onsdag 8. juni 2011

Guatemala

Guatemala har 14,3 millionar innbyggjarar. 94% av befolkninga definerer seg som kristne. 24,4 % er evangeliske. Etter det enorme jordskjelvet i 1976 og borgarkrigen på 80-talet, var det mange som vende seg til Gud, og den evangeliske kyrkja vaks med enorm fart. Dette ikkje berre pga all smerte, men også fordi kyrkja var særleg effektiv i vitnetenesta i denne tida. No har veksten stoppa opp og flata ut, og skal ein no koma lenger krevst det ei djupare omvending der dei ulike gruppene forsonar seg med kvarandre, og innrømmer stygge overgrep, det gjeld begge sider, men i særleg grad var det den innfødde indianske befolkninga som vart skadelidande. Også amerikanarane si rolle som støttespelar for den spansktalande overklassen treng å belysast. I prosessen som førte til fred spela Petter Skouen i Kirkens Nødhjelp ein nøkkelrolle. Fekk lyst å nemna det. Og ein ting til: Brita Audestad, som døydde for 3-4 år sidan, og som var medlem i Kristkyrkja på Stord, fekk i oppgåve å be for fredsprisvinnar Rigoberta Menchu lenge før nokon som helst andre i landet kjende namnet hennar. Brita fekk hennar namnet hos Gud, og har med sine bøner bidrege til fred i landet.

Gode Gud og Far! Me takkar deg for alt det forunderelege me har sett du har gjort i Guatemala dei siste tiåra. Takk for alle som er komne til tru og som har fått liva sine forvandla gjennom evangeliet. Me ber deg om at Den Heilage Ande skal ta folket med seg til trinn 2 og føra dei gjennom ei djupare erkjenning av fortidas urett, snakka ærleg saman og søka forsoning med kvarandre på bakgrunn av sanning. Så ber me om at slike prosessar skal setjast i gong over heile landet og forløysa ein flaum av velsigning og kraft frå himmelen over heile landet. Me ønskjer å sjå at Guatemala blir eit land der ditt nærvær er så sterkt at folk frå heile verda reiser dit for å finna deg. Gje landet leiarar etter ditt hjarta, ærlege menneske som ottast deg, som er ubestikkelege og som hatar urett vinning, og me ber: verna landet mot all vondskap og store og krevjande naturkatastrofar. Amen!

Lytt også til denne flotte bøna: http://youtu.be/ayQZun58OaU

1 kommentar:

Solveig Audestad sa...

Hei Jens
Så hyggelig å lese at mamma, Brita Audestad, har vært bidragsyter til freden i Guatemala. At hun fikk dette navnet fra Gud, og på en fredsforkjempe kvinne som på den tiden var ukjent for de aller fleste. Nydelig at du tok med mamma. Takk Jens. Hun lever fortsatt i våre hjerter og var en pioneer på de fleste områder. Hilsen Brita's yngste datter, Solveig

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...