lørdag 11. juni 2011

Dei kristne i Somalia

0,05% av befolkninga i Somalia er kristne. Å bli kristen i dette landet er for mange å skriva under på sin eigen dødsdom. Det siste året har me fått melding om mange direkte avrettingar av truande Jesusvener, og sidan landet er i fullstendig oppløysing, er det ikkje noko fungerande rettsvesen. Her er det klanveldet som rår. Mange kristne har flykta frå landet, likeeins mange muslimar, og nokre av dei blir kjent med Jesus der dei kjem. Ein somalisk mann vart nyleg ein kristen i eit land i Søraust-Asia. Han seier: "Eg bryr meg ikkje om kva som skjer med meg. Eg vil ofra livet mitt for Jesus Kristus, og eg vonar at du som er min bror og ni søster i Jesus Kristus, vil be for meg og for landet mitt om at Jesus må ta bort blindskapen og lidinga til det somaliske folket."

Herre Jesus! Me takkar deg for alle somaliarar som tek imot deg og blir kristne. Me skjønar at dei meiner alvor på ein måte som få andre gjer det. Gje desse menneska ein heil spesiell nåde til å nå fram til sitt eige folk med din kjærleik og med nåden i Jesus Kristus. Rekk ut di mektige hand for å berga og byggja di kyrkje i landet. Bryt djevelens forferdelege makt over Somalia og somaliarar, byd han om å sleppa taket i dette vakre og høgreiste folket, for dei tilhøyrer deg, du som skapte dei og forløyste dei med ditt eige blod. Lat oss få sjå skarar av dei vandra inn i fridomslandet, og gje di kyrkje og dine vener eit mektig vern mot mørkers makter som herjar på Afrikas horn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...