vert funnen. Så ber me om at du skal gje dei kristne i dette området effektivt vern mot overgrep, at djevelens makt over menneska i dette området skal brytast, at ditt rike skal gå fram, at dei truande skal erfara ein overjordisk fred og at dei modig skal samlast til gudsteneste og vedkjenna seg ditt namn midt i alle trugsmåla dei møter. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...