lørdag 11. juni 2011

Bhotia i Nepal

Det er 107 000 bhotia i Nepal. Dei er eit Sherpafolk (Sherpa = folket frå aust) som hjelper vestlege rikfolk til å nå Mount Everest og andre høge toppar i landet. Nr 2 på Everest var sherpaen Tenzing. Dei er svært godlynte menneske. Religion: buddhisme med sterk innblanding av animisme. Språk: Sherpa. Det er desse menneska som kjem til Noreg for å laga trapper i fjellsidene våre. Dei fekk si første bibeloversetting gjennom Wycliffe og SIL for to år sidan.

Herre Jesus! I dag tek skamma oss. Så mange frå det "kristne" Noreg reiser til Nepal og får hjelp av bothiafolket til å nå toppar dei siktar mot, men ingen kristne reiser til Nepal for å hjelpa bothiane til å nå deg, du som er den høgste av alle toppar. Gode, gode Gud, må din kjærleik for folkeslaga gripa oss på ein slik måte at me ikkje synest det er greit i det heile tatt at det finst mennesker i verda som kjenner til Coca Cola, men ikkje deg, du som har det namnet som er over alle andre namn. Miskunna deg over bothia, dette vakre og generøse fjellfolket, send dine tenarar til dei med all den nåde og kraft du har gjeve di kyrkje på jorda slik at dei kan få borgarskap i himmelen, fridom og evig liv. Takk for den nye bibeloversettinga på sherpaspråket, og meg ber i Jesu namn at denne skal bli lest og ha sin sterke forvandlande verknad på dette folket. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...